Myrhyrna

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Johannes Flintoe: Myrhorn i Jostedalen (1834), gouache
Johannes Flintoe: Myrhorn i Jostedalen (1841), veggmåleri, Slottet i Oslo
Joachim Frich: Myrhorn i Sogn, handkolorert trykk på grunnlag av Norge fremstillet i tegninger, 1853-55

Myrhyrna (òg kalla Myrhorn) er eit karakteristisk kjegleforma fjell i Jostedalen i Luster kommune. Myrhyrna ligg opp for stølen Myri og Geisdalsfossen vest for Krekagrendi, og det trigonometriske punktet litt nedanfor toppen er 1448 m.o.h.

Myrhyrna er i dag særleg kjent som motiv for Johannes Flintoe, som var i Jostedalen i august 1822. Dette resulterte i fyrste omgang i gouachen Myrhorn i Jostedalen (1834, Nasjonalmuseet). Då Flintoe i 1841 deokrerte veggane i Fugleværelset på Slottet i Oslo, valde han Myrhyrna som eitt av motiva. Kunstverket er såleis ofte å sjå i bakgrunnen på offisielle fotografi frå statsbesøk.

Fjellet har òg vore motiv for fleire andre kunstnarar. Motivet vart nok særleg kjent for eit breiare publikum gjennom teikninga av Joachim Frich i den populære Norge fremstillet i Tegninger ved Nils Christian Tønsberg (1853-55), som kom i fleire opplag og utgåver.

Etter at det kom ein anleggsveg opp i Vanndalen på sørsida av Myrhyrna i 1980-åra, har det vorte ein lett og overkomeleg tur å kome seg til den framifrå utsiktstoppen.

Litteratur

  • Messel, Nils (red.). (2008). Oppdagelsen av fjellet. Oslo: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
  • Tønsberg, Chr. (1853-55). Norge fremstillet i Tegninger med oplysende Text. Christiania.(Digital utgåve, Digitalarkivet)


Koordinater: 61°36′3″ N 07°20′27″ Ø

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy