Ormberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ormberg
Ormberg gamletunet.JPG
Gamletunet på Ormberg (bnr. 3)
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 187

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar.

Gamal, men liten gard

Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.[1]

Då jostedalsbøndene byrja å betale leiglendingskatt i 1627/28, fekk Ormberg ei skyld på 2 pund smør. Ormberg var såleis mellom dei 3-4 minste gardane i bygda. Skylda var 2 pund til 1742 (sjå nedanfor).[2]

Overgang til sjølveige

Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe. (Sjå detaljar og referansar under Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Etter dette vart Ormberg verande i Munthe-ætta saman resten av jostedalsgodset. Då godset vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe etter 1754, var det Ludvig Munthe (1717-1785) som fekk hand om Ormberg. Han overtok åtte gardar, og dei seks siste, mellom anna Ormberg, selde han til leiglendingane 10. september 1771. Ein av dei var Anders Andersson Ormberg som hadde teke over som leiglending på garden i 1764 og såleis vart den fyrste sjølveigaren då han kjøpte garden for 210 rdl.

Flaumskade 1741

Ein storflaum i 1741 valda stor skade på Ormberg, og det var ein av fem gardar i Jostedalen som det var halde avtaksforretningar for i august 1742. Her heiter det at elva hadde gått tre omfar opp på fleire av gardshusa under flaumen. Av eng- og åkerlandet på nedsida hadde elva greve bort 44 av 155 dekar (mest 30 %), og på ovasida var 8 dekar borte. Mykje av den attverande marka var "overskyllet adskillig stæder med sand", og oppsitjaren Anders Ormberg oppgav at "hand ingen afling fik til føde for samme Aar".

På toppen kom frost og misvekst som var til skade for avlinga på dei fleste gardar gjennom uåra kring 1740. Anders fortalde at han av 1 tønne utsæd berre fekk 1 tønne og 3 meler kornavling, altså stusslege 1,3 foll (1666-matrikkelen for Jostedalen opererte med 3 foll som det normale). Han måtte difor "saavel som alle andre i Jøstedalen udj almindelighed, brugt furre- og alme-bark at tørke og male, og samme blant deris Korn Meel til brød forblandet."[3]

Ormberg fekk skylda på 2 pund smør nedsett med 12 merker til 1 pund og 12 merker, altså ein reduksjon på 25 %. Ormbergstølen fekk ved fråskiljinga i 1825 ei skyld på 9 merker slik at hovudbruket vart ståande att med 1 pund og 3 merker.

Bruk

Julekort frå Marie Ormbergstøl (bnr. 2) til skyldfolket på Skattum på Toten (1916).

Ormberg vart delt i to bruk 1655-1669 og 1717-1739. Delar av den siste perioden vart halve bruket drive som ein del av Åsen.

Sidan 1800-talet er matrikkelgarden delt i følgjande bruk:

  • Bnr. 1, Ormberg - fråskild 20.10.1840 då hovudbruket (bnr. 3) vart delt i to jamstore delar
  • Bnr. 2, Stølen (òg kalla Ormbergstølen) - fråskild 25.10.1825
  • Bnr. 3, Ormberg - det opphavlege bruket
  • Bnr. 7, Elvestad - fråskild bnr. 1 den 17.7.1939
  • Bnr. 16, Elvøy - fråskild 15.10.1985

Husmannsplassar

Det er registrert åtte plassar og heimar under Ormberg. Frå sør mot nord var det:

  • Svalem (Ormbergstølen) - rydda kring 1775, utskild som bnr. 2 i 1825
  • Nedstegjerdet - rydda i 1830-åra, plass under bnr. 2, låg kring 100 meter nord for Ormbergstølen (ned mot elva), nedlagd i 1920-åra
  • Flatane (Klokkarøyen) - rydda kring 1825 og låg på flata kring 200 meter sør for det nye gardstunet frå 1950-åra (bnr. 1), nedlagd i 1840-åra
  • Rokkeplassen - heim rydda i 1830-åra, låg nær gamletunet, nedlagd sist i 1860-åra
  • Sva - kårstove bortfest som plass i 1850-åra, låg nær gamletunet, nedlagd i 1890-åra
  • Jetmundplassen - rydda kring 1918, låg i gamletunet, nedlagd i 1960
  • Elvestad - rydda i midten av 1930-åra, utskild som bnr. 7 i 1939
  • Elvøy - rydda i midten av 1930-åra, utskild i 1985 som bnr. 16

Gardstuna til bnr. 1 og 3

Gamletunet på Ormberg (bnr. 3) i framgrunnen, det nye tunet frå 1950-åra (bnr. 1) i bakgrunnen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Det gamle tunet på Ormberg ligg kring 50 meter aust for Jostedøla i nordenden av elvesletta der køyrebrua går over elva. Husa ligg i hellinga ned mot flata.

Ved delinga av garden i 1840 valde brukaren på det som i dag er bnr. 1 Ormberg det dei kalla "det øvre tunet". Etter eit jordskifte kring 1950 vart husa som høyrde til bnr. 1 rivne, og eit nytt gardstun vart bygt opp på elvesletta kring 500 meter sør for gamletunet. Det eldste stovehuset i dette tunet vart oppsett i 1953. Dette bruket er framleis i drift. Her går det ei gamal hengebru (gangbru) over elva.

Gamletunet høyrer i dag såleis til bnr. 3. Stovehuset her vart bygt i 1918. På same tida vart det gamle stovehuset rive. Det stod kring 40 meter nord for det nye, litt høