Lavleen Kaur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lavleen Kaur.
Foto: Kristian Hunskar

Lavleen Kaur (f. 1976) er ein samfunnsvitar og scenekunstnar frå Oslo. Ho voks opp i det norske sikh-miljøet som dotter av eit ektepar som kom til Noreg frå India tidlig i 1970-åra. I tillegg til hovudfaget i kriminologi frå Universitetet i Oslo har ho ein grad i klassisk indisk dans frå London. På den kunstnarlige sida er ho særlig kjent for å ha spela hovudroller i tverrkulturelle versjonar av skodespela Fruen fra havet, Et dukkehjem og Hedda Gabler under Ibsen-året i 2006, men ho har òg blant anna arbeidd i NRK-serien Migrapolis og vore kunstnarlig ansvarlig for Indian Welfare Society of Norway (IWS). I IWS sette ho blant anna opp eit skodespel basert på boka Hīr Rāndjā[1] — ein diktversjon av ei av dei fire store romantiske segnene på panjabi skriven av Waris Shah i 1766.[2]

For tida (2009) er Lavleen Kaur engasjert som doktorgradsstipendiat ved CULCOM-prosjektet ved Universitetet i Oslo med prosjektet The Others. Selvforståelser og lojaliteter i kjølvannet av politiske konflikter over tre generasjoner: Synet på “den andre” etter at krigen er over, som dreier seg om korleis India-Pakistan-konflikten utviklar seg over tid i India og Pakistan på den eine sida og i innvandrarmiljøet i Noreg på den andre.

Verk

Bibliografi

  • 1999 - Arrangert ekteskap : tvang eller kultur?. Oslo, 1999. (Mellomfagsoppgave i kriminologi - Universitetet i Oslo, 1999) [1]
  • 2004 - “Den uskyldige part...” : erfaringer fra det arrangerte ekteskap når forutsetningene endrer seg. Oslo, 2004. (Selvalgt essay i kriminologi hovedfag - Universitetet i Oslo, 2004)
  • 2004 - Frihetens pris på godt og vondt : relasjoner til primære miljøer, etter et utradisjonelt ekteskapsvalg i det flerkulturelle Norge. Oslo, 2004. (Hovedfagsoppgave i kriminologi - Universitetet i Oslo, 2004.) [2]

Teatervirke

Fotnotar

Kjelder og litteratur