Morken (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Morken var ein husmannsplass under gnr. 83/1 Kvasjord som fyrst vart rydda og bygd kring 1817. Jordsmonnet er skrint, og dei fyrste som busette seg der vart enten fattige eller dei drog til Amerika. Morken ligg oppe i lia på vestsida av hovuddalføret vis-à-vis Veum–gardane.

Knut Olavson Morkji (1844-1917), og kona Augusta, fekk feste Morken frå Olav Kvasjord for levetida i 1877. Då hadde dei alt vore der i fleire år. Dei var gift i 1870 og Augusta Amalia Adamsdotter Westerlund (1838-1920) var frå Ekeby i Sverige.

Augusta var ei sers flink kokke som vart mykje bruka. Ho døydde i 1920, og etter den tid budde det ikkje folk på Morken. I 2011 er det berre kjellarmuren att av stovebygningen.


Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune, 1992.
  • Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Fyresdal kommune, 1943. Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo.
  • Morken i folketelling 1865 for Moland prestegjeld fra Digitalarkivet.