Møre infanteriregiment nr 11 under andre verdenskrig

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Minnestein over dei som fall i kampane i Dovre-området i aprildagane 1940.
Operasjonskart IR 11 22. april.

Møre infanteriregiment nr 11 (forkorta IR 11) kunne som eitt av dei få i Sør-Noreg[1] mobilisere tilnærma normalt i dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Regimentet skulle ved mobilisering sette opp desse avdelingane på Setnesmoen ved Åndalsnes:

  • Feltbataljon I (forkorta bn I) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (kp 4), sjef kaptein Gunnar Juel
  • Feltbataljon II (forkorta bn II) med stabskompani, 3 geværkompani (kp 5, 6 og 7) og 1 mitraljøsekompani (kp 8), sjef kaptein Ivar Navelsaker
  • Landvernbataljon (forkorta lvbn) med stabskompani, 3 landvernkompani (Landvkp 1, 2 og 3) og 1 mitraljøsekompani (Mitrkp), sjef major Einvald Uri

I tillegg fekk regimentet snart tilført ei avdeling som 9. april var oppsett i Trondheim, den såkalla magasinvakta. 23. april melde regimentet til Hærens overkommando at det var sett opp ein ny bataljon av tilleggsmannskap frå IR 11 og Sør-Trøndelag infanteriregiment nr 12 (IR 12). Bataljonen hadde 3 geværkompani og 2 mitraljøsetropper, og major Alf Kjøs fra Oppland infanteriregiment nr 5 (IR 5) var sjef. Denne er seinare omskrive både som feltbataljon III (forkorta bn III) og som 4. (eller IV) bataljon av IR 11. Alle avdelingar er elles òg omskrive med namnet til sjefen (t.d. «bataljon Kjøs», «kompani Sandnes») i samsvar med eldre militær tradisjon.

Av desse avdelingane var bn II den einaste som var samøvd under kommando. Bataljonen hadde vore inne til nøytralitetsvakt på Madla ved Stavanger i ca 2 månader og vart dimittert 1. april. Ved innleveringa vart delar av utrustninga merkt med namnet til dei soldatane som hadde brukt ho slik at ny utlevering skulle kunne skje raskt.

Regimentsstaben under regimentssjefen, oberst David Thue, etablerte 14. april kommandoplass på Horjem og vart verande der heile felttoget.

Operasjonane regimentet var involvert i

Hovudtrekka

IR 11 vart under felttoget involvert i følgjande oppdrag / operasjonar:

  • Vakthald / sikring / flyvarsling i heile fylket, med vekt på kommunikasjonslinene Åndalsnes - Dombås - Hjerkinn
  • Nedkjemping av det tyske fallskjermangrepet mot Dombås 14. april
  • Forsvar mot den tyske framrykkinga i Gudbrandsdalen ved Fåvang - Ringebu og Vinstra
  • Forsvar mot den tyske framrykkinga i Folldalen og over Kvikne mot Ulsberg
  • Sikring av tilbaketrekkinga av engelske og norske styrkar, og demobilisering av sistnemnte, etter nederlaget i Gudbrandsdalen

Bn II vart beordra til Dombås 14. april og kom altså i kamp med tyske fallskjermsoldatar same dag. Lvbn skulle da sikre kommunikasjonane til Horjem, og bn I resten av dalen. Da fallskjermangrepet vart kjent vart bn I beordra til å sende styrkar oppover for å nedkjempe desse. Bn I vart ikkje direkte involvert i den kampen før 17. april, men vart utgruppert på strekninga Horjem - Lesja til sikring. Lvbn overtok 17. april ansvaret opp til Verma, og etter bn I vart avgjeve og beordra til Fåvang og reiste frå Bjorli 21. april fekk lvbn ansvaret for heile strekninga til Lesja. Bn I kjempa ved Fåvang - Ringebu.

Bn II vart sendt til Vinstra og deltok i dei innleiande kampane ved Kvam etter at bn hadde vore med på å nedkjempe fallskjermjegrane på Dombås.

Bn III vart sendt til Dombås 25. april og derfra nordover fjellet der ein mindre del deltok i kamp i Folldalen og hovudstyrken i kampane i Nåverdalen.

Landvernbataljonen (Uri): vakthald i Romsdalen og sikring av engelske styrkar

Landvernbataljonen (lvbn) vart mobilisert etter oppsetningsplanen i løpet av 14. og 15. april og utgruppert på Åndalsnes, Veblungsnes og Hen i Isfjorden med to kompani (begge forsterka med mitr.tropp) for vakthald og forsvar mot sjøen. Resten av bataljonen vart forlagt til vakthald oppover Romsdalen i samsvar med direktiv frå før krigen.

Lvbn var organisert slik:

  • Lvkp 1 (kapt Carolus R. Rørhuus)
  • Lvkp 2 (kapt Olav B. Gran)
  • Lvkp 3 (kapt Kristian O. Lindseth)
  • Lvkp 4 (kapt Bjørn Hauger), med 3 mitraljøsetropper
  • Stabskompani (kapt Chr. F. Grøner)

Lvbn: vakthald og sikring Åndalsnes - Lesja

I utgangspunktet skulle lvbn sikre sjøsida ved Veblungsnes - Åndalsnes og kommunikasjonane oppover dalen til Horjem, og bn I resten av dalen oppover. Etter at bn I vart beordra til å avgje ein styrke til bn II mot fallskjermjegrane sør for Dombås 17. april vart lvbn ansvarsområde utvida oppover til og med Gravdehaugen nedafor Verma. Dette vart lvbn sitt ansvarsområde fram til søndagen 21. april da bn I fekk ordren om å trekkje saman for transport nedover Gudbrandsdalen. Da vart ansvarsområdet utvida til å gjelde til Lesja.

Onsdagen 24. april vart to av mitr.troppane til lvkp 4 disponert til luftvern for britiske fly på flyplassen på Lesjaskogsvatnet.[2]

Torsdagen 25. april skaut ei mitraljøsestilling på Verma ned eit tysk bombefly. Det styrta i Rauma ved Fiva. Flygaren var så skada at han tok livet sitt sjølv og resten av mannskapet vart fanga.

Søndag 28. april vart to lvkp og bn.staben på ordre frå Hærens Overkommando (HOK) sende til Dombås for å delta i forsvaret i det området, men dagen etter vart dei sende attende til tidlegare vaktområde.

Utanom vakthaldet fekk lvbn mange ordrar om å avgje mannskap til arbeidskommandoer for reparasjonar av veg og jernbane etter daglege tyske flyåtak. Særleg i sluttfasen av felttoget vart styrkane hardt pressa.

Horjem skysstasjon, der regimentet hadde hovudkvarter under heile felttoget.

Utgruppering av bn II (Navelsaker) på Dombås 13. april

Mellom anna på grunn av måten innleveringa etter nøytralitetsvakta vart avslutta 1. april var bn II meldt stridsklar allereie 13. april og vart kl 19.30 av HOK beordra til Dombås. Bataljonen marsjerte frå Setnesmoen over Grøttørbrua og lasta opp på Raumabanen. Styrken var framme på Dombås kl 23.00.

Grunnen til at bataljonen vart sendt til Dombås var ikkje at HOK venta tysk fallskjermangrep, men at bn skulle sikre kommunikasjonsknutepunktet mot sabotasje og flybombing, og seinare delta i eit alliert forsøk på å ta att Trondheim.

Bataljonen vart gruppert ut slik:

  • Kp 5 (kapt Olav Sandnes) sør for Dombås stasjon med front nedover dalen
  • Kp 6 (kapt Olav Kavli) og kp 7 (lt Olaf Rypdal) nord og nordvest for stasjonen
  • Kp 8 (lt Mathias Berstad) med 3 mitraljøsetroppar ved stasjonen
  • Bataljonsstaben og stabskompaniet (kapt Petter A. Gausdal) på Dombås turisthotell

Kamp mot dei tyske fallskjermjegrane på Dombås og Dovre 14. - 19. april

Fallskjermjegrar frå FJG1 på Fornebu april 1940
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja
Herbert Schmidt, sjefen for fallskjermjegrane

Søndag 14. april kl 11.00 fekk øvstkommanderande for dei tyske invasjonsstyrkane i Oslo ordre direkte frå Der Führer i Berlin om å sette seg fast på Dombås ved hjelp av fallskjermsoldatar. Hensikten var å sperre jernbanen for engelske styrkar tyskarane feilaktig trudde hadde gått i land på Åndalsnes dagen før.

Kl 1700 tok så mellom 12 og 15 tyske transportfly av frå Fornebu med eit kompani på ca 180 mann (Kp 1 av I/Fallschirmjägerregiment 1) med løytnant Herbert Schmidt som sjef. Veret var vanskeleg, flya vart spreidde og fallskjermjegrane sleppte over eit stort område. Berre 7 fly kom attende til Fornebu; resten måtte naudlande eller vart skotne ned av norske styrkar.

Hovudstyrken av tyskarane, 63 mann, samla seg sør for Dombås, kjempa hardnakka og sperra Gudbrandsdalen for nesten all trafikk i nærare fem døgn før dei vart nedkjempa av norske styrkar frå IR 11 og IR 5. Mindre grupper tyske soldatar landa lenger vest i Lesja (ved Flitti og Nørstegard), på fjellet sør-sørvest for Lågen i Kjøremsgrende og to stader oppover mot fjellet nord for Dombås. Desse vart raskt tekne til fange av einingar frå bn II.

Samanstøyt med Kp 5 ved Li 14. april

Lt Schmidt med ein del av hovudstyrken sette straks i marsj mot Dombås i ein drosje som dei rekvirerte frå sjåføren, medan bn II om kvelden 14. april sende ut patruljar i fleire retningar for å fange fallskjermjegrane. To lastebilar med mannskap frå Kp 5 og magasinvakta frå Trondheim køyrde sørover Dombåsbakkane til Li der dei støytte saman med ein del av tyskarane som var på veg mot Dombås og kom i kamp. Dei norske opna eld først, men tyskarane angreip attende med automatvåpen og handgranatar. Her vart den tyske sjefen hardt såra.

Nordmennene trekte seg så attende til Dombås, medan tyskarane trekte seg om lag 2 km sørover til Rausandhaugen, eit område med bratte sandmelar ovanfor tunet på Hågåvollen der dei etablere forsvarsstilling.[3] Samstundes sende dei sprengningsfolk opp på jernbanelina som kl 23.00 vart sprengd på tre stader.

Kp 5 angrip tyskarane ved Rausandhaugen om morgonen 15. april

Sjefen for kp 5, kaptein Sandnes, fekk kl 07.07 denne dagen ordre om å angripe den tyske gruppa ved Ulekleiv med ca 70 mann og ein mitr. tropp frå kp 8. Dei køyrde med lastebilar ned til Øyen, eit bruk under Engum, der tyskarane hadde overnatta. Kona på garden gav informasjon om tyskarane, og ein geværtropp under løytnant Alfred Gjærde starta ei forsiktig framrykking sørover.

