Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Moland prestegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Moland
Moland kyrkje og prestegard.jpg
Moland gamle kyrkje og prestegard, tusjtegning etter Linaae av S.O.Wolff, 20. aug. 1829 (Norsk Folkemuseum)
Kommune: Fyresdal
Fylke: Telemark
Gnr.: 36

Garden Moland i Fyresdal kommune er prestegard, og har gardsnummer 36. Av og til er namnet skrive i fleirtal som «Molandene». Særleg på 1700-talet er og forma «Morland» nytta. Mor tyder sand- eller grusslette. Kyrkja, soknet og ein periode også heradet har fått namnet til garden, noko som ikkje er uvanleg. Parallell til mellom anna Kviteseid gard, tidlegare prestegard.

Lund skriv: Moelands Præstegaard: Samme har en yndig Beliggenhed paa en jevn Plan ved Moelands Vandet, og har paa en halv norsk Fierdings Distanse ingen Fielde ved sig.

Innhold

Bygningane på garden

Om husa på garden vart det mange gonger på 1700-talet sagt at dei var så dårlege på grunn av manglande vedlikehald at det ikkje var von for dei. Men så vart dei stella litt på og så gjekk det ei stund til. Om hovudbygningen vart det sagt: ”Setehuset hadde ei stor stoge, 3 kammer, kjøkken med spiskammer og ei ljorestove på enden. Over dette var det ein stor sal og 5 andre kammer. Der var og drengestove, røykstove og ei rekkje med uthus. Kornstolpebu m. m.

I 1747 var hovudbygningen forfallen medan det i 1749 hadde kome nye tak og murar. Ei vurdering i 1770 konkludera med at våningshuset ikkje var til å redde og at det skulle byggjast ny bygning etter mønster av Kviteseid prestegard, 4 rom nede og 4 rom oppe. (Prestegarden i Kviteseid brann i 1764 og det vart bygd opp att ny.)

Lund skriv i 1785: Præstens Huse ere nye og temmelig bekvemme.

J. L. Qvisling skriv: Husene på prestegaarden var temmelig forfaldne, da Sang (1818-1826)kom til kaldet i 1819; men han fikk dem efterhaand i ret god stand. Hovedbygningen, som var blitt opført i Bugges tid, (Henning Junghaus Bugge 1783-1790), henstod endnu uklædt. Sang fik den klædet og dessuten dagligstuen panelt, idet han med rette herom bemerker i kallsboken, at ”paa dette avsidesliggende sted er en hyggelig prestebolig et sandt gode.

Noverande stabbur har vore kornmagasin for heradet. Det er det som er nemnd som kornstolpebod, i tillegg var der mjølbur og kjøtbur. Ser vi på teikninga frå før 1829, som er på grunnlag av eit tidlegare bilete, står dette bygget lengst ut til høgre, i god avstand frå tunet. Der er ei slags bru opp i andre høgda. I det området er det eit jordstykke, ei «rein», som heilt opp til vår tid er kalla «Maksiniusreina» etter som eg har fått opplyst. Dette er eigentleg «Magasinhusreina» etter kornmagasinet der bakgrunnen for namnet er gløymt. Ein eller annan gong, mogleg då Teisner bygde nye uthus i dette området, vart så dette bygget flytta og satt opp i austre del av tunet, nær hovudbygningen, som eit stabbur. Der står det på biletet frå 1890. Då det så vart bygd ny driftsbygning i 1917 på denne sida av tunet vart stabburet igjen flytta til området der den gamle driftsbygningen var, på vestre sida av tunet, der det no står.

Hovudbygningen på teikninga frå 1829 verkar stor og gjev inntrykk av å vere bygd opp frå grunnen av. Originalbiletet må difor vere frå tida etter at det vart bygd ny, ein gong mellom 1770 og 1785. Kvifor var det då nødvendig med ny bygning att etter snaue 100 år? Det var stadig i alle år fram og attende om dårleg vedlikehald, ålmugen skulle halde hovudbygningen og presten stort sett uthusbygningane. Dette vart det ofte vanskar av.
Prestegarden 1890 (Foto: Bendik Taraldlien)

Iver Andreas Teisner var prest 1848-1870 og fekk uthusa rivne og nye bygd opp att. Det er den husrekkja som står til høgre på biletet. Drengestova står framleis, til høgre for hovudbygningen. Teisner fekk og ålmugen til å byggje ny bygning, men denne rokk han ikkje å sjå heilt ferdig. Det er bygningen som visast her. Til venstre i tunet er kornstolpebua, kornmagasinet, noverande stabbur. Drengestova brann i 1920. Stabbur og uthus bytte plass i tunet då det vart bygd ny driftsbygning i 1917.

Etter at drengestova brann vart det i 1921 bygd forpaktarbustad på austsida av uthusbygningen. Med tida gjekk denne ut av bruk då jorda vart burtleigd og bygningen vart rive 1987/88. Den fyrste hovudvegen gjekk burtom Folkestadbyen og det gjekk då ein storslegen allé av bjørk over jordene og direkte mot tunet i prestegarden. Med ny gjennomfartsveg i området fann ein denne allé'n uaktuell og den vart fjerna på 1970talet.


Prestegarden i 2012

All innmark er fråseld og lagd til nærliggande gardar i drift. Driftsbygningen fylgde med i dette salet. Til opplysningsvesenets fond høyrer no hovudbygning med garasje, hage og stabbur. På grunn av vikar i sokneprestembetet har ikkje bustaden vore aktuell som prestebustad i lengre tid og den har, saman med stabburet, frå 2010 vore drive som Fyresdal Gjestegard. Kva det vert til framover er uvisst.

Fotografi frå prestegarden

Kjelder

  • J. L. Qvisling: Fyresdals historie Skien 1912
  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal 1992
  • Prokurator Johan Michael Lund: Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Kjøb.1785
  • Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseopptegnelser 1574 - 1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • «Drengestoga»(Paktarbustaden) og gardsbruk i prestegarden S. 15 i Sjå deg attyvi Fyresdal sogelag 1990

Eksterne lenker

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy