Minnestein over soldat Hans Elvheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet over soldat Kristensen Elvheim

10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik i Vik kommune til Bømoen på Voss for å vera med i kampane mot den tyske invasjonsstyrka. Hans Kristensen Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

Villig til å ofra livet for fedrelandet

«Eg ofrar ikkje livet for politiske parti eller meiningar, men for fedrelandet er eg villig til å ofra livet.» Det sa Hans Elvheim på kaien i Fresvik då dei utskrivne fresvikjene venta på at fylkesbåten «Stavenes» skulle koma oppunder og ta dei til Gudvangen. Han var komen opp i ein diskusjon med ein annan om kva som hadde hendt med landet, og fekk spørsmål om han var villig til å ofra livet for fridomen.

Biografi i bokverket Våre falne

ELVHEIM, HANS, gardsarbeidar, Leikanger. Fødd 16. januar 1912 i Leikanger, s. til anleggsarbeidar Kristen Hansen Bøthun, f. 1883 s. st., og Nilsina Ingebrigtsdotter f. Ohnstad, f. 1885 s. st. Vart kalla inn til vaktteneste på Madlamoen i desember 1939. Då krigen braut ut i 1940, melde han seg friviljug og var med i stridane i Valdres. Vart teken til fange og internert på Hvalsmoen. Då dei norske styrkane kapitulerte og fekk reisa heim att, var han sjuk og vart lagd inn på Luster sanatorium for tuberkulose. Døydde der 29. september 1940. Gravlagd i Fresvik, Leikanger.

Minnesteinen

Minnesteinen står på grava ved Fresvik kyrkje. Innskrifta står under to krossslagde flagg:

NOREG (i boge) * HANS ELVHEIM * 16-1.1912 * 26-9.1940 * Var friviljug med * i Krigen 1940-1945 og ofra * livet for fædrelandet. * Takksame bygde- * folk reiste steinen.

Markeringar

Seinare har det vore vanleg å samlast ved steinen kvar 17. mai til kransepålegging. Elles har det vore særlege markeringar i samband med runde år for okkupasjonen og freden. I 1985, 40 år etter fredsdagen 8. mai 1945, var det veteransamling ved minnesteinen. Tolv av dei 23 som reiste frå Fresvik var til stades. Ordførar Sigurd Høgheim la ned krans frå Leikanger kommune og heldt ein kort minnetale. I 1990, 50 år etter det tyske overfallet på Noreg, var mange samla og ordføraren i Leikanger, Ola A. Vestrheim, la ned krans. Han minna om innsatsen til dei som reiste av garde for å forsvara landet i aprildagane. - Me har ikkje lov å gløyma det som hende for 50 år sidan, sa Vestrheim.

Kjelder

Teksten Minnestein over soldat Hans Elvheim er skrive av Hermund Kleppa (2001) for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt nettleksikon, Kulturhistorisk Leksikon, og er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi

Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Minnestein over soldat Hans Elvheim er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.