Tyskarane opna eld med fleire maskingevær da troppen var ca 300-400 m nord for Rausandhaugen, og tre soldatar frå regimentet fall. Også eit tysk kampfly, ein Ju 52, kom til og skaut mot avdelinga, men mitr.troppen frå kp 8 skaut attende og flyet styrta. Styrken trakk seg likevel attende til Dombås.

Styrke frå IR 5 under kaptein Austlid blir nedkjempa ved Rausandhaugen 15. april

Kaptein Eiliv Austlid vart ved mobiliseringa av Oppland infanteriregiment nr 5Terningmoen ved Elverum sjef for Kp 4, eit mitraljøsekompani oppsett med 4 små troppar à 2 mitraljøselag. Kompaniet vart 14. april beordra til Hamar for sikring av byen, men da Hærens overkommando fekk melding om angrepet på Dombås vart Austlid med halvparten av kompaniet beordra til å dra til Dombås med tog.

Styrken gjekk av toget ved Brennhaug stasjon 15. april kl 07.00, lasta over på bilar og rykte nordover mot Dovre kyrkje og Dombås. På same tid var store delar av regjeringa på Brennhaug og dei følgde etter soldatane. På Dovre vart det pause der kaptein Austlid hadde telefonsamband med bnsjef Navelsaker på Dombås og vart orientert om samanstøyten med Kp 5 tidlegare på dagen. Men Navelsaker visste på det tidspunktet ikkje at tyskarane hadde ei stilling med front sørover ved Hågåvollen, knapt ein km sør for Ulekleivstillinga.

Kaptein Austlids bilkolonne køyrde rett inn i tyskarane sine skotfelt ved Hågåvollen og vart tekne under eld. Austlid gjekk til motangrep og fall saman med 6 andre soldatar frå kompaniet. Resten, 28 mann, vart tekne til fange av tyskarane. Tidlegare skildringar av hendingane har framstilt Austlid si framrykking frå Dovre som «uaktsom» og «feilaktig situasjonsbedømmelse»[4], men nyare forsking har påvist at Austlid vart utsett for utilbørleg press frå sentrale regjeringsmedlemer og han vart i 2009 tildelt Noregs høgste militære dekorasjon, Krigskorset med sverd, post mortem, for innsatsen ved Hågåvollen.[5].

Nye angrep mot stillinga ved Rausandhaugen nordfra 15.-16 april, tyskarane dreg seg ut

Bn II på Dombås fekk melding om tapet av avdelinga til kapt Austlid og ordre om nytt angrep om ettermiddagen 15. Kp 5 fekk oppdraget. Nokre sivile, m.a. statsråd Anders Frihagen, eskortert av magasinvakta skulle få følgje etter kompaniet. Men denne gruppa starta før kp 5 og køyrde rett inn i den tyske stillinga ved Rausandhaugen, der to soldatar fall. Resten av styrken trekte seg attende og bataljonen fann det da uforsvarleg å beordre kompaniet til angrep.

Statsråd Frihagen vart liggande i dekning i lang tid før han kom seg attende. Han hadde henta ca 1,5 mill. kr i sedlar i Noregs bank på Gjøvik, og desse pengane vart tekne av tyskarane her. Dei kom til rette att da tyskarane overgav seg 19. april.

Om morgonen 16. april fekk kapt Sandnes med kp 5, forsterka med bombekastarar og mitraljøser, ny ordre om angrep mot Rausandhaugen nordfrå. Bombekastarane førte til at tyskarane ville forhandle, men etter ei eldpause og ei snøbyge som hindra bombekastarane gjekk tyskarane til motangrep og kp 5 trekte seg attende.

I mellomtida førebudde tyskarane skifte av stillingsområde, og da det vart mørkt natt til 17. april trekte dei seg ut av stillinga ved Rausandhaugen sørover. Ved vegbrua ved Lannem 3-4 km søraust for Rausandhaugen hadde kp 1 / IR 5 (sjef kapt John Botheim) etablert ei sperrestilling, men den braut saman da tyskarane angreip med handgranatar. Kapt Botheim trekte seg attende til Dovre kyrkje og etablerte ny stilling der. Tyskarane følgde etter, men stoppa ved elva Einbugga midt mellom Toftemo og Dovre kyrkje. Frå der rekognoserte dei ny stilling ved Lindsegardane ovanfor jernbanelina 2,5 km nord-nordvest for kyrkja.

Lindsegardane var veleigna for tyskarane. Herfrå hadde dei skotfelt både over jernbanen og riksvegen, god oversikt i alle retningar og eit solid steinfjøs - ei vanskeleg stilling å angripe for dei norske styrkane.

Delar av bn I forsterkar bn II på Dombås 17. april

Tidleg om morgonen 17. april bad bn II regimentet om å få forsterkingar, eit geværkompani og eit mitraljøsekompani. Kort tid etter kom det ordre frå HOK om at regimentet skulle sende eit mitr.kompani til forsterking av bn II. Styrken vart sett opp frå bn I med kp 1, 2 mitr.troppar frå kp 4 og bombekastartroppen frå stabskompaniet med kaptein Hroar Hovden som sjef. Styrken kom til Dombås ca kl 1800. I rapportane etter felttoget er denne styrken ofte kalla «detasjementet Hovden».

Styrken vart straks transportert fram til kampområdet for å avløyse dei delane av bn II som låg der.

Denne dagen var òg norske styrkar sørfrå, m.a. kp 1 / IR 5, i strid med tyskarane, utan at det kom til avgjerande trefningar. Tvert i mot fekk tyskarane høve til å bygge ut stillingane ved Lindse denne dagen.

Avsluttande angrep på tyskarane på Lindse 18.-19. april

Skisse over avsluttande angrep frå nord

Om morgonen 18. april gjekk norske styrkar under kommando av major Arne Sunde inn mot tyskarane på Lindse sørfrå. Ei luftvernkanon kom òg frå Raufoss og vart sett i stilling ved kyrkja. Sunde rekna med at elden frå denne skulle få tyskarane til å gje opp, og sendte om kvelden fram ein parlamentær med krav om at dei skulle overgje seg.

Men tyskarane hadde tidlegare same dagen fått flyslepp, og var ikkje innstilt på å gje opp. Major Sunde starta derfor angrep sørfra kring kl 21.00 18. april, men styrkane vart såpass hemma av mørkret at angrepet vart avbrote og soldatane fekk kvile om natta.

Styrken frå bn I under kapt Hovden fekk om morgonen 18. april ordre om å angripe tyskarane ved Lindse. Men før angrepet kom i gang kom det kontraordre; angrepet skulle vente til ein engelsk haubits som var sett i land på Åndalsnes kunne settast inn. Den kom på jernbanen til Dombås og vart køyrd framover, men da ein ikkje visst nøyaktig kvart tyskarane låg vart den òg trekt attende. Einingane frå IR 11 hadde ikkje kontakt og kunne ikkje koordinere angrepet med major Sunde på sørsida.

Om ettermiddagen 18. april kom det ordre frå HOK om øyeblikkeleg angrep; tyskarane hadde brote igjennom dei norske forsvarsstillingane ved Tangen, engelske styrkar var landsette på Åndalsnes og måtte sendast sørover med jernbanen, regjeringa ønskte å flytte til Molde og gullbehaldninga til Noregs Bank måtte ut av kampområdet.

Einingane frå IR 11 støtta av den engelske haubitsen rykte sakte fram og det vart mørkt utan at dei kom i kontakt med tyskarane. Om morgonen 19. april ca kl 06.00 var tyskarane godt som omringa av overlegne norske styrkar som opna eld. Særleg bombekastarane hadde fleire direkte treff i husa på Lindse. Også sørfrå vart garden sett under eld, og ca kl 11.30 gav tyskarane opp.

Bn I (Juel) i kamp ved Fåvang og Ringebu 24. april

Den delen av bn I som deltok ved Dombås - Lindsø returnerte til hovudstyrken ved Bjorli om kvelden 19. april. Bataljonen heldt fram med vaktteneste øvst i Romsdalen og bortover Lesja. Bataljonen fekk rett nok alt ved midnatt 19. april ordre om snarast å laste opp på tog for avmarsj til Gudbrandsdalen, men transporten vart ikkje gjennomført før natta til tysdag 23. april. Bataljonen vart da sendt til Fåvang og underlagt 2. divisjon. Divisjonen beordra ei forsvarsstilling langs elva Tromsa ved Fåvang med ein kombinert styrke frå IR 5, Hans Majestet Kongens Garde, Dragonregiment nr 2 i tillegg til bn I / IR 11. Major E. Torkildsen var sjef.

Bn I under kaptein Juel var den av desse einingane som var mest utkvild, og Torkildsen disponerte derfor den der han venta det hardaste tyske åtaket: langs riksvegen gjennom Fåvang sentrum. Her kjem Tromsa ned eit bratt og djupt juv frå Brekkom, før lendet vidar seg ut ved Tromsnes-gardane nord for elva.

Juel grupperte avdelingane sine slik:

  • Kp 1 (kapt Jens A. Amundsen) nedanfor riksvegen ved Tromsnes og kp 4 (mitraljøsekompaniet, kapt Hroar Hovden) ovanfor riksvegen ved Flye på nordsida av Tromsa - dette var hovudstillinga
  • Kp 2 (kapt Andreas P. Hagaas) i ei lang line lenger oppe i dalen
  • Kp 3 (kapt Johannes N. Gausemel) ved Trøståker og bombekastartroppen i reserve knapt 3 km nord for hovudstillinga.

Bataljonskommandoplassen med stabskompaniet (kapt Kristian Lerheim) vart òg lagd til Trøståker. Major Torkildsens kommandoplass vart etablert ved Odlo, ca 2 km lenger nord ved den øvre bygdevegen.

Det fanst ikkje panservernvåpen i desse avdelingane.

Kampane ved Tromsnes

Natt til onsdag 24. vart så vegbruene over Tromsa og Losna (Lågen) sprengde, og om lag kl 06.00 dukka dei fremste tyske avdelingane fram ved Løysnes. Dei bestod av stridsvogner og infanteri. Kp 1 og 4 opna eld, men verknaden var dårleg mot panseret, og vognene klarte å krysse Tromsa inn mot stillingane til kp 1 sjølv om brua var sprengd.

Kp 1 vart derfor pressa nordover. Dermed risikerte òg kp 2 og kp 4 å bli omringa, så begge desse kompania trekte seg derfor attende etter den gamle kongevegen til området kring Trøståker.

Bataljonssjefen planla så ei reorganisering av styrken og sende ut ordre med ordonnansar. Kommandoplassen og bombekastarane vart flytta ca 3 km lenger nord til Elstad, forbi den berglendte Elstadkleiva, det det vart klargjort for sprenging. Men ordrane kom ikkje fram til avdelingane. Kp 1 heldt fram nordover langs riksvegen, kp 2 trekte seg nordover langs den øvre bygdevegen medan kp 4 vart trekt attende til Elstad. Sjefen for kp 4, kaptein Hroar Hovden, gjekk seg inn i ei tysk avdeling og vart teken til fange.

På føremiddagen denne dagen hadde òg tyskarane fått fram styrkar på vestsida av Losna, og skyting frå desse la hindringar i vegen særleg for tilbaketrekkinga til kp 1. Under tilbaketrekkinga langs den øvre bygdevegen mot Odlo og Ringebu tok kp 2 tyskarane under eld ved fleire høve, og forstyrra slik frammarsjen deira. Men den tyske framrykkinga langs riksvegen førte til at kp 2 vart avskore. Dei trekte da opp i fjellet og gjekk gruppevis nordover. Kompaniet vart ikkje samla att seinare under felttoget.

Strid ved Elstadkleiva, strid ved Kvam og tilbaketrekking

Om formiddagen onsdag vart fjellsprenginga ved Elstadkleiva utført, etter at kp 1 og kp 4 var passert. Kp 1 vart så sendt vidare nordover, medan kp 3 og kp 4 skulle gå i stilling og dekke sprengingstaden. Alle andre avdelingar under kommando av major Torkildsen var på dette tidspunktet trekte attende, så bn I var åleine i kampområdet.

Saman med kp 3 vart dei tre mitraljøsetroppane i kp 4 gruppert nord for Elstadkleiva. Den eine mitraljøsetroppen gjekk i stilling oppe ved bygdevegen, ved den smale brua over Svartåa der dei bygde sperring. Ein tysk styrke som eigentleg skulle angripe kp 2 heldt fram langs bygdevegen, men vart stoppa i mange timar ved brua. Denne troppen kunne òg gje flankerande dekningseld til dei avdelingane som forsvarte riksvegen. Men da tyskarane klarte å passere Elstadkleiva vart òg denne troppen avskoren og laut trekkje seg til fjells under kraftig tysk eld.

Styrken ved riksvegen vart òg sterkt pressa, og begge dei to mitraljøsetroppane måtte trekke seg opp i fjellet der dei gjekk i oppløysing som stridande avdelingar. Kp 3 klarte å trekkje seg attende nede i dalen. Bataljonen mista altså kp 2 og kp 4 denne dagen (24. april), men berre ein fenrik vart lettare såra ved Elstadkleiva.

Det som var att av bn I var kp 1, kp 3 og stabskompaniet med bombekastartroppen. Desse einingane vart trekte attende gjennom Vinstra og Kvam sterkt pressa av tyskarane (sjå under bn II nedafor). Ifølgje dei trykte skildringane av operasjonane vart dei så samla att ved Rosten nord for Sel dagen etter utan å ha vore involvert i kampane ved Kvam. Men ein rapport melder at ei gruppe friviljuge likevel deltok.[6]

Bn II (Navelsaker) i forsvarskamp ved Vinstra natt til 25. april

Skisse over utgrupperinga av bn II om kvelden 24. april
Skisse over utgrupperinga av mitr.kompaniet om kvelden 24. april

Etter at den tyske fallskjermstyrken var nedkjempa fredag 19. april vart bn II liggjande ved Dombås med vaktoppdrag langs kommunikasjonslinene. Etter kvart auka dei tyske bombeangrepa kraftig, særleg på jernbanebruer og -stasjonar. Det kom stadig meldingar om fallskjermstyrkar i fjellområda, som bn måtte sende ut patruljar for å sjekke.

Onsdagen 23. seint om kvelden fekk bn II så ordre om å laste opp på tog for transport til Kvam. Bn skulle der underleggast 2. divisjon på same måte som bn I dagen før. Troppane kom til Kvam stasjon ca kl 0430 24. april og marsjerte så sørover mot Vinstra. Her opplevde soldatane frå bn II å møte sterkt utmatta og uorganiserte soldatar på retrett (eller rettar på flukt) nordover etter nederlaget ved Tretten dagen før, noko som verka sterkt demoraliserande.

Knapt 2 km nord for brua ved Vinstra, ved gardane Fossen og Ure, hadde ingeniørstyrkar og lokalbefolkninga[7] bygd ut stillingar for å halde tyskarane ei tid medan nye engelske styrkar førebudde ei hovudstilling som skulle halde ved Kvam. Bn II rykte inn i desse stillingane, men fann at det var betre å etablere den fremste lina noko lenger fram ved Øygardane ca 1 km nord for brua.

Bn vart gruppert slik:

  • På vestsida av Lågen ein mitraljøsetropp frå kp 8 med ein geværtropp frå kp 6 som framskote sikring på høgre flanke. Styrken hadde skotfelt mot riksvegen på austsida av elva.
  • På austsida låg hovudstyrken: kp 8 (mitr.) og kp 6 (minus dei einingane som var sett inn på vestsida) frå nede ved Lågen og oppover lia, kp 7 noko høgare lenger fram og og bk-troppen i lia noko bak.
  • Kp 5 som bn-reserve i dei førebudde stillingane ved Fossen.
  • Bn oppretta kommandoplass ved Vika mellom hovudstyrken og reserven.

På dette tidspunktet var det 54 befal og ca 660 korporalar og menige att i bn, etter at nokre var sendt heim etter nervesamanbrot. Avdelingane gjekk i stillingane og starta utbetringsarbeid, m.a. førebuing av vegsperringar framafor hovudstillinga.

Tysk gjennombrot

2. divisjon gav ordre til at vegsperringane skulle reisast kl 21.15 om kvelden. Men på dette tidspunktet var framleis betydelege delar av bn I (Juel) lenger ned i dalen, sterkt jaga av tyskarane. Så seint som kl 23.00 kom det soldatar frå bn I fram mot hovudstillinga til bn II, og vegsperringane vart ikkje sett opp. På dette tidspunktet var det heilt mørkt, og dermed kunne dei fremste tyske einingane - som låg hakk i hæl med dei bakaste norske - passere hovudstillinga til bn II ved Øygardane.

