Myklemyr skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulehuset på Myklemyr fotografert i mars 2012.

Myklemyr skule (Nebygdens kreds, Nedrebygda krins/skule) er ein nedlagd folkeskule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Myklemyr var den sørlegaste krinsen i Jostedalen og femnde om området frå bruket Husøy ved kommunegrensa mot Luster i sør til Fossøygjelet i Nord. Det vil seie matrikkelgardane Myklemyr, Ormberg og Fossen unnateke Fossøyane. Krinsen grensa i nord til Sperle krins.

Før skulehuset vart bygt, vart det leigd ulike stover til skulerom, og alle borna var samla til skule på ein stad. Krinsmøtet tok initiativet til eit skulehus i krinsen i februar 1891. På dette tidspunktet var skulehusa i krinsane Sperla og Kreken tekne i bruk, og skulen i Mjølverdalen var under bygging. I Myklemyr krins var det usemje om plasseringa av skulehuset, så skulestyret avgjorde at det skulle stå på Knippa. I 1893 var finansieringa i orden, og hausten 1894 kunne den nye todelte skulen takast i bruk.

Skulen og skulekrinsen vart lagt ned i 1964. Då hadde barnetalet vorte så lite at ungane vart skyssa med buss fram til Sperle skule. Denne ordninga vara til 1968 då den nye sentralskulen i Jostedalen stod ferdig.

Det gamle skulehuset står framleis i vegkanten på Myklemyr og er kraftig til nedfalls (2012).

Arkiv

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 315 og 321-322.

Koordinater: 61.527898° N 7.286854° Ø