Målparagrafen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Viggo Ullmann tok initiativet til målparagrafen som formann i Det Norske Samlaget og fekk framlegget gjennom som parlamentarisk leiar og stortingspresident for Venstre.

Målparagrafen var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Hovudprinsippa gjeld framleis og er i dag ein del av opplæringslova. Lovendringa som Stortinget vedtok i 1892, var ei konkretisering av jamstellingsvedtaket frå 1885, og det var eit avgjerande vedtak når det galdt å gjera nynorsk til offisielt jamstelt skriftspråk og bruksspråk i det norske samfunnet.

Ordlyden

Paragraf 73 i Lov om Folkeskolerne paa Landet (landsskulelova) lydde frå 1892 slik:

Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet.

I de blandede Sprogdistrikter i Tromsø Stift kan Kirke- og Undervisningsdepartementet efter Forslag af Skolestyret, og efterat Overtilsynet har havt Anledning til at udtale sig, bestemme at børnene kun skal lære at læse ét af de førnevnte Maal, samt at Lappisk og Kvænsk kan benyttes som Hjælpesprog ved Undervisningen, og at der kan anvendes Læse- og Lærebøger med lappisk eller kvænsk Text ved Siden af den norske.

Paragraf 64 i Lov om Folkeskolerne i Kjøbstæderne (byskulelova) fekk same ordlyd.

Bakgrunn

Målrørsla hadde sidan 1870-åra arbeidd for at det skulle bli mogleg å bruka nynorsk (landsmål) i skulen. Eit fyrste steg var vedtaket i 1878 om at "Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal." Etter dette måtte læraren retta seg etter dialekten til elevane.

Jamstellingsvedtaket i 1885 gjorde i prinsippet nynorsk til offisielt språk i skule- og styringsverket. Det vart opp til Johan Sverdrups skulekommisjon (nedsett november 1885) som skulle utarbeida nye folkeskulelover, å implementera dette i lovverket. Det nynorskvenlege fleirtalet i kommisjonen kom med eit framlegg til målparagraf, men då folkeskulelovene vart vedtekne i juni 1889, gjorde fråfallet i Venstre at framlegget ikkje fekk fleirtal. Fyrste avsnitt i paragrafen sa difor berre at "Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog".

Vedtaket 1892

Etter Venstre sin valsiger i 1891 tok partiet opp att saka, og våren 1892 vart målparagrafen vedteken av Venstre-fleirtalet i Stortinget. Odelstinget gjorde lovvedtaket med 64 mot 21 røyster 27. mai, og kongen sanksjonerte endringa 6. juli.

Nøkkelpersonane bak lovendringa var Viggo Ullmann og Vilhelm Andreas Wexelsen. Ullmann var formann i Det Norske Samlaget, som formelt tok initiativet til lovendringa gjennom eit brev i februar 1892. I Stortinget var Ullmann stortingspresident og parlamentarisk leiar. Wexelsen var kyrkje- og undervisningsminister, og han tok over som formann i Det Norske Samlaget etter Ullmann i 1894.

Den nye paragrafen vart identisk med framlegget frå skulelovkommisjonen som ikkje hadde vorte vedteke i 1889. Unntaket var at siste setning i fyrste avsnitt i kommisjonen sitt framlegg var stroken. Den lydde: "Er denne sidste [kredsens erklæring] afgivet med to Trediedele af de Mødende Stemmer, skal den af Skolestyret tages tilfølge." Denne setninga var med i framlegget frå Det Norske Samlaget, men vart altså stroken i Stortinget. Folkerøystingane i skulekrinsane vart dermed berre rådgjevande for skulestyret, ikkje bindande.

Konsekvensar

Målparagrafen førte til at valet mellom nynorsk og bokmål i folkeskulen heilt og fullt vart delegert til lokalsamfunnet. Paragrafen vart eit våpen i hendene på den lokale målrørsla, og fram til 1940-åra vart regelverket brukt til å føra inn nynorsk i over halvparten av dei 5500 skulekrinsane i landet med kring 1/3 av elevane. Etter 1945 har det same regelverket vorte brukt til å røysta inn bokmål att i mange av desse krinsane.

Den fyrste tida opna målparagrafen for separate vedtak om skriftspråk i kvar einskild lærebok og det skriftlege opplæringsmålet. Mange stader ser ein òg at språkskiftet til nynorsk vart ein stegvis prosess. Seinare vart lovverket endra slik at ein måtte gjera eitt samla vedtak som både galdt lærebøker og skriftleg opplæringsmål. Sjå meir om praktiseringa av regelverket og korleis språkskiftet kan studerast i Hjelp:Lokal språkstrid.

Freistnad på omkamp

riksmålsrørsla vart organisert hausten 1899, var fjerninga av målparagrafen eit hovudkrav. Riksmålsrørsla og Høgre arbeidde for dette fram til ca 1910, men fekk lite støtte for kravet i Stortinget og gjekk over til å arbeida for ei endring av målparagrafen, ikkje ei fjerning han. Det sentrale riksmålkravet i den store striden om skulelovene i 1915 var at opplæringsmålet i ein kommune skulle avgjerast gjennom ei samla folkerøysting for heile kommunen, ikkje krinsvise røystingar, og skulestyret skulle ikkje ha noko med saka å gjera. Dette framlegget fekk heller ikkje fleirtal.