Larmen frå stridsvognene var likevel ikkje til å ta feil av, og det vart opna eld frå fleire norske einingar. Tyskarane bruke sporlysammunisjon og lysbomber, noko som var uvant og hemma dei norske, som aldri hadde trent på i strid i mørke. Kp 6 og kp 8 trakk seg opp i lia på austsida av dalen og bakover, og stillingane deira vart tekne av tyskarane. Kp 7 vart liggjande, men hadde for langt hald til å kunne skyte effektivt mot tyskarane på riksvegen da det vart lyst.

Tyskarane køyrde fram mot bn-reserven ved Fossen og tok kp 5 under kraftig eld. Kp trekte seg attende, og dermed var heile stillinga til bn II eigentleg gått i oppløysing, men tyskarane trekte seg likevel attende til Vinstra for å kvile.

Styrken på vestsida av Lågen vart òg beordra bakover. Dei kryssa Lågen ved Fjellheim, men vart overraska av ei tysk avdeling slik at ein mann fall. Resten, bortsett frå 8 mann som kom seg unna, vart tekne som krigsfangar.

Tilbaketrekking og reoganisering

Bn II / IR 11 var den siste av dei norske stridande avdelingane 2. divisjon disponerte, og den gjekk altså i oppløysing etter det tyske angrepet natt til 25. april. Sjefen, kapt Navelsaker, hadde lagt seg for å sove ca 30 minutt før dei tyske stridsvognene passerte frontlina og køyrde forbi kommandoplassen hans. Da han vakna av varslinga, var staben ikkje lenger på staden. Han sanka saman 15 tilfeldige soldatar på veg bakover og trekte opp til kp 7.

Ut på dagen 25. gav han så ordre til kp 7 om å trekke søraustover til eit seterområde for å kvile og skaffe mat og rekognosere i tilfelle tyskarane vart slått attende frå Kvam og kp fekk nye oppdrag. Men dei mangla ski og mat, så 27. april oppløyste Navelsaker kp 7, skaffa seg ski og sivilt antrekk, kryssa dalen og gjekk over Vågå og Geiranger til Romsdalen der han meldte seg for regimentssjefen 4. mai.

Kp 8 trekte seg altså attende frå hovudstillinga oppover lia og nordover under tung tysk eldgjeving. Dei kom så ned til den bakre stillinga ved Fossen tidleg om morgonen og fann at tyskarane hadde trekt seg attende. Det som var att av kp trekte da opp i lia vidare nordover og kom til Kvam ca kl 13.00 og vidare til bn samlingsplass ca 2 km vest for Otta.

Kp 6 trekte seg altså ut av frontstillinga da dei oppdaga at tyskarane passerte stillinga ved riksvegen utan at det vart opna eld frå norsk side. Dei passerte bk-troppen og tok den med seg til Kvam der dei kom ca kl 05.00. Da var 48 mann av kp 6 sakna, men 19 kom seinare til rette. Kp drog så til bn samlingsplass.

Kaptein Olav Sandnes var eldste kompanisjef og overtok som bn-sjef ved Otta. Same kveld flytta bn I til Brennhaugen og to dagar seinare med tog til Lesjaskog.

Bn III (Kjøs) i kamp ved Innset og i Folldalen 26. - 29. april

Bn III vart altså organisert med mannskap frå forskjellige avdelingar og meldt oppsett 23. april med desse underavdelingane[8]:

  • Kp 1 (kapt U. Rabben IR 13, frå 25.4 fenr Rolf Alnes IR 12 og frå 27.4. kapt Johan Hinsværk, tidlegare kp. sjef ved Berkåk bataljon), mannskap i hovudsak frå IR 12
  • Kp 2 (kapt Arne Telle IR 7), alt mannskap frå IR 11
  • Kp 3 (løytnant O. Ranes IR 13), mannskap i hovudsak frå IR 12
  • Mitraljøsetropp (fenr Arne Sørli IR 12)
  • Stabsavdeling (kapt J. Nørbech IR 12) med sambands-, sanitets- og trentropp.

Dagen etter - 24. april - vart bataljonen beordra til Dombås for å ta over bn IIs ansvarsområde etter at den var sendt sørover Gudbrandsdalen. Bn III kom fram til Dombås i løpet av 25. april. Om kvelden denne dagen fekk regimentet ordre om å sende den til nordover til Hjerkinn og Ulsberg.

Ordinær mobilisering i Sør-Trøndelag hadde ikkje vore muleg pga. den tyske erobringa av Trondheim 9. april. Forsvaret i området sør for Trondheim og nord for Dovrefjellet vart i dagane etter 9. april organisert på Berkåk med vernepliktige mannskap og befal som ikkje hadde nådd fram til sine mobiliseringseiningar og friviljuge. Avdelingar vart oppsette etter kvart som det kom til mannskap og befal og gruppert på Bjørset - Berkåk for å kunne hindre tysk framrykking sørover Soknedalen og Orkdalen. Ingen av desse avdelingane hadde altså - på same viset som bn III - noko form for samøving før krigen.

Oberstløytnant Nils Eggan, opphavleg sjef for Trøndelag ingeniørbataljon, tok leiinga. HOK nytta seinare under felttoget nemninga «gruppen Eggan» om styrkane i dette området. I dagane før bn III vart innsett - 23. og 24. april - hadde tyske styrkar brote igjennom forsvaret av Østerdalen, teke Tynset og var på frammarsj langs vegen frå over Kvikne og mot Folldalen.

