Ola F. Gjeilo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola F. Gjeilo (fødd i Skjåk 29.9.1891, død same stad 31.12.1978) var gardbrukar og lokalpolitikar i Skjåk. Mellom anna var han ordførar for Bondepartiet i Skjåk i to periodar i 1920- og 1930-åra.

Foreldra var Frants Olsen Gjeilo (frå Storkjørren, fødd 1861) og hustru Embjørg Amundsdotter Dalen (fødd 1870). Ola var eldst av ni sysken. Han var fødd på Amundsted på Dalane, der foreldra budde den gongen. Faren var da innført i kyrkjeboka som arbeider Frants Olsen Storkjørren. I folketeljinga 1900 er familien busett i drengestova på Nigard Skjåk. Da var faren oppsynsmann i vegvesenet. Snart etter dette kjøpte dei garden Søre Gjeilo (Gjellaug nordre, i dag gnr. 4.1 Søpå Gjeilo).

Av utdanning hadde Ola folkeskulen, kanskje eit års framhaldsskule, og i alle høve eit år ved folkehøgskulen på Voss.

Han gifta seg i 1912 med Synne Jonsdotter Gjeilo, fødd på Vågåsar i Lom, men oppvaksen på Sygard Gjeilo (gnr. 5.1) i Skjåk, nabogarden til Søpå Gjeilo. Ola og Synne fekk fem born, fødde i tidsrommet 1913-1923.

Ola og Synne vart gardbrukarar på Sygard Geilo, som ho hadde overteke etter fosterforeldra sine i 1911. Ola og Synne overlet garden til sonen Gregor i 1954.

Ola Gjeilo vart fyrste gongen innvald i kommunestyret ved valet i 1919 på lista for Venstre/Radikale folkeparti. Han sat da den eine perioden (1920-1922). Da han kom inn att neste gong, ved valet i 1925, representerte han Bondepartiet, som han alltid sidan gjorde. Han var i kommunestyret samanhengjande 1926-1937, og på nytt 1946-1947. Han var ordførar 1926-1928 og 1932-1934.

I 1966 gav Gjeilo ut eit lite hefte med minne frå si mest aktive politikartid, Glimt fra mellomkrigsåra. Det han legg hovudvekta på, er naturleg nok den vanskelege økonomiske situasjonen for bygdefolket og kommunen, skapt av «pengemangel, gjeldstrykk, renteåk og skattebyrde», som han uttrykkjer det. Av dei store sakene han var involvert, i kan nemnast kraftutbyggingsplanane for Høgfossen, vinterbiltrafikken gjennom Ottadalen, arbeidet for å berge kommuneøkonomien, og ikkje minst vegen gjennom Lundagrenda og fleire setervegsprosjekt som kom i stand mellom anna som eit ledd i sysselsetjingspolitikken.

Gjeilo var også aktiv på fleire samfunnsområde utanom kommunepolitikken. Det galdt særleg slikt som var knytta til landbruket og bondelagsrørsla. Han var med i styret for Lom og Skjåk ysteri i 27 år, ein god del av den tida som formann. I mange år sat han i rådet for Bøndernes Blad. I styret for Skjåk Almenning var han med i tidsrommet 1937-1941.


Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer