Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Notlag var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Laga vart organisert for å utnytte fiskeressursane i fjordane på ein best muleg måte.

Heimefiske har til alle tider vore viktig for folket som var busett langs fjordane og kysten i Noreg. Gardane var små, og maten frå fjorden var heilt naudsynt for livberginga. Fisken gav òg inntekter i form av pengar, noko som har vore med på å sikre busetjinga langt opp mot vår tid.

Frå riktig gamal vart det nok fiska med snøre, men etter kvart tok ein òg i bruk garn og not. Nokre fiskeslag, t.d. sild og makrell, kan kome inn i fjordane i store stimar, og da kan fiske med nøter gje store fangstar. Dette førte til at fjordbøndene nokså tidleg organiserte seg i slike notlag, der kanskje eit heilt grendelag gjekk saman. Eigardel i eit notlag var verdifull, det kan ein sjå av tradisjon om at ein son kunne få notalagsparten i bryllaupsgåve frå far sin. Dette har endra seg, og dei fleste notlag er no nedlagde.

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy