Ole Aabel

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Ole Aabel (fødd 7. januar 1757 i Tveit, Vest-Agder, død 17. mars 1852 i Aurland, Sogn og Fjordane) var sokneprest i Jostedalen og Aurland. Han vart student frå Kristiansand i 1778 og cand.theol. 8. oktober 1782. Etter ei tid som huslærar i Oddernes vart han 11. juni 1784 tilsett som personleg kapellan til Homedal.

Prest i Jostedalen

5. oktober 1792 vart Ole Aabel utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld, og i februar 1793 kom han til bygda og heldt tiltredingspreika si. I kallsboka (skrive 1830) heiter det at han trong all kraft "for at udrydde de herskende uordener med drik og kortspil" etter den førre presten Matthias Foss. Dette lukkast han godt med og vann "med justedølernes hele kjærlighed og agtelse".[1] Då han i 1800 søkte ded ledige sokneprestembetet i Aurland, skreiv biskop Johan Nordahl Brun i attesten at Aabel hadde vore "8 aar i denne lille for alle mennesker afsondrede fjeldbygd", noko som "bør gjøre ham i promotionsvei fuldkommen lig med missionairer".[2] Å vere sokneprest i Jostedalen vart altså jamført med å vere på misjonsmarkene. I Jostedalen fekk Aabel og kona Christine Margrethe f. Pavels mellom anna sonen Peder Pavels Aabel, som seinare vart sokneprest i Jostedalen.

Prest i Aurland

Aabel var einaste søkjar til prestekallet i Aurland og vart utnemnd 30. mai 1800. Han gjekk av 17. oktober 1839 med ein årleg pensjon på 400 spd og høve til å bruke enkjesetet så lenge det var ledig. I 1830 bygde han eit hus like ved Vangen kyrkje i Aurland som i dag er kjent som Aabelheim.[3]

Ein av etterkomarane til Ole Aabel er den kjende skodespelaren Per Aabel.

Notar

  1. Kallsboka, fol. 32b
  2. Munthe 1921, s. 17, jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 183f
  3. Omtale i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, C. M. (1921). Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegtshistorie; trykt som manuskript. Kristiania. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Matthias Foss 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Johan Henrik Lind