Nerskogen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Nerskogen frå Skaret i Oppdal i 2010.

Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.


Markaslåtten

Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra.

Viktigast var nok likevel markaslåtten, som førte med seg betydeleg aktivitet store delar av året: halve sommaren til slåtten og lagringa av høyet, og heile vinteren til heimkøyringa. Ljåslåtten i skogholta og på myrane på Nerskogen starta straks heimeonna var unnagjort kring månadsskiftet juli-august og vara opp til åtte veker i den mest intensive perioden sist på 1800-talet. Markaslåtten førte med seg meir arbeid enn bygdefolket rakk over, så det kom tilreisande arbeidsfolk frå andre bygder, både onnakarar og -tauser. Vekelønna var 5 kr. for tauser og 10 kr. for karar kring førre hundreårsskifte.

Etter at graset var slått og tørka på bakken vart høyet lagra enten i stakk eller i løer, for henting att når det vart vinterføre.

Vinterkøyringa

Heimkøyringa av fôret med hest og langslede starta så snart snøen kom, gjerne i slutten av oktober, og vara til april eller til og med mai viss føret heldt. I den mest intensive perioden kunne det kvar dag vere opp til 100 hestar som køyrde frå Midtbygda i Rennebu for å hente høy på Nerskogen. Det vart ofte lange dagar - for dei med lengst veg starta kanskje i 2-tida om natta for å rekke å kome heim att før det vart for seint.

Denne køyringa i streng vinterkulde kunne vere strabasiøs nok. Fleire køyrde med to hestar, dvs. ein laushest i reip bak tillegg til den dei sjølve køyrde. Da måtte dei sjølvsagt òg laste på to lass på sledene, gjerne i djup snø. Desse lassa var mellom 300 og 500 kg. tunge.

Bureisinga

Minnestein over Elen og Halvard Engelsjord. Foto: A. Kjelland.

I 1927 vart så det første bureisingsbruket rydda i Gregosen i Skardalen av Elen og Halvard Engelsjord. Dei var åleine her fram til 1933. Året før hadde Selskapet Ny Jord vore på synfaring og bestemt seg for å satse på Nerskogen som utbyggingsområde. Frå midten av 1920-åra hadde Staten gjeve alle som tok til med nydyrking og bureising rett til statleg tilskott etter faste reglar, forvalta av kommunane. Våren 1933 fekk Rennebu jordstyre dei første søknadane om å få godkjent bureisingsbruk på Nerskogen, og tre familiar pakka utstyret og drog utover.

Den viktigaste enkeltpersonen bak bureisinga på Nerskogen var nok sokneprest Ola Røkke. Han tok aktivt del i alt ungdomsarbeid etter han kom til bygda i 1926. I 1932 fekk han oppropet «Ungdomshjelpa. Hjelp til arbeid for norsk ungdom» frå Den norske kyrkja, og det var ei nemnd med Røkke som formann som kontakta Ny Jord og fekk i gang oppkjøp av jord og utparsellering av bureisingsfeltet på Nerskogen.

Vegbygging

Minnestein over arbeidet med Nerskogvegen. Foto: A. Kjelland.

Frå gamalt gjekk det ein seterveg opp frå Midtbygda i Rennebu til Nerskogen (sjå kartet). Men det måtte til bilveg, og for det formålet vart Arbeidsfylkingen kontakta av Ola Røkke. Arbeidsfylkingen gjekk inn i arbeidet med veg til feltet sommaren 1933 i form av å organisere og sette inn grupper av arbeidslaus ungdom frå Trondheim (60 mann) og Oslo (30 mann). Arbeidet på den 25 km lange vegen vart starta opp med hakke, spade, trillebår og stubbebrytar. Vegen vart fullført til Oppdalsgrensa i 1935.

Bygda

Ny Jord kjøpte opp i alt 16 827 dekar jord til saman på Nerskogen. Dette arealet vart utparsellert til i alt 36 bureisingsbruk: 31 i Sørøyåsen og 5 på Lauvåsen. I 1999 var det framleis 24 bruk i drift.

Nerskogen fekk etter kvart eiga kyrkje, skule, forsamlingshus, samvirkelag og museumsavdeling.

Nerskogen skule

Forsamlingahuset Fjellheim på Nerskogen, den første skulen i bygda Foto: A. Kjelland..
Nerskogen skule bygd 1966-67. Foto: A. Kjelland.

Etter kvar kom det mange unge familiar som bureisarar til Nerskogen, og dei fleste hadde barn. Dei første åra gjekk ungane på Voll skule nede i Rennebu eller Vognild skule framme i Oppdal. Det var sjølvsagt alt for langt å gå eller køyre kvar dag med dei vegane som var, så barne måtte innlosjerast hos slekt og kjentfolk.

Bureisingspresten Røkke hadde planar for forsamlingshus, og det arbeidet kom i gang da Erik Nesje i 1938 gav kr 3000. Det låg i korta at huset skulle leigast ut til skulehus. Om vinteren vart Rennebu og Oppdal kommunar samde om å etablere skule og akseptere eit tilbod om kr 500 i årleg leige. Forsamlingshuset Fjellheim stod ferdig sommaren 1939 og skulen vart starta opp her same hausten, 21. september.

Skuletida vart utvida i 1956 og 1964, og da vart Fjellheim for lite. Skulen leigde derfor rom på kapellet, til den nye skulen vart bygd og teke i bruk i starten på skuleåret 1966/67. Skulen hadde årskulla 1-7 fram til 1970 da 7-9 vart ført over til ungdomsskulen og 1-6 vart att. Opplæringsmålet var nynorsk frå starten til 1986 da det vart bokmål.

Kraftutbygginga

Skisse frå 1979 over det området som vart neddemt med namn på slåtteområde. Av A. Kjelland.
Samvirkelaget på Nerskogen i 2010. Foto: A. Kjelland.

Sist i 1960-åra inngjekk Trondheim Elektrisitetsverk (TEV) avtale med grunneigarane om fallrettane m.m. i Grana, den elva som kjem frå Oppdalssida og renn gjennom heile Nerskogen ned i Orkla ved Grindal. På 1970-talet overtok selskapet Kraftverkene i Orkla (KVO) rettane og sette i gang utbygging. På Nerskogen vart det neddemt eit areal på om lag 6,6 km2 i det som vart heitane Granasjøen. Kraftproduksjonen går føre seg i Grana kraftverk.

I samband med kraftutbygginga vart vegen opp frå Midtbygda i Rennebu kraftig opprusta, og det vart lagt til rette for betydeleg utbygging av fritidshus i heile området.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 62.78236° N 9.60671° Ø