Lom og Skjåk realskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Marlo skule i Skjåk under oppføring. Her heldt realskulen til frå 1935 til 1940.
Foto: Kristian Stakston (1924).

Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.)

Namnet

Skulen vart vart sett i gang som Skjåk private millomskule hausten 1935, og skifta etter kort tid namn til Lom og Skjåk private mellomskule.

Også som privatskule vart «millomskulen» innretta etter Lov om høiere almenskoler av 1935. I følgje denne lova omfatta den høgare ålmennskulen to skuleslag: realskule og gymnas. Iallfall frå hausten 1939, same året som lova for alvor vart sett i verk, er skulen i Skjåk omtala i avisene nettopp som realskule. «Millomskule» i namnet var ein leivning etter den gamle skuleordninga (middelskole).

Det er uvisst når Lom og Skjåk realskule vart det offisielle namnet, truleg var det under eller snart etter krigen. Skulen er oppført i statskalenderen frå 1950. Der har han det fyrste året namnet «Lom og Sjåk [sic!] skole». Frå og med 1951 til og med 1965 er innførsla «Lom og Skjåk kommunale høgre allmenskole», men dette er truleg berre styresmaktenes måte å plassere skulen på i systemet, ikkje nødvendigvis skulens eige offisielle namn. Frå og med 1966 står det også i statskalenderen Lom og Skjåk realskule.

Skulens plass i utdanningssystemet

Lom og Skjåk realskule var frå starten av eit toårig tilbod som bygde på sjuårig folkeskule og eitt års framhaldsskule. Lenge var det også opptaksprøver for å kome inn. Frå andre halvparten av 1950-åra (1956?) vart tilbodet utvida med eit tredje år. På den tida byrja dei fleste elevane på realskulen direkte etter endt folkeskule (utan framhaldsskule).

Eksamen frå realskulen kvalifiserte til opptak i gymnaset. For somme vart realskulen springbrett til handelsskule eller anna fagutdanning. Atter andre tok realskulen som si avsluttande utdanning, særleg etter at den vart treårig. Realskulen gav utvida kunnskapar i allmennfaga, inklusive tysk og engelsk, og dertil slikt som bokføring og husstell med rekneskapslære tredje året. Ein stod dermed betre kvalifisert for stillingar i funksjonærsjiktet i offentleg og privat sektor.

Skulen fekk ikkje eksamensrett før i 1950. Til da gjekk elevane opp som privatistar ved Hamar katedralskole. Fram til 1940 reiste elevane til Hamar for å ta eksamen, frå da av (krigsvåren 1940) kom sensorane oppover.

Privatskulen i Skjåk

Oppstarten

Det er ikkje heilt på det reine kven som tok initiativet til tiltaket. Blant dei mest sentrale pådrivarane var iallfall lærar Kristian Gerhard Wågen og heradskasserar løytnant Bjarne Marstein. Marstein står som underskrivar under ein søknad om støtte frå kommunen i oktober 1935. Wågen, som hadde byrja som lærar i Skjåk i 1919, hadde hausten 1934 vendt attende til bygda etter fleire år utanbygds og i Amerika. Det blir fortalt at framståande folk i bygda – Ola Aanstad og Per Stensgård blir nemnde - hadde teke intiativ til å få Wågen til Skjåk att, nettopp med det føremålet å styrke skuletilbodet der. Wågen skal i følgje same kjelde ha gått gjennom siste års eksamensresultat frå folkeskulane i Lom og Skjåk og personleg oppmoda dei flinkaste til å søkje om opptak på den nye skulen.[1].

Skulepengar og offentlege tilskot

Frå starten sytte Skjåk kommune for gratis rom i Marlo skulehus, inklusive ljos, brensel og reinhald. Kommunen støtta også på andre måtar opp om tiltaket. Alt frå fyrste året løyvde kommumestyret midlar til to friplassar for «eigelaus gåverik ungdom», ein for Nordberg og ein for hovudsoknet. I søknaden om dette til heradsstyret blir det opplyst at ein friplass ville koste om lag kr. 200. Ved oppstarten det andre året gav lærarane ved skulen ein friplass i tillegg til dei to kommunale.[2]

Elevane elles betalte skulepengar, i følgje ei minneoppteikning kr. 25,- i månaden i byrjinga.[3] På eit tidspunkt under krigen, da skulen var flytta til Lom, vart kommunane samde om at elevar frå Skjåk skulle betale 15 kroner månaden i skulepengar og 20 kroner i månaden for skulebussen, medan lomselevane skulle betale same samla sum på kroner 35, men da med heile summen som skulepengar.[4]

Ordninga med skulepengar heldt fram også etter at realskulen vart kommunal, og heilt til skulen vart avløyst av den obligatoriske niårige ungdomsskulen. Ein elev frå det siste kullet meiner å hugse at skulepengane på det tidspunktet var kr. 200 årleg,[5] medan andre meiner det var ein god del høgare.

Det er ikkje på det reine kor vidt skulen heilt frå fyrst av mottok tilskot frå det offentlege til lærarlønningar, men det må i alle høve kome til nokså snart. Skulepengane aleine må ha vore i knappaste laget til føremålet.

Skuleråd, styrar og lærarar ved «millomskulen»

Det var oppretta eit råd for skulen, som bestod av Bjarne Marstein, sokneprest Nils Andberg, lærar Thorstein Eggum, lærar Olav Austin og K. Grimstad (Lom). Eggum og Austin var oppnemnde av Skjåk kommune, dei andre var foreldrevalde. Frå fyrst av var Marstein formann, sidan var det Andberg.[6]

Styrar var frå byrjinga av cand. theol. Johannes Rudsar frå Lom. Han heldt fram til og med skuleåret 1936-1937. Tryggve Fitje var så styrar 1937-1939. Han hadde artium, men ikkje embetseksamen på det tidspunktet. Frå 1939 av vart Alfred Gjengedal frå Hyen i Nordfjord tilsett. Han hadde i likskap med Rudsar med teologisk embetseksamen. Gjengedal heldt fram som styrar også etter at skulen vart omgjort til offentleg realskule, og var det så lenge skulen var i verksemd.

Frå byrjinga av hadde skulestyrar Rudsar sjølv undervisning i norsk, engelsk og historie. Frå 1936 vart cand.theol. Hans Kvåle tilsett som andrelærar. Han underviste i tysk og matematikk. Dei andre var tilsette på timebasis og som hjelpelærarar, ingen av dei med embetseksamen: Folkeskulelærar Kristian Gerhard Wågen (matematikk og geografi), småbrukslærar Thorstein Treholt (naturfag), biletkunstnar Borghild Brenna (teikning), byggmeister Amund I. Odden (sløyd) og løytnant Bjarne Marstein (gymnastikk). Seinare er i tillegg følgjande nemnde som lærarar ved skulen: stud. philol. Alvhild Lund (matematikk og tysk), Lars Ekre (historie, tysk og norsk), kontrollassistent Knut Dagestad (naturfag), Tryggve Fitje (fag?) og Gudrun Ødegaard (handarbeid).

Dei fyrste kulla

Av det fyrste kullet var det i følgje avisene ni elevar som tok avsluttande eksamen sommaren 1937.[7] Det var Olav Blikken, John Moen, Tordis Semmingsen, Gerd Wågen og Gudrun Åndheim frå Skjåk, Olav Haugen, Beate Juland, Olav Munngjel og Odd G. Sulheim frå Lom. Kullet var i følgje avisreportasjen det beste som tok eksamen på Hamar det året.

