Midt-Noreg

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Midt-Norge)
Hopp til: navigasjon, søk

Landsdeler
i Norge


Norske landsdeler G.png

Kart over Noreg med landsdelene innteikna. Midt-Noreg er markert med grønt.

Midt-Noreg nyn. eller Midt-Norge (bm.) er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane KristiansundNordmøre; Røros, Orkdal og Trondheim i Sør-Trøndelag; og Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Nord-Trøndelag.

Sjølve namnet Midt-Noreg er ei nydanning på line med Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg som først vart teken i bruk kring 1950. Historiske namn på området inkluderer Frostatingslag(en), Nidaros (bispedømme) og Trondhjem (hovudlen, stiftsamt). Nemninga Trøndelag viste opprinneleg til området kring Trondheimsfjorden, frå Orkdalen i vest og til området ved Snåsavatnet i nordaust, men har seinare vorte bruka om større deler av området.

Offentleg administrasjon

Omslaget av «Trøndelags-utgåva» av almanakken frå 1963. Bandet dekkjer Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal.

Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal

Annan inndeling

Organisasjonar

Trussamfunn

Næringsliv

Kjelder