Leirdøla kraftverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leirdøla kraftverk med dam, bekkeinntak og avlaupstunnel

Leirdøla kraftverk er eit vasskraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det vart bygt under Leirdølautbygginga og starta produksjonen i 1978. Kraftverket ligg i Jostedalen 5 km nord for Gaupne, 420 meter inne i fjellet ved Fonndøla.

Kraftverket utnyttar fallet frå magasinet i Tunsbergdalsvatnet i Leirdalen, ein sidedal på vestsida av Jostedalen. Tunsbergdalsvatnet er regulert mellom 440 og 478 m.o.h. I tillegg vert vatnet i Fonndøla og Nystølselvi ført rett inn på tillaupstunnelen til kraftstasjonen. Desse to bekkeinntaka utgjer ca 11 % av nedbørsfeltet til kraftverket, resten går i Tunsbergdalsmagasinet. Tunnelen frå magasinet til kraftstasjonen er ca 4,5 km, og kraftstasjonen ligg nokre få meter over havet. Vatnet vert ført ut gjennom ein avlaupstunnel som er felles med Jostedal kraftverk og endar i eit djupvassutslepp i Gaupnefjorden.

Nedbørsfeltet til kraftverket er på 154,2 km2 og utgjer ca 18 % av det samla nedbørsfeltet til Jostedalsvassdraget. Ein stor del av nedbørsfeltet er brear, noko som sikrar tilsig heile året. Den største brearmen på Jostedalsbreen, Tunsbergdalsbreen, ligg i nedbørsfeltet.

Kraftverket har ein francisturibin med ein installert effekt på 110 MW, og den gjennomsnittlege årsproduksjonen er på 451 GWh. Tunsbergdalsmagasinet har ein lagringskapasitet på 40 % av årleg tilsig. Det vil seie at ca 47 % av kraftproduksjonen må skje på sommaren for å få utnytta tilsiget.

Statkraft eig 65 % av produksjonen i kraftverket medan Sogn og Fjordane Energi AS eig 35 %. Kraftverket vert styrt frå Statkraft sin driftssentral i Gaupne.

Kjelder

  • Overføring av Vestsideelvane og heving av Tunsbergdalsdammen. Konsesjonssøknad med prosjektrapport og KU, Statkraft 12.4.2011 (Digital utgåve, NVE)