MB «Sigfred»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset
.

MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland. «Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949. Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg. Når dei brukte bankline hadde dei egnarhus også på styrbord side. Det var montert slik at det var greitt å demontere når dei skulle bruke not. Bilde i seinare år viser at der er komen aluminiumsfront på rorhuset, det var truleg rundt 1960.

«Sigfred» var ein båt med fine linjer, det er fortalt at når «Sigfred» kom inn på hamna i Fosnavågen så var der tre brør Longva som la merke til linjene på båten. Dei kontraherte seinare båt på Vik og fekk den levert til jul i 1954.

Bruk

Frå 1949 og til 1962 var båten brukt med størjesnurpe i sommarsesongen. I 1949 vart resultatet 900 fiskar, vekta var frå 200 kg til 250 kg. Når størjefisket minka vekk så vart det i mange år snurpenot etter sild og sei. I storsildsesongen frå 1950 og til 1959 fiska båten med sildegarn på Mørekysten, såkalla ”drivar”. I sildesesongen desse åra hadde båten base i Fosnavågen. Det var og år med tradisjonelt fiske, sild og torskegarn om vinteren, og bankline sommarstida. Frå 1972 brukte Arne båten saman med sonen Sigfred. Dei fortsette den drifta båten hadde hatt før.

Mannskap: Når dei brukte størjesnurpe var det som oftast 8 – 9 mann. Med sildegarn 8 mann, og det var det også på linefiskje. Når dei brukte not etter sild og sei var dei 6 mann. Sigfred Iversen vart stilt spørsmål om han hadde spesielle hendingar å fortelje om frå fiskeriet, etter mange år som både mannskap og skipper? - Har det vore nokre ekstra gode fangstar, eller dramatikk ved dårleg veir og liknande? Svar: Nei, det er no så forskjellig, det går no i rykk og napp.

Motorar

Når båten var nybygd vart det sett inn ein 50 hk Voldamotor. I 1956 var båten til Volda, og fekk då inn ein 100 hk Voldamotor, den har to sylindrar. Den stod om bord til 1972, då vart den skifta ut med ein Volvo Pentha på 270 hk. På alle båtane frå Vik som det er skrive om ser ein at motorane vert skifta, og til større og større motorar. Fyrste åra etter krigen (1945) var det ikkje same kravet til motorkraft som det vart seinare. Sjølv på båtar i 60 fots størelse var det ynskjeleg med meir framfart, det er vel og naturleg. Dei små dekksbåtane før krigen fekk avløysing i 1950 åra, og var då større. Dermed vart det gjerne fiska lenger unna heimehamna enn før. Når snurrevad og tråling vart vanleg på delar av året, kravde det større motorar.

Dei gamle semidisel motorane vart ikkje alltid utskifta fordi dei var utslitt, men altså, på grunn av andre krav. Ein motor i ein fiske båt som driv heile året kan vel reknast til i underkant av 5000 driftstimar pr. år. Når det på 1960 og 70 talet vart vanleg med hurtiggåande motorar vart det eit enklare vedlikehald, og det sette fart i motorskifte.

Eigarar

  • 1949, nybygd for Arne Iversen.
  • 1972 – 1979 Arne og Sigfred Iversen.
  • I 1979 vart «Sigfred» seld til Olai Hillarsøy, m/fl. Bulandet. Då fekk båten namnet ”Bueland”, og fiskeriregistrert med, SF-20-A Kjenningsignal: LICH.

Denne eigaren drifta med snurpenot heile året, det var etter sei, sild og makrell. I 1984/ 85 vart båten kondemnert, og søkt sør for Florø.

Bilder

Kjelde