Visste du at alle artikler i denne wikien er under kontinuerlig utvikling?
Er det noe du ønsker å skrive om eller omskrive? Registrer deg som bruker og bli med på laget!
Har du mindre korrigeringer eller supplerende opplysninger? Ta kontakt med oss på Norsk lokalhistorisk institutt!

Laurits Kronen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Laurits (Lauritz) Kronen (fødd 21. september 1880 i Jostedalen, død 4 mai 1967 i Modum) var lærar. Han var son av gardbrukar Tøger Larsson Kronen (1843-1909) og Maria Larsdotter (1853-1908).

Lauritz Kronen gjekk Sogndal folkehøgskule og deretter Elverum lærerskole der han tok lærareksamen i 1903. Same året vart han tilsett som lærar i Jostedalen. Frå 1908 var han lærar i Oppdal, men i 1911 kom han og Anna attende til Jostedalen der han no arbeidde som lærar til 1919. Då gjekk turen fyrst attende til Sør-Trøndelag der Lauritz var lærar og kykjesongar i Rennebu før han vart lærar på Snarum og seinare på Vikersund i Modum i 1921. Ekteparet slo seg ned på garden Jonsrud. Dei overdrog garden til yngste sonen, Karl Lage, i 1939, bygde huset Fagerheim på tomt utskild frå garden og flytte dit. Her budde dei livet ut.

I arveoppgjeret etter foreldra Tøger og Maria fekk eldstesonen Lars heile farsgarden Kruna, men han selde vidare til i 1911 til svogeren Peder Pederson Grov. Lauritz tok så Kruna på odel (skøyte 26. september 1912), og han og Anna dreiv garden så lenge dei budde i Jostedalen. Eldstsonen Lars gjev i boka Indtryk og minder ei lite flatterande skildring av faren og oppveksten på Kruna.

Lauritz Kronen var engasjert i målsaka og sentral i målarbeidet i Jostedalen dei to periodane han budde i bygda. Han var styremedlem i Jostedal mållag frå skipinga i november 1906. Han var truleg òg forfattaren av eit avisinnlegg om folkerøystinga om unionsoppløysinga i Jostedalen i 1905.[1] Han var dessutan aktiv i Venstre og fråhaldsrørsla.

Lauritz og Anna fekk i alt elleve born. Berre ni av dei, tre søner og seks døtre, vaks opp.

Notar

  1. 1905 i Jostedalen (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • Lauritz Kronen i folketelling 1910 for Oppdal herred fra Digitalarkivet
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk Stavanger: Dreyer, s. 721
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 823-25. Digital utgavebokhylla.no
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)
  • Kronen, Lars T. (1923). Indtryk og minder. Fra 28-aars reiseliv i 20 forskjellige land. Kristiania: Eget forlag. (Digital utgåve, Jostedal historielag)

Eksterne lenkjer