Nicolai Hersleb Ramm

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Niolai Hersleb Ramm. Samtidig relieff (?). Ukjent kunstnar.

Nicolai Hersleb Ramm (fødd 4. februar 1756 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 11. september 1830Tynset) var utdanna som offiser, men var mesteparten av sitt yrkesaktive liv tilsett som skoginspektør ved Røros og Folldal verk. Han kjøpte garden Moen (Ramsmoen) på Tynset ca. 1787, og budde der til sin død. Ramm var med og la til rette for bureisinga i Bardu på slutten av 1700-talet, der mange frå Tynset og andre stader i Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen kom til å slå seg ned. Nicolai Hersleb Ramm var morfar til Nikolai Ramm Østgaard, som delvis var oppfostra hjå bestefaren på Ramsmoen.

Innhold

Familie og oppvekst

Nicolai Hersleb Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Faren var fødd i Lom, men tenestegjorde mesteparten av karrieren på Hedmarken. Mora var frå storgarden Hornnes (Kåre-Hornnes) i Skjeberg. Foreldra hennar var gardbrukarparet Ole Wetlesen (1686-1762, opphavleg frå StorerødHvaler) og Anne Halvorsdotter frå Jellestad i Berg i nåverande Halden kommune. Wetlesen hadde kjøpt Hornnes i 1722.[1]

Nicolai Hersleb Ramm var nest eldst i ein syskenflokk på sju. Syskena hans var:[2]

  • Anne (1753-?), fødd på Tomter i Vang på Hedmarken, gift 1776 med premierløytnant, seinare major Johan Georg Braun.
  • Nicolai Hersleb
  • Johan Henrik Ramm (1758-1814), fødd på Lille Håvi i Furnes, gift med Anna Regina Blix.
  • Maren Magdalene (1760-?) fødd på Lille Håvi i Furnes.
  • Ove Wilhelm (1764-?) fødd på Lille Håvi i Furnes.
  • Eilert Waldemar Preben Ramm (1769-1837), eidsvollsmann, fødd på Lille Håvi i Furnes, gift med Petronelle Elisabeth Hveberg,
  • Johan Nathanael Ramm (1776-1822), fødd på Benningstad i Løten, ugift.

Nicolai budde hjå besteforeldra på Hornnes i fire-fem år frå 1757, medan faren var utkommandert til Holstein.

Nicolai H. Ramm fortel sjølv i sine livsminne[3] at han i oppveksten var plaga av noko som i dag truleg ville ha vore diagnostisert som sterke depresjonar, Som 12-åring gjekk han i sjølvmordstankar. Han fekk hjelp og trøyst frå drengen og tenestejenta på garden, noko som gav han respekt for vanlege arbeidsfolk, og som gjorde sitt til å forme synet hans på standssamfunnet. Han skriv som 70-åring om dette: «Hvor ofte har jeg siden fundet en høy og edel Sjæl hos Tjeneren og en Skurkesjæl hos Herren».[4]

Anne Ramm fødd Endresen. Samtidig silhuett. Ukjent kunstnar.

Nicolai Hersleb Ramm gifta seg 1785 med Anne Endresen (fødd 1754 i Christiania, død 1838 i Tynset), dotter til gravør og signetstikkar Hans Endresen. Dei to fekk fire born:

  1. Georg Eilert fødd 7. desember 1786, skippar, Christiania.
  2. Maren Magdalene fødd 9. desember 1787, død 1874, gift med Michael Østgaard.
  3. Wilhelm Frederik døypt 30. desember 1788, død 10. juni 1809 i København.
  4. Hans Ramm, døypt 3. januar 1790, gift med Ane Syrene Maria Sophie Møller, dotter til sorenskrivar Møller i Molde.

Militær utdanning og karriere

Nicolai Hersleb Ramm fekk offisersutdanninga si ved Den kongelige militaire mathematiske Skole (Krigsskolen) i Christiania 1770-1773. Dette gav høg og etterspurd teknisk kompetanse også utanom det reint militære. Ramm fekk ikkje offisersstilling til å byrje med, men hadde løn som underoffiser (vaktmeister) ved 3. Sønnafjelske nasjonale dragonregiment. Han hadde nokre oppdrag som kartteiknar og og landmålar. Mellom anna assisterte han ved utskifting av eit skogsameige i Ringsaker, oppmåling av Akershus festning og kartlegging av riksgrensa i Marker.

Så vart han utnemnd til sekondløytnant ved Nordenfjeldske gevorbne infanteriregiment 1. juli 1776. Regimentet hadde standkvarter i Christiania. I 1778 vart han kommandert til Kongsvinger festning for å hjelpe ingeniøren der med kartlegginga rundt festningsområdet. Han var attende i Christiania i 1781. Året etter vart han mentor for ein ung underoffiser som seinare skulle bli berømt som offiser og militærteoretikar, Nicolai Tidemand.[5]

Ramm Han avanserte ikkje vidare som offiser, da han mot slutten av 1785 søkte og fekk avskil for å overta stillinga som skoginspektør for Røros koparverk og Fredriksgaves koparverk (Folldalen).

Ramsmoen - heimen på Tynset

Ekteparet Ramm flytta til Tynset i februar 1786, og alle borna deira vart fødde der. Dei kjøpte nokså snart garden Moen (nåverande gnr. 40 bnr. 1). Skøytet til Ramm vart utferda 14. juli 1887. I daglegtale gjekk garden under namnet Lassmoen. Seinare vart den heitande Ramsmoen etter den nye eigaren. Men i følgje Olaf Røst hadde ikkje det nye namnet fått gjennomslag enno i 1880-åra.[6] Ramm dreiv opp den litt vanstelte garden, slik at den snart kunne fø to hestar, 14 storfe og 50 småfe.

Det såkalla Fasterloftet på Ramsmoen, som stod til ut i 1950-åra. Bygningen fekk namn etter Hersleb Ramms ugifte syster Maren Magdalene. I følgje N.R.Østgaards minne frå barndomen på Ramsmoen i 1820-åra, var «Gammelfaster» ei litt eksentrisk og «giftesyk» dame. Bygningen er her teikna av Henrik Mathiesen i 1891.

På folketeljingstidspunktet 1801 bestod hushaldet på Ramsmoen av ekteparet Ramm med tre heimeverande born i alderen 13-15 og dessutan N.H. Ramms ugifte syster Maren Magdalene. [7]

Dottera Maren Magdalene (Malene) vart i 1811 gift med Michael Østgaard, men vart skild frå han i 1818, og flytta da attende til foreldra på Ramsmoen med borna Wilhelmine og Nikolai.

Hushaldet hadde i 1801 ei tenestejente og ein dreng. Men den sistnemnde kan ha vore tenestekar for den lottbrukar-familien i følgje folketeljinga også bur på garden. Det er eit ektepar med eitt barn. Samanhengen må vere at denne familien driv gardsbruket etter avtale om deling av avling og avdrått med eigaren Hersleb Ramm.

På grunn av gjeldsproblem selde Ramm Ramsmoen i 1810,[8] men hadde føderådskontrakt som gav ekteparet burett der i deira levetid. Etter at Ramm døydde (1830), kjøpte dottera Malene Øvre Slåttåsen (nåverande gnr. 71.31) i 1833.[9] Ho og Wilhelmine, som var ugift, budde der til 1844/45, da dei flytta til sonen/broren Nikolai Ramm Østgaard i Christiania. Enkja etter Nicolai Hersleb Ramm har da anten budd saman med dottera og dotterdottera på Slåttåsen, eller ho kan ha nytta buretten på Ramsmoen til ho døydde i 1838.

Skoginspektøren

Inspektørstillinga var eit kongeleg embete. Innehavaren skulle halde oppsyn med skogane som låg innanfor sirkumferensen for dei to koparverka. Ramm vart innsett 16. november 1785.

Skogen han hadde oppsyn over, låg i ålmenning, der dei leveringspliktige bøndene temmeleg uregulert kunne hogge ved og brenne kol til verka. Ramm gjekk snart i gang med utskifting av skogane, fyrst i Tynset hovudsokn, så i Tylldalen og Øvre Rendalen, Os-bygdene, Vingelen og Tolga. Dette svære arbeidet vart ikkje fullført før i 1832, to år etter at Ramm var død.[10]

Koloniseringa av Bardu

I 1788 fekk skoginspektøren i oppdrag frå Rentekammeret å reise nordover for å synfare skogane i Bardu med tanke på rydding og busetjing der. Ramm reiste saman med futen i Senja og Troms, Jens Holmboe, som var initiativtakar til og pådrivar i koloniseringsarbeidet der.

For Ramm tok reisa fire månader frå april til august 1789. Jamvel om han ikkje agiterte direkte for flytting til Bardu, er det liten tvil om at beretningane hans gjorde sitt til at koloniseringa av Bardu og Målselv vart dominert av innflyttarar frå Nord-Østerdalen og Gudbrandsdalen. Før 1789 var det folk frå Vefsn og RanaHelgeland som hadde slege seg ned nedst i Målselvdalen.[11] Også futen Holmboe hadde gode kontakter i den same landsdelen som Ramm. Holmboe var fødd og oppvaksen på Lesja, og korresponderte mellom anna med den driftige bonden og entreprenøren Ole Evenstad i Stor-Elvdal, som skal ha fått husmannsfamiliar derifrå til å dra nordover. Holmboe gjekk inn for at sørnorske bønder og ikkje den etter hans oppfatning mindre jordbrukskyndige kystbefolkninga skulle bli nybyggjarar i Bardu og Målselv.