Seinare endringar

Hovudprinsippa har vorte ståande fram til i dag, men med nokre endringar. Etter fleire års strid om målparagrafen og fleire endringar, vedtok Stortinget i desember 1917 ein versjon som kom til å bli ståande i mange år.

Her vart det for det fyrste fastslege at elevane skulle kunne bruka sitt heimlege talemål og at læraren skulle tilpassa talemålet sitt til elevane, altså ei lovfesting av stortingsvedtaket frå 1878 om at undervisninga skulle føregå på talemålet til elevane. Det vart vidare fastslege, som i 1892, at elevane skulle lesa både nynorsk og bokmål, og at lesebøkene måtte innehalda stoff på båe mål. For det tredje vart det som i 1892 fastslege at skulestyret fastset for kvar einskild skule både kva mål dei skriftlege arbeida til elevane skal skrivast på og kva lesebok og abc som skal nyttast i skulen. Det vart elles opp til foreldra kva mål kvar einskild lærebok skulle vera på. Ordninga med folkerøystingar vart vidareført, men innskjerpa slik at eit kvalifisert fleirtal no fekk høve til å binda skulestyret. Dersom eit fleirtal av dei røysteføre røysta for eitt alternativ, var det bindande for skulestyret. Dersom minst 2/3 av dei røysteføre deltok i røystinga, var òg fleirtalet i røystinga bindande for skulestyret. Nytt var òg høvet til å skipa språklege parallellklassar (sjå nedanfor).

Endringane 1912-17 skjedde innanfor folkeskulelovene frå 1889, men ein identisk målparagraf vart vidareført i dei nye skulelovene i 1936 - ”Lov um folkeskulen på landet” (§ 66) og ”Lov om folkeskolen i kjøpstædene” (§ 60).

Reglane vart òg i all hovudsak ført vidare i "Lov om folkeskolen" i 1959, som var ei sams lov for folkeskulen i byane og på landet. Den viktigaste endringa var at minst 40 % av dei røysteføre no måtte røysta for det eine alternativet for at det skulle vera bindande for skulestyret.

Også i "Lov om grunnskolen" (1969) vart reglane i hovudsak ståande. Den største endringa var at røysteretten vart avgrensa til foreldra til born under 14 år i krinsen. I 1985 vart dette endra tilbake til at alle røysteføre i krinsen fekk røysterett slik det var før 1969, og ein gjekk tilbake til at folkerøstinga berre skulle vera rådgjevande for skulestyret og ikkje under noko omstende bindande.

Desse reglane er vidareførte i opplæringslova (1998) med det unntaket at røysteretten var avgrensa til foreldra i åra 1998-2000.

Parallellklasseordninga

Fram mot fyrste verdskrigen hardna striden om opplæringsmålet til i mange bygder. I Odda kom det opp ein kvass språkstrid frå 1911 i samband med industrialiseringa, og i 1913-14 kom det her til eit kompromiss som skulle få nasjonale følgjer. Folkeskulen i Odda vart frå hausten 1914 delt i ei landsmål- og ei riksmålsavdeling, og foreldra kunne fritt velja kva for klasse borna skulle gå i.

Høvet til å skipa klassar med eit anna opplæringsmål vart lovfest med endringa av målparagrafen i folkeskulelova i desember 1917. Vilkåret var at det var nok elevar til å fylla ein klasse og at det ikkje førte til "nævneværdig større utgifter for kommunen".

I folkeskulelovene av 1936 vart retten til klassedeling formulert slik i punkt 4 i målparagrafen (§ 66 i "Lov um folkeskulen på landet", § 60 i "Lov om folkeskolen i kjøbstædene"):

Brukes samme målform ved alle kommunens skoler, kan foreldre eller forsørgere kreve den annen målform anvendt for sine barn, dersom de har så mange barn av samme årskull at de ved å henvises til samme skole hensiktsmessig kan danne en eller flere klasser.

I "Lov om folkeskolen" (1959) vart det presisert at ein kunne skipa språklege parallellklassar dersom det vart minst 15 elevar både i bokmåls- og nynorskklassen, og med grunnskulelova (1969) vart minstegrensa sett ned til 10 elevar. Dette er vidareført i opplæringslova (1998). Parallellklasseretten galdt i utgangspunktet alle sju årssteg i folkeskulen og frå 1969 årsstega 1-7 i grunnskulen, men for årsstega 4-7 berre for norsktimane. Frå 1985 har parallellklasseretten vore avgrensa til barneskulen, men i hovudsak for alle fag.

Litteratur

  • Stortingsvedtaka: Sjå Ottar Grepstad: Eit språk blir til: 1878|1879|1884|1885|1892|1915|1917|1969|1985 (Allkunne)
  • Gjelsvik, Nikolaus. (1904). Uttyding til § 73, fyrste leden, i lov um folkeskulen paa landet (§ 64 i lov um folkeskulen i kjøpstaderne). Oslo: Maalkassa.
  • Haugland, Kjell. (1985). Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902. Oslo: Samlaget.
  • Hoel, Oddmund Løkensgard. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Støylen, Andreas. (1955). Målparagrafen i folkeskolelovene. Oslo: Noregs boklag.


Spraakskifte.png Målparagrafen er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.