13 elevar hadde gjennomført fyrste året, altså dei som utgjorde skulens andre kull. Det tredje kullet tok til hausten 1938 med 14 elevar.[8])

Krigsvåren

I mai 1940 rekvirerte tyskarane Marlo skulehus. Realskulen fekk da provisoriske lokale i Gjeilo skulehus. Berre sju elevar skal ha fullført eksamen det året (skulens fjerde kull), alle frå Skjåk. Dei hadde skriftleg eksamen i bedehuset i Skjåk, og munnleg i kommunehuset i Marlo.

Realskulen i Lom

Samarbeid mellom bygdene

Frå hausten 1940 tok skulen til att, nå i Lom. Planen var at den i framtida skulle ambulere med to år i Lom og to år i Skjåk, men skulen vart verande permanent i Lom.

I namnet var skulen framleis privat. Men reelt sett var kommunane sterkt engasjerte, og Skjåk kommune hadde vore det alt sidan starten i 1935.

Lom skulestyre tok i januar 1939 eit initiativ for å få til ein felles realskule for heile Ottadalen (Skjåk, Lom og Vågå).[9] Eit års tid etter (januar 1940) oppmoda lærarane og styrarane ved framhaldsskulen og realskulen Skjåk kommune om å slutte seg til ei nemnd som Lom hadde nedsett for saman med Vågå å få oppretta ein statsrealskule for Ottadalen.[10] Det kom ikkje noko ut av dette. Men eit par månaders tid etterpå (mars 1940) vedtok skulestyra i Lom og Skjåk ein plan for kombinert framhalds- og realskule for dei to bygdene. Han skulle ambulere, to år om gongen på kvar stad.[11] Planane vart nok skipla av krigsutbrotet og okkupasjonen.

I mars 1941 tok styret for realskulen opp att tanken om ein interkommunal toårig realskule for Ottadalen, «bygt på Lom og Skjåk private realskole», som det heiter i avisreferatet.[12] Styret hadde vendt seg til skulestyra i Skjåk, Lom og Vågå i saka. Det som til slutt kom ut av drøftingane, var at Lom og Skjåk realskule fekk permanent tilhald i Lom.

Vågå hadde elevar ved skulen og støtta på ulike vis opp, men vart aldri samarbeidspartnar på linje med Lom og Skjåk. I Vågå var det private realskuleklasser både før, under og etter krigen, og dei kunne også vende seg nedover til Otta interkommunale realskule. Det er mangelfulle og jamvel litt motstridande opplysningar om Vågå si rolle i dette i det kjeldematerialet som har vore for handa. I ei 60-årsomtale av styrar Gjengedal (1964) blir det nemnt at han gledde seg over at Vågå kom med i samarbeidet om Lom og Skjåk realskule frå 1942/43. I bygdeboka for Vågå er det på den andre sida fastslege at «først i 1952 vart Vågå invitert til å delta som partnar i Lom og Skjåk Realskule».[13]

Når vart realskulen (inter)kommunal?

Det framgår ikkje klårt av dei kjeldene som er gjennomgått kva status skulen faktisk hadde – privat eller offentleg - dei næraste åra etter at han vart fast i Lom. Det er heller ikkje klårlagt kven som var den ansvarleg eigaren i privatskuletida. Formelt sett kan det knapt ha vore nokon annan enn styraren, eventuelt med kommunen/kommunane og/eller andre medeigarar.

Frå og med at skulen er oppført i statskalenderen frå 1950, er det klårt at det dreiar seg om ein offentleg, interkommunal institusjon. Og ein kan slå fast at skulen har hatt eit sterkt kommunalt preg heilt frå starten av i Skjåk i 1935, i og med at kommunen stod for lokale og finansierte friplassar, men derimot ikkje lærarløn.

Lærarar i Lom

Alfred Gjengedal heldt fram som styrar heilt til skulen opphøyrde i 1968. Av lektorar og andre lærarar ved skulen under og etter krigen, er desse namna kjende: cand. real Loella Maria Nilzén (1942-1959), Eirik Sundli og Marit Berge Sundli (båe underviste ved gymnasklassen under krigen, og flytta sidan til Eidsvoll), cand. philol. Pål Håve (1949-?), cand. mag. Odd Thorstensen (1953-?), cand. mag. Jon Kolden (konstituert 1955, fast tilsett 1960-1968, heldt fram som styrar for den nye ungdomsskulen), cand. mag. Karl Hilmar Jansen (konstituert 1956-), lærar Jørn Bakken (1958-?), cand. mag. Ragna Klæbo (1957-?), Floden, Melsæther, Ragnar Sevilhaug, fru Sevilhaug, Roar Ås, Ola Tjønneland, Tore Teigen, Gerda Teigen, Solveig Kolden, fru Graff, Sverre Okkenhaug, fru Okkenhaug, Dagny Skjåk Dalen..

Grønruss

På 1950- og 1960-talet feira avgangsklassene avslutta skulegang som «grønruss». Det tok truleg til i fyrste halvparten av 1950-talet. Fleire frå kullet frå 1955 kan iallfall fortelje at dei var russ.[14] Sidan vart det tradisjon med russerevy. Natt til 17. mai køyrde grønrussen rundt i bygdene og hengde opp plakatar med humoristiske, gjerne sterkt sarkastiske kommentarar til folk og forhold i samtida. Også ein skuletur vart gjerne gjennomført siste året. Grønrussen 1955 var til dømes i Oslo. Seinare var København fleire gonger reisemålet.

Gymnasklasse under krigen

Tilknytta realskulen i Lom vart det i 1943 også sett i gang eit toårig gymnasopplegg. Det tok til med ei klasse på 9-11 elevar. Frå fyrst av heldt dei til i lokale som Lom og Skjåk sparebank stilte til disposisjon i påvente av ledige klasserom på Loar.

Elevane tok eksamen artium som privatistar. Rektor var felles for gymnaset og realskulen (Gjengedal), og lektorstaben var venteleg også overlappande ved dei to skuletrinna.

Gymnasklassa vart avvikla i 1945. Det andre kullet som hadde byrja hausten 1944, måtte fullføre gymnaset på annan stad, dei fleste på Eidsvoll landsgymnas. Det vart uaktuelt å starte gymnasundervisning på nytt i Lom, da planane for Gudbrandsdal landsgymnasVinstra var ved å bli realisert (1946).

Referansar

  1. Teigum, A. 2006
  2. Laagen 8.9.1936
  3. Teigum, A. 2006.
  4. Teigum, A. 2006.
  5. Laingen, Rolv B. munnleg opplysning 3.6.2011.
  6. Gudbrd. 15.10.1935, 26.10.1935, 31.10.1935
  7. Laagen 22.6.1937 og 3.7.1937
  8. Laagen 9.9.1938
  9. Dagningen 23.1.1939
  10. Laagen 27.1.1940
  11. Laagen18.3.1940
  12. Laagen 29.3.1941
  13. Teigum, I. 2007, side 225.
  14. Munnleg opplysning frå Audun Gjengedal til Hans P. Hosar sommaren 2011.

Kjelder og litteratur

  • Dagningen 22.7.1939
  • Gudbrandsdølen 15.10.1935, 26.10.1935, 3.7.1937
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom, bind 3.
  • Laagen 8.9.1936, 9.9.1938
  • Ekrheim, Helga Sverdrup, Olav Ekrheim og Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister (andre utgave), Stavanger 1950. Digital versjonNettbiblioteket
  • Steinbakke, Torstein: «Skulestellet i Skjåk», i Skjåk . Utgjeve i høve bygdajubileet 1966, Skjåk kommune 1966
  • Teigum, Amund: Notat om historia til mellomskulen og gymnaset i Lom og Skjåk, 2006, kopi i bygdebokarkivet.
  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel. Band 3: Vågå på 1900-talet. Sel kommune og Vågå kommune 20xx.
  • Wågen, Erling: Anna Julie – min mor. 2003. Livsminne, mangfaldiggjort og distribuert til familie og andre interesserte.