Ramm og Holmboe kjende ikkje kvarandre før Ramm kom på synfaringa i 1789.[12]

Ramm teikna kart og skreiv ei fyldig beretning frå reisa i Bardu. Han førde også dagbok som er trykt i Budstikken, i utdrag også mellom anna i bygdeboka for Bardu.

Krigskommissær

Som vernepliktig offiser vart Ramm utkalla til oberst Seues brigade da krigen mot Sverige braut ut våren 1808. Han fekk oppdrag i Kongsvinger-traktene, og fortel sjølv at han var «Øyenvidne» til trefningane ved Lier og Jaren.

Han fekk fyrst og fremst i oppgåve å skrive ut soldatar i Vinger, Odalen, Solør, Hedmarken, Gudbrandsdalen og Østerdalen. Han vart konstituert krigskommissær etter at krigen var over, og skulle som såvoren rekruttere mannskap til skiløparbataljonen, den lette infanteribataljonen, Akershus infanteriregiment og Akershus ridande artillerikompani. Oppdraget som krigskommissær ser ut til å ha vorte avslutta i løpet av 1810.

Andre offentlege oppdrag

Også utanom det ekstraordinære oppdraget som følgde av krigen, vart Ramm nytta som fagmann i ei rad offentleg oppdrag ved sida av hovudstillinga som skoginspektør.

I 1811 sat Ramm saman med futen Lyng på Hedmarken og kaptein Juell i ein kommisjon som skulle avklare spørsmål i samband med delinga av Nes statsålmenning på Hedmarken. Titulær professor Ole Andreas Pihl (1766–1834) hadde kjøpt halvparten av denne ålmenninga av kongen (det som seinare er kjent som Pihlske sameie). Bygdefolket hadde protestert mot delinga.[13]

I åra 1813-1816 deltok Ramm i ei rad kommisjonar nedsette i samband med rettstvistar og andre forhold knytta til bergverka på Røros, Løkken, Selbu, Meråker, Levanger o.a. stader. I tida 1820-1824 vart han jamvel peikt ut som mellombels styrar av Fredriks Gaves koparverk i Folldalen.

I 1819 var Ramm formann i distriktsmatrikuleringskommisjonen for Østerdalen futedømme, eit arbeid som tok heile sommaren til synfaringar og forhandlingar.

1814 og nytt styresett

Den 4. mars 1814 var det eidsavlegging til norsk sjølvstende i Tynset kyrkje. Der vart det utferda fullmakt til prost og sokneprest Dircks og gardbrukar Clemet Embretsen Aakren til å vere valmenn for utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Ramm står blant underskrivarane av fullmakta.[14]

Seinare på året var Ramm sjølv representant i ei valmannsforsamlinga som møtte på Grundset i september. Valmennene skulle denne gongen utpeike fire representantar frå Hedmark amt til det ekstraordinære stortinget som skulle møte den 7. oktober.

I mellomtida hadde det vore ein kort krig mot Sverige 28, juli til 14. august. I samband med den vart Ramm beordra som formann for Almuesvæbningen (folkevæpninga, heimevernet) i Tynset og Tolga prestegjeld, og han ordna i samband med dette ein våpentransport frå Røros.

Same oppdraget som valmann hadde Ramm i 1815, da det skulle veljast representantar til det fyrste ordentlege stortinget.

«Gammelspektøren» i bygdesamfunnet

Skoginspektøren og offiseren og hans familie synest å ha vore godt integrerte i bygdesamfunnet. Kan hende er det farga av dottersonens lett idylliserande framstilling av dette i En Fjeldbygd. Men det blir stadfesta til dømes av Olaf Røst, som skriv om dette i 1883 etter eige minne og foreldra sine utsegner om det. Mest direkte gjeld det rett nok utsegner om dottera og dotterdottera «ho Malene» og «ho Mina». Malene var mellom anna fast brurpyntar i bygda. Og om Ramm sjølv skriv Røst at han «var agtet og Afholdt af Tønsætingerne formedelst sit Retsind og sin store Vennesælhed».

