Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Nigard (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Nigard
Nigard Knudsen.png
Alt. namn: (Nedre) Mjølver
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 202
Bnr: 3
Nigard frå sør. Bnr. 3 med stovehus og uthus til høgre, stovehuset til bnr. 4 på venstre sida av vegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Nigard frå nord. Bnr. 4 i framgrunnen med stabburet som kan vere frå 1700-talet. Tunet til bnr. 3 på nedsida av vegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)


Nigard (Luster, gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard.

Innhold

Ein storgard

Nigard var eitt av dei to opphavleg bruka i Mjølver og er truleg eit av dei to som er nemnd som Mieluer i skattelista frå 1596. Dei to brukarane betalte då like mykje i presteskatt.[1]

I leidangsskatt frå 1611 til 1650-åra betalte Nigard (omrekna) 0,24 laupar smør medan dei 2-3 andre bruka i grenda berre betalte 0,13 laupar kvar. Då gardane i Jostedalen byrja å betale leiglendingsskatt i 1627-28, betalte brukarane i Nigard og Bjørkehaugen mest (omrekna 1,5 laupar smør kvar) medan brukaren i Øvre Mjølver betalte 1,17 laupar. Etter ein ny takst frå og med 1653 betalte Nigard mest av Mjølver-bruka.

Matrikkelen av 1666 stadfeste at Nigard var den beste garden i grenda. Leiglendingen her betalte (omrekna) 0,91 laupar smør, Bjørkehaugen var kraftig nedjustert til 0,33 laupar medan Mjølver no var det nest største bruket med 0,73 laupar.

Øydelagt av breen

Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.

Den fyrste kjelda som fortel om problem for bruket er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at breen "forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe".[2] Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft.

På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at breen "nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig." Størstedelen av beite- og slåttemarka til garden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis.[3]

Under ei avtaksforretning 22.-23. august 1742 vert det opplyst at bruket var "forladt for 4de aar siden" (altså 1738), og at breen berre låg 20 alen (12,5 meter) frå dei fråflytte husa. Landskylda på bruket vart no teken heilt vekk, og Nigard vart stroken frå matrikkelen.[4]

Året etter øydela breen òg gardstunet. Presten Matthias Foss skreiv i 1750 at i august 1743 "havde Iisbræen ei allene skudt sig frem de 100 Alne i Længden, foruden umaadelig i Breden, men endog borttaget Husene, omkastet dem, væltet dem for sig med en umaadelig Mængde af Jord, Gruus og store Stene fra Afgrunden og knuset dem i ganske smaa Stykker, som endnu er tilsyne, og Besidderen maatte med hast forlade Gaard og Grund med Sine og Eiendele og søge sig Huus, hvor han kunde."[5] Etter ein munnleg tradisjon skal ikkje dei som budde i Nigard ha forlate garden før "Bræen havde skudt Huset paa skraa". Opplysninga kjem frå Gottfred Bohr (1820) som refererer til "flere", mellom anna "En 92 Aars gammel Kone, som først døde 1810, i Følge Justedals Ministerialbog" og som "ofte have været i den gamle Nigard".[6] Det må vere snakk om legdslemen Kari Bjørkehaugen som døydde 15. april 1810.[7] Det er likevel tvilsamt om det budde folk her i 1743 sidan avtaksforretninga i 1742 slo fast at garden var fråflytt alt i 1738.

Husmannsplass

Breen nådde maksimum i 1748 og byrja deretter å trekkje seg attende. Det er noko uvisst når det igjen kom busetnad i Nigard. Då presten Matthias Foss tok opp eit manntal over innbyggjarane (sjeleregister) i Jostedalen 1759-60, budde ingen i Nigard, og det var ingen husmannsplassar under korkje Mjølver eller Bjørkehaugen. Øyane meiner derimot at Nigard vart teken i bruk før dette. I alle høve vart Nigard på denne tida ein husmannsplass under Mjølver.

Bruksdeling og sjølveige

Den siste husmannen i Nigard var Ole Otteson Nigard (1784-1844). Han fekk festesetel på plassen i 1807. Sjur Paulsson, ein av sønene på hovudbruket Mjølver, fekk 7.6.1830 festesetel på at han fekk overta plassen når Ole Otteson flytte derifrå. Dette hende dagen før Pikhaug vart fråskild og seld til svigerbroren Anders Endreson som var gift med systera Agatha.

Det skulle likevel bli ein omstendeleg veg fram mot sjølveige for Nigard. Den 3.6.1834 fekk Mjølver-eigaren Paul ... fråskild og matrikulert Nigard, og bruket fekk med seg 1/3 av skylda som var att på hovudbruket. Same dagen vart Nigard selt til Nils Nilsson Yttri. Sjur Paulson, som altså hadde festesetel på å overta bruket, kjøpte så Nigard frå Nils Yttri den 24.10.1837.

Men etter halvtanna år selde Sjur Olsen Nigard vidare til lensmann Ole Hansson Urdahl (skøyte 9.4.1839), og Urdahl selde garden til Anders Olson 26.5.1841. Korkje han eller kona kom frå Mjølvergrendi.

Ole Otteson heldt fram som husmann i Nigard gjennom alle desse eigarskifta til han døydde i 1844. Enkja etter han, Bentha Pedersdotter, budde deretter på plassen fram til 1847. Dette året kunne så Anders Olsen (frå Baggetun under Haugen) og kona hans Kari Olsdotter (frå Alsmo) ta over Nigard som dei fyrste sjølveigarane.

Bnr. 4 Nigard

Kring 1845 hadde Otto Guttormson frå Fossen fått rydde seg ein parsell i Nigard og flytt hit. I samband med at eigarane Anders Olsen og Kari flytte hit, vart Nigard 2.6.1847 delt i to jamstore bruk (bnr. 3 og 4).

Sidan vore det vore to bruk i Nigard.

Gardshusa

Det finst ingen sikre opplysningar om kvar gamletunet i Nigard låg, og Nigardsbreen har sletta alle spor etter det. Då Nigard vart teken opp att som husmannsplass ein gong etter 1750, vart husa truleg sette opp der tunet ligg i dag. Delet mellom bruka går om lag gjennom krysset med gamletunet (bnr. 3) på austsida og det nyare tunet (bnr. 4) på vestsida. Stovehuset på bnr. 3 i dag er sett opp kring 1910 og står på same staden som det eldre stovehuset. Uthuset som står i dag, vart bygt kring 1915. På same tida vart det gamle uthuset på ovansida av vegen rive.

Stovehuset på bnr. 4 vart bygt i 1916 vegg i vegg med det gamle stovehuset som truleg var frå delinga i 1847, og gamlestova vart riven på same tid. Det gamle uthuset vart rive i 1975 då eit nytt vart oppsett. På ovansida av vegen står eit stabbur som kan vere frå 1700-talet.

Notar

  1. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  2. Skade av breen i Mjølver (1723) (Jostedal historielag)
  3. Tingsvitne 1735 (Jostedal historielag)
  4. Avtaksforretningar 1742 (Jostedal historielag)
  5. Foss 1802, s. 17-18
  6. Bohr 1820, s. 6
  7. Kyrkjebok for presten i Jostedalen 1807-1837, s. 9a

Kjelder og litteratur

  • Nigaard i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Mjelvær i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Foss, Mathias. (1802). Justedalens kortelige Beskrivelse. Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse, 2 (nr. 1), 1-44. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Bohr, Gottfred. (1820). Om Iisbræerne i Justedalen og om Lodalskaabe. Særtrykk av Blandinger, eller Læsning for begge Kjön. Et Hæfteskrift. Christiania. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital utgåve på bokhylla.no. Side 651-655.


Koordinater: 61°39′30″ N 7°16′33″ Ø

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy