Omfar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Omfar er eit begrep som vart og er brukt om mange ting, og som ofte ikkje er så lett å forstå: For ting som som er rundt, firkanta, ovalt (heng saman på ein omgang) og ein beskriv ei runde rundt om tingen er det nokolunde forståeleg og greit:

  • Ein omgang, ei høgd, med liggande tømmer eller fjøler på eit hus/byggverk.
  • Ein omgang, ei høgd, ein bordgang på klinkerbygd båt og hudplank på kravellbygd båt.
  • Ein omgang, ei høgd, ei maskerad, i eit strikketøy som heng saman rundt.

For ting som ikkje går eit omfar rundt tingen, men er ei sak med to endar, er begrepet og brukt:

  • Ei høgd med troder eller streng på ei hes for tørking av høy/gras.
  • Ei høgd med liggande plank eller bordkledning på ein vegg.
  • Ei liggande høgd eller steinrad på ein mur.
  • Ei maskerad på eit strikka stykke (sjølv om dette ikkje er rundstrikk).
  • Ei maskerad på eit fiskegarn. For garn er dette totalt masketal mellom topplina og botnlina. Ved bruk blir maskerada ståande veritikalt i sjøen.
  • Ei maskerad på breidda på ein notbolk. Bolkane er vanlegvis monterte ståande side ved side. Maskerada blir her i horisontal retning.

Omfar oppgitt som størrelse for maskar i not og garn: I Noreg er det Fiskeridirektoratet som har hand om sanninga her med detaljert regelverk for korleis omfar skal målast for kvar enkelt vegntype. Sjekk derfor alltid med regelverket så du ikkje kjem i «uløkka»: Sjå skisse hos Miljølære Ein garnmaske er i teorien eit rektangel der hjørna blir kalla knute og tråden mellom knutane heiter stolpe.

Gamal målemetode: Tal knutar på ei gamal norsk aln/alen som er 0,6275 m. (= 2 norske fot = 24 norske tomar). Du strekker not eller garn så stolpane i masken ligg paralellt og tel knutar. Døme: Småbunden not 96-omfar har 96 knutar på ei norsk alen der nota er strekt i lengderetninga. Med to stolpar på masken diagonalt er det 48 maskar på ei alen. Ein strekt maske = to stolpar = 0,6275 m/48 maskar = 0,0103 m = 10,3 mm (bruk ei skyvelære i masken og strekk masken med den så er du ganske nær målet).

Dagens målemetode (2010): Ein oppgir lengda diagonalt i ein strekt maske målt etter Fiskeridirektoratet sine retningslinjer for spesifisert not- eller garntype. Oftast gjenomsnittsmåling for eit spesifisert antal maskar.


Kjelder