Han var kjend for å hjelpe gåverike unggutar av allmugen fram til utdanning og stillingar. Det gjeld mellom andre Olaf Røsts eigen far, Kristoffer Jonsen Røst (1800-1859), som delvis vart oppfostra hjå Hersleb Ramm på Ramsmoen. Kristoffer fekk etter konfirmasjonen fagopplæring i Kristiania som blekkslagar, og praktiserte dette yrket ved sida av gardsbruket da han flytta attende til Tynset.[15]

I alle høve kunne «gammel-spektøren», som inspektøren etterkvart vart omtala som, tilføre bygdesamfunnet ny kunnskap og innsikt. Han var ein typisk representant for opplysningstida, om ikkje potetprest, så i alle fall ein talsmann for nye rotfrukter. Heilt frå den fyrste tida på Tynset distribuerte han kålrotfrø til bøndene der, i Tylldalen og på Tolga.

Ramm kom naturleg nok til å stå sentralt i det meste av det offentlege styre og stell som vedkom bygdesamfunnet. Under hans innverknad vart det ordna med regulær postgang til bygda.

Ramm var den fyrste forlikskommissæren i Tolga frå lova om forlikskommisjonane kom i 1799. I Tynset var det presten Leigh, men da han vart sjuk, overtok Ramm som kommisær også i heimbygda, og var det fyrst til 1808. Etter eit opphald var han pånytt forlikskommisær i Tolga 1818-1821 og i Tynset 1821-1825.

Borgerdådsmedaljen

For sitt samfunnsnyttige arbeid vart Ramm tildelt borgerdådsmedaljen den 31. oktober 1821.[16] Det var fyrste året medaljen vart utdelt etter at den var innstifta av ved kongeleg resolusjon i 1819. Det skulle vere ei høgthengjande påskjønning for «flid og duelighed ved forliksvesenet og andre lignende ombud samt for borgerlige fortjenester av riket», som det heitte i dei fyrste statuttane.

Kjelder og litteratur

  • Eggen, Eystein: Bardu bygdebok bind I. Utg. av bygdeboknemnda Bardu 1950.
  • Furnes bygdebok I. Garder og slekter. Furnes historielag 1941.
  • Kiil, Alf: Målselv bygdebok. Bind I. Målselv kommune 1976.
  • Mellbye, Arne: «Gårdshistorie Hornnes nedre og Kåre-Hornnes», i Magnus, årsskrift for Skjeberg historielag 2001, side 37-38.
  • Morthoff, J.B.: Løtenboka. Garder og slekter, bd I (1949) og bd II (1955).
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Streitlien, Ivar A.: Tynset bygdebok. Gard og ætt. Bind I. Tynset 1972.
  • Streitlien, Ivar A.: «Skoginspektør N. H. Ramm», i Årbok for Glåmdalen 1974 og 1975.
  • Tidemand, Nicolai: Oberst Nicolaj Tidemands Optegnelser om sit Liv og sin Samtid i Norge og Danmark: 1766-1828 Utg. ved C.J.Anker, Kristiania 1881. Digital utgåve på bokhylla.no.
  • Tranberg, Anna: Ringsakboka. Korn og klasseskille. Ringsaker 1993.
  • Østgaard, Nikolai Ramm: En Fjeldbygd. Fjerde opplag 1873.
  • Østgaard, Ragnhild: Utrykte slektstavler ca. 1941 .
  • Østigaard, Arne Dag: «"En Fjeldbygd" – eit glømt 150-års minne» i Dag og Tid 7. desember 2002.
  • Østigaard, Arne Dag: Artikkel om Nikolai Ramm Østgaard i Norsk biografisk leksikon

Referansar

  1. Mellbye, Arne 2001, side 37-38. Jf. kyrkjebok for Skjeberg fødde 1729.
  2. Morthoff, J.B. 1955:479.
  3. Her referert etter Streitlien, I.A. 1974.
  4. Streitlien, I.A. 1974 side 77.
  5. Sjå artikkelen om Tidemand
  6. Røst, Olaf 1981 side 84.
  7. Nikolay Hersleb Ramm i folketeljinga 1801 for Tynset prestegjeld frå Digitalarkivet.
  8. Panteregisteret på Digitalarkivet
  9. Streitlien, I.A. 1972 side 420.
  10. Streitlien, I.A. 1975 side 49.
  11. Kiil, A. 1976 side 33-34
  12. Kiil, A. 1976 side 33.
  13. Tranberg, A. 1993, side 150.
  14. Riksforsamlingens forhandlinger bd. II Adresser og fuldmagter, Kristiania 1914, side 197-198. Digital attgjeving av originaldokumentet på Arkivverkets nettsider
  15. Streitlien, I.A. 1972 side 234.
  16. Streitlien, I.A. 1975 side 56, jf. Røst, O. 1883 side 275.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy