Lydia Olsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Lydiabrygga.
Fotograf: Zahl

Lydia Olsrud (gift Lydia Olsrud Norland) (fødd 11. desember 1884, daud 18. mai 1983) var forretningskvinne i Mosjøen frå 1927 og til omkring 1980, og gjennom det meste av tida var ho kioskeigar.

Innhold

Familie

Lydia Olsrud vart fødd utanfor ekteskap og vaks opp på garden Olsrud i Grane. Foreldra var Kristine Lovise Jensdotter og Svein Erik Davidsson, ein svensk skreddar som var kommen til distriktet grunna sølvgruvedrifta i Svenningdalen. Gjennom faren var ho halvsyster til forfattaren Andreas Haukland.

I 1930 vart ho gift med stavangermannen Harald Norland. Han døydde om vinteren 1945.

Vaksenliv og virke

Som nykonfirmert 15-åring fekk ho teneste hos sokneprest Ole Tobias Olsen i Hattfjelldal, og sidan flytta ho nedover til Mosjøen og fekk arbeid i forretning. I 1907 var ho med på å stifte Øvre Vefsn Ungdomslag, og ei tid var ho kasserar i laget.

I 1927 opna ho eiga forretning, og i same året kjøpte ho eigne lokale der ho selde tobakk, frukt, grønsaker og sjokolade. Somme år etter Andre verdskrigen vart lokala rivne, men då hadde ho alt kjøpt ein kiosk i Strandgata, som fram til han brann i 1976 var kjend som Lydiakiosken.

Lydiabrygga, som vart eit førebilete for restaureringsarbeidet i Sjøgata, var det lenge Lydia Olsrud som åtte.

I vår tid har næringsdrivande i Vefsn halde Lydia fram som eit førebilete for både kvinner og menn.[trenger referanse]

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Utgåande lenker


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lydia Olsrud» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy