Ole Rasmusson Bergset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Rasmusson Bergset (døypt 12. deseber 1796, død 1. august 1873) var frå Bergset i Jostedalen. Han var yngste bornet til gardbrukar Rasmus Erikson Bergset og Gjertrud Andersdotter.

Ole gifte seg 12. juli 1830 med Johanna Tøgersdotter (1805-1867) frå Nystølen under Bjørk. Ole og Johanna fann fyrste tida levebrødet sitt som innerstfolk på Runningen og deretter som husmannsfolk på Hammaren, båe under Myklemyr.

I 1840 flytte dei til Ole sin heimgard Bergset og rydde seg der plassen Brænna, som då vart den fremste buplassen i Krundalen.

Ole og Johanna fekk åtte born:

  • Gjertrud Olsdotter (1830-1834)
  • Rasmus Olson (1832-1879), husmann på Gamlestubben under Øvre Fåberg
  • Tøger Olson (1835-1933), husmann i Syneshaugen under Vigdalen i Luster
  • Gjertrud Olsdotter (1837-1865), fyrste kona til husmann Tøger Larsson Kilen
  • Siri Olsdotter (1837-1855)
  • Ole Olson (1842-1842)
  • Kari Olsdotter (1843-1892), andre kona til husmann Tøger Larsson Kilen
  • Ole Olson (1845-1845)

Etter at dottera Gjertrud døydde i 1865, flytte svigersonen Tøger Larsson Kilen og sonen hans Lars inn på Brænna til Ole, Johanna og dottera Kari.[1] I mai 1867 døydde Johanna medan svigersonen Tøger i juli same året gifte seg med dottera Kari, syster til den førre kona. I 1867 rydda dei plassen Tøgeplassen under Li. Denne plassen vart i 1868 teken av snøskred.

Ole Rasmusson Bergset vart buande på Brænna til han døydde i 1873, den siste tida som legdelem. Etter at han døydde vart plassen nedlagd, og jorda gjekk attende til garden.

Notar

  1. Tøger Larssen i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 913. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer