Lesja kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesja kyrkje kring 1910.
Foto: Hans Joramo

Lesja kyrkje er hovudkyrkje i Lesja prestegjeld og ligg på ein haug sentralt i bygda. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot Lesjavatnet. Kyrkje er soknekyrkja for Lesja sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Lesje prestegjeld.

Det kan ha vore ein førkristen kultstad i området her, for Prestgarden ligg like nedafor den noverande kyrkja og like nord (vest) for den gamle kyrkjestaden.

Byggmeister for den nye kyrkja var Ola Fredriksson frå Nistugu Sør-Hole i Lesja (ca 1711-1769), og ho vart dekorert av den landskjende treskjeraren Jakob Bersveinsson Klukkstad opphavleg frå Lom. Han kom til Lesja for å skjere preikestol kring 1742, og er rekna som den som skapte den nye akantusskurden i Gudbrandsdalen. Prekestolen var han ferdig med i 1745. Betalinga var 40 riksdalar. Samstundes starta bygginga av den nye kyrkja, og Jakob fekk oppdraget med å skjere altartavla. Den var han neppe ferdig med før nokre år etter kyrkja var vigsla – han fekk i alle fall ikkje betalinga, 35 dalar, før i 1766. Jakob skar også korskiljedekorasjonane i kyrkja.

Preikestolen vart måla i 1783 av sonen til Jakob, Erland Jakobsson Klukkstad.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Tårnet på kyrkja skal ha vore reparert sist i 1830-åra, men alt i tiåret etter kom spørsmålet om meir omfattande omvøling av kyrkja opp i Lesja heradsstyre. Etter ein visitas i 1845 fremja prosten eit strengt krav til formannskapet om at kyrkja måtte reparerast. Det vart nedsett byggjenemnd, men det ser ikkje ut til at det vart gjort særleg, for presten kravde gang på gang at noko måtte gjerast. Ei synfaring i 1862 påpeikte at tårnet ikkje var trygt, og både tak og golv trong reparasjon. I 1869 søkte formannskapet om å få senke eller ta ned tårnet.

Det vart nok gjennomført nokre reparasjonar, for det er ikkje meir å finne om kyrkja i kommunale dokument før i 1895, da det vart halde eit soknemøte som vedtok at kyrkja skulle stå der ho står og omvølast. Opplegget for omvølinga skapte strid i bygda, og førte til at mest heile heradsstyret vart skifta ut i 1901.

Omvølinga vart utført av byggmeister Sylte frå Tresfjorden, men bygdefolket var ikkje nøgde. Forfattarane av boka Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna (1949) kallar denne omvølinga «kyrkjeplynding»: kyrkjestolane vart fjerna, det var sett inn noko dei kalla «hagestolar» (sjå bilde), ny himling utan fyll over, store vindauga og «omnar med lange stygge røyr» vart innsett. Dessutan vart kyrkja, som før hadde vore mørkbeisa slik tradisjonen i dalen er, kvitmåla. I åra 1925-32 vart mykje av arbeidet gjort opp att og attendeført til ein kostnad for kommunen på kr 26.958 medrekna kr 1.100 til arkitekt Heinrich Jürgensen. Ragnvald Einbu stod for ny innvendig dekor, m.a. dørene langs benkeradene der han malte fyllingene med akantus, og fire store takmalerier i midtrommet.

I 1991 vurderte soknerådet på nytt at det var trong for omfattande omvøling. Kommunen nedsette plan- og byggjenemnd som gjekk grundig igjennom både grunnforholda og tårnkonstruksjonen, og i 1993 starta arbeidet opp. Det måtte gjerast arbeid både inn- og utvendig. Golvåsane og veggstokkane låg dels på bakken, dels på dårleg opplagte steinrøyser. Arbeidet vart fullført i 1999 til ein samla kostnad på ca 1,75 mill. kr.

Bilde

Litteratur

  • Engen, Arnfinn 1999: Jakob Bersveinson Klukstad og innreiinga i Lesjakyrkja. I Lesja kyrkje 1750-2000. Lesja Sokneråd s. 21-28.
  • Hole, Helge Kåre 1999: Restaureringa av Lesja kyrkje. I Lesja kyrkje 1750-2000. Lesja Sokneråd s. 69-72
  • Nørstegård, Tor 2008: Ragnvald Einbu. Multikunstner og bestefar, s. 62-66.
  • Rønningen, Gunnar 1999: Lesja kirke - et monument over 1700-tallets byggeskikk. I Lesja kyrkje 1750-2000. Lesja Sokneråd s. 13-20
  • Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna s. 88-95

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.11187° N 8.854° Ø