Ein del av kp 3, ca 50 mann oppsett med ski, vart sendt til Folldalen og stilt til disposisjon for forsvaret der (sjå nedafor).[9]

Resten av styrken, to små geværkompani og ein mitraljøsetropp, lasta av på Ulsberg stasjon kl 02.30 natt til 26. april.

Folldalen - kampen ved brua over Einunna

I Folldalen hadde vakthald og sikring mot fallskjermangrep blitt organisert av ca 450 skytterlagsfolk, derav ca 100 med uniformar, resten med armbind i nasjonalfargane. Styrken organiserte og brøyting av vegane i området. 25. og 26. april kom einingar frå IR 5 under major Trygve Sandvik til Folldalen etter kampane i Østerdalen, og dei overtok ansvaret. Forsvarsstillingar vart etablert ved brua over Einunna mellom Folldal og Alvdal og Dalholen mellom Hjerkinn og Folldal.

Styrken frå bn III saman med to troppar friviljuge vart utgruppert ved Einunna bru under kommando av lt Ranes. Om ettermiddagen 26. april kom ein tysk styrke på ca 100 mann fram mot brua, som vart sprengt. Dei norske styrkane opna eld, og kampen gjekk føre seg i ca ein halv time før tyskarane trekte seg attende og returnerte til Tynset. Dei hadde da 2 falne og 10 såra. Ein nordmann vart såra.

Stillinga ved Einunna vart utbetra, men tyskarane prøvde seg ikkje att i Folldalen før dei norske styrkane vart trekte attende mot Dombås og Romsdalen 29. april.

Kampane ved Nåverdalen - 26. april

Hovuddelen av bn III vart altså sett inn mot den tyske framrykkinga frå Tynset over Kvikne mot Usberg 26.-28. april. Om morgonen fekk bataljonen operasjonsordre. Forsvaret skulle organiserast i Nåverdalen mellom Innset og Kvikne, der riksvegen kryssa Orkla over Nåverdalsbrua og deretter over Nåva. Nordvest for sjølve Nåverdalen er terrenget trangt og var vanskeleg å forsere for militære styrkar i 1940.

Delar av kp 1 (fenr Alnes) skulle danne høgre flankesikring i fjellet vest for Nåverdalen. Kp 2 (Telle) vart sett som reserve ved Innset. Mitraljøsetroppen (fenr Sørli) vart avgjeve til hovudstyrken og gruppert i dalsida nord-nordvest for Orkla og Nåva.

Avdelingane frå Eggan-gruppa var framme i stillingane ved Nåverdalen 26.5. kl 05.00 og kom i kamp med tyske patruljar ca kl 09.15. Mitr. troppen bn III kom til kampområdet før kl 11.00, men da var første trefninga avslutta. Styrken gjekk i tilvist stilling, men utan å kome i kamp denne dagen; det gjorde dei fremste avdelingane. Tyskarane fekk òg fram tre stridsvogner, men dei norske stillingane ved brua over Orkla heldt til om kvelden, og da trekte tyskarane seg attende. Samstundes trekte òg dei norske seg attende til nye stillingar nord for Nåva.

Kp 2 vart så sendt fram til Nåverdalen om kvelden og gruppert nordvest for Nåva.

Eininga frå kp 1, høgre flankesikring, kom ikkje i kamp, men heldt ei vaktline til morgonen 27.4. da dei vart avløyst. Heile kp 1 vart samla att på Innset om morgonen 27. april, kapt Hindsværk overtok som sjef og kp vart sett som reserve.

Kampane ved Nåverdalen - 27.-28. april

Minnestein over kampane i Nåverdalen

Gruppesjefen disponerte natt til 27. april kp 2 (Telle) med mitr. troppen (Sørli) til å halde hovudforsvarsstilliga i dalen like nordvest for Nåva. Andre einingar skulle sikre flankane, og kp 1 vart halde i reserve ved Innset. Ei gruppe på ca 14 mann frå ei anna avdeling supplerte einingane frå IR 11.

Det tyske angrepet på stillinga starta med mitraljøseeld mot stillingane kl 06.10. Om lag kl 09.00 prøvde dei eit frontalangrep med infanteri utan ski, men eld frå norsk side tvinga dei attende. Utover dagen held striden fram i form av skotveksling utan at tyskarane forsøkte å gå fram.

Kl 15.00 starta tyskarane eit nytt angrep, no infanteri med støtte av stridsvogner; dei hadde klart å krysse Orkla ved den sprengte brua lenger sør og tok dei norske stillingane under eld med maskinkanoner. Dekt av denne elden prøvde tyskarane eit større angrep med infanteri.

Tidlegare var dei to bruene over Nåva blitt sprengt. Tyskarane forsøkte å reparere dei, men vart pressa attende av elden frå norsk side. Fronten heldt heile dagen trass kraftig tysk beskytning utan at ein på norsk side hadde våpen som kunne nyttast mot pansra køyretøy.

Om kvelden natt til 28. vart ein tropp frå kp 1 sendt fram til forsterking av den venstre flanken til hovudstillinga.

Kl 02.00 starta så eit kraftigare tysk angrep, der dei nytta alt dei hadde av våpensystem: mitraljøser, bombekastarar, artilleri og 3-4 stridsvogner. Med førehandsbygde bruelement prøvde dei tyske stridsvognene å forsere Nåva over isen. Infanteri kom seg over, men vart pressa attende av kraftig norsk eld frå mitraljøsene. Likevel klarte tyskarane å skyte seg inn med bombekastarar mot stillingane til mitr. troppen, der lagfører for det eine våpenet (Arne Setnes) falt. Også bombefly angreip troppen om morgonen, slik at den måtte trekkast attende om lag kl 06.00. Men kampen hadde vore vellykka - tyskarane var pressa attende over Nåva. Sjefen for det fremste tyske kompaniet fall òg, saman med tre til og 19 til dels hardt såra tyske soldatar.

Ved 12-tida sende tyskarane fram eit par stridsvogner med infanteri, som vart pressa attende av sterk norsk eld. Tyske fly angrep dei norske stillingane med bomber og mitraljøser utover ettermiddagen. Nordmennene omgrupperte for å avløyse dei einingane som hadde vore under sterkast press.

Sjølv om stillinga altså heldt, var den tyske styrken ved Kvikne såpass sterk at det vart bestemt å trekke seg attende mot Oppdal natt til 29. april. Bn III vart da send til området Lønset - Gjøra og låg der til den vart demobilisert.

Retrett og demobilisering 25. april - 2. mai

Minneplate etter bombing under tilbaketrekkinga.
Bombekratera frå tilbaketrekkinga er framleis godt synlege ved Lesjaverk.

Einingane i bn I kom ikkje i kamp etter at dei trekte seg attende frå Ringebu til vegbrua i Rosten og Brennhaug 25. april. Om kvelden neste dag vart bn lasta opp på tog og sendt mot Bjorli. Pga. frykt for flyangrep lasta dei av på Lesjaverk og unngjekk på den måten angrepet.

Etter samanbrotet til bn I ved Vinstrastillinga vart som nemnt storparten av bn samla att ved Otta 25. april. HOK beorda bn til å flytte til Brennhaugen same dag og deretter med tog til Bjølverud på Lesjaskogen natt til 27. april.

Her vart det som var att av bn I og II liggjande til om kvelden 29. april, da dei vart transporterte ned Romsdalen. Dagen etter vart dei to bataljonane slegne samen under kaptein Juel og transporterte med båt til Tresfjorden der dei gjekk i kvarter på Vestnes og i Vikebukt. Dagen etter, 1. mai, gav sjefen for 2. divisjon bataljonen ordre om å demobilisere.

Lvbn hadde fram til 29. april ansvaret for sikringa av kommunikasjonane mellom Bottheim og Marstein stasjonar på Raumabanen. Natt til 30. april fekk dei ordre om å trekke saman til dei næraste stasjonane for transport ned Romsdalen, og om dagen køyrde dei via Isfjorden til Eid. Dagen etter fekk dei same ordre som bn Juel om demobilisering.

Kjelder og litteratur

  • Brevig, Hans Olaf 2001: Et regiment i krig og fred. IR 11, 1911 - 1995. Nytt i Ukas Forlag, Ålesund.
  • Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
  • Jensen, Jørgen 1956: Krigen i Norge 1940. Operasjonene i Sør-Trøndelag og nordre del av Hedmark fylke. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Kjelland, Arnfinn 2010: Austefjordingar i felttoget i 1940. Voldaminne s. 175-196.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Bind II. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Rapport fra Møre infanteriregiment nr 11. Krigen i Romsdal og Nordre Gudbrandsdal i tiden 11/4 - 2/5 1940. Udatert stensilert kopi ved biblioteket Høgskulen i Volda, men den ser ut til å vere identisk med ein rapport dat. 13. februar 1941 i Riksarkivet: FKH Andre utskilte arkivdeler – Krigen i Norge 1940-1945 Hæren / II-C-11-512 – 5. Divisjon / Arkivenhet: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0113. Den udaterte kopien er truleg laga til 50-årsmarkeringa av operasjonane i 1990 (i følgje Ola Norang i Frå Hjørundfjord. Årsskrift frå Hjørundfjord sogelag 1990 s. 80 fekk veteranane utlevert ein slik rapport på Setnesmoen 11. april 1990).
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Det Norske Samlaget.

Referanser

  1. iflg. Løseth, Arnljot 1996: Likskap og lagdeling. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal III 1920-1972 s. 255 det einaste, men IR 9 kunne òg mobilisere rimeleg fullstendig på Voss.
  2. Munthe-Kaas s. 233. Men dette stemmer ikkje heilt med det rapportane og Nisja 1980 fortel; det skal ha vore berre ein tropp ved vatnet, 3. tropp med sersjant Olav Monge som sjef.
  3. Årflot s. 54 påpeiker at dette området i litteratur om desse kampane er kalla Ulekleiv, men at dei gardane ligg litt lenger nord.
  4. M.a. Munthe-Kaas 1955 s. 36.
  5. Krigskorset utdeles for første gang på 60 år på Regjeringen.no
  6. Osnes, Olav 1998: Korporal i fremste rekke for IR 11 - utdrag av rapport. I Årsskrift Gudbrandsdal krigsminnesamling s. 88. Osnes var lagførar i 3. tropp kp 3.
  7. Ringdal, N. N. 1949: Ei bygd opplever krigen. Kvam i Gudbrandsdalen s. 31ff.
  8. Jensen 1956 s. 60 og 211f, Rapport IR 11 bilag 1 og 3, Brevig s. 209.
  9. Tilgjengelege kjelder er noko uklare m.h.p. når dette skjedde. Jensen s. 162 opplyser at avdelinga kom til brua over Einunna 24. april kl 17.00. Brevig s. 248f skriv at HOK «omgående» (utan datering, men etter at den var ferdig oppsett) beordra styrken til Folldalen, men dette er så vidt ein kan sjå ikkje nemnt i rapporten frå IR 11. Jensen s. 60f nemner ikkje noko om at delar av kp 3 vart sendt til Hjerkinn / Folldalen før 25.4., men på s. 169f går det fram at «resten» (altså dei som ikkje deltok ved Einunnbrua) kom til Hjerkinn 26.4.