Molde

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Molde sett frå Vestnesferja.
Foto: Olve Utne (2008)

Molde er ein by og administrasjonssenter i Molde kommune i Møre og Romsdal. Staden fekk privileger som kjøpstad i 1742. Det var drygt 20 000 innbyggjarar i Molde i 2013.

Mot slutten av 1800-talet fekk Molde kallenamnet «Rosenes by» på grunn av frodige hagar og parkar. Byen vart tidleg ein turiststad, og fekk besøk mellom anna av keisar Wilhelm II av Tyskland i åra før fyrste verdskrigen.

I 1916 vart Molde ramma av ein bybrann, som øydela den austlege delen av byen. Husa i området vart gjenreist i mur. I 1940 vart skadane større då byen vart bomba av tyskarane. Store deler av byen vart øydelagt i bombeåtaket og i storbrannen som braut ut. Sentrum har difor mest bygningar frå etterkrigstida, men ein kan finne eldre hus langs strendene og i lia ovafor byen.

Molde domkyrkje er sete for Møre bispedøme. Andre kjende bygninger er Molde Rådhus, Seilet hotell og kulturhuset Bjørnsonhuset.

Romsdalsmuseet ligg i Molde, med underavdelinga FiskerimuseetHjertøya. Ein finn også Moldegård, eit område med fleire patrisierhus.

Galleri

Kjelder