Njardarlog

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysnes kommune gav i 2009 ut brosjyren "Gudestreif i Njardarlog" med Knut Rage som hovudforfattar.

Njardarlog er det gamle namnet for øya som i dag heiter Tysnes (i Sunnhordland). Namnet vert gjerne knytta til harudane si innvandring på Vestlandet i bronsealder eller eldre jarnalder og deira dyrking av grødegudinna Nerthus, som seinare vart til guden Njord. Andre lokale namn frå denne tidsepoken, som Ve, Tysnes, Godøy, Lunde, Vevatn, Hovland, Onarheim og kanskje Helland (Helgaland) har såleis samanheng med den sentrale dyrkinga av Njord, som hordane knytte til Tysnes. «Det kan ikkje vera eit reint tilfelle at me finn slike heilagdomsnamn nett i det området som vitnar om Njord sitt heilage lovsamband», skriv lokalhistorikar og forfattar Johannes Heggland i band 1 av Tysnes-soga.

Nemninga Njardarlog for hovudøya Tysnes stod ved lag til reformasjonen, og levde sidan vidare i folketalen fram til våre dagar. l tusen år har namnet såleis vore kjent, men det er ikkje urimeleg å tru at namneforma er minst 2000 år gammal. Den første skriftlege nedteikninga me kjenner til er i Olavssoga, i samband med opprekninga av mennene på Ormen Lange - der Tordr or Niardarlog (eller Niardar laug) vert omtala. I diplom frå mellomalderen finn me desse formene:

  • 1288: i Niardarlavg (Dipl. Norv. II, 24)
  • 1427: j lardharlagh (D.N. XII, 152)
  • 1427: j Niardarlaugh (D. N. XII, 228)
  • 1490: i lardhalogh (D. N. XII, 155).

I Flateyjarbok o.a. er det ei anna form: mardarlaug.

Under reformasjonen rundt 1530, vart dette namnet sett på som heidensk og endra til Tysnes, som var namnet på området der prestegarden låg. Dei bytte då eit hedensk namn med eit anna, namnet Tysnes stammar frå Ty. Detta kan peika tilbake til namnet på den norrøne krigsguden, eller ein heidensk himmelgud. Båe namna har parallelle utspring i heidensk mytologi frå førkristen tid.

Namnets fonetiske utvikling og tyding

På ymse eldre kart finn me namnet Jarlø for dagens Tysnes. Den fonetiske utviklinga synest å ha vore: Njardarlog - Jardalog - Jerlaug - Jarlo - Jarløy. Den siste delen av namnet er skrive både -log og -laug. Det har vore diskutert om ikkje den opphavlege forma var -laug, altså det same som i moderne no. "lauga", dvs. vatn. Eivind Vågslid tolkar ordet Njardarlog som "tronge farvatn" (etter norrønt "njorva" for "trange"). Ei anna tolking har vore at det tyder "Njord sitt kultiske bad".

Den tolkinga som har blitt ståande er likevel at namnet tyder guden Njord sitt lovområde. Det norrønt ordet "log" tyder såleis stad, område, der serskilde lover og reglar gjeld, eit lagdøme.

Litteratur

  • Heggland, Johannes: Tysnes - det gamle Njardarlog (1963)
  • Vågslid, Eivind: Stadnamntydingar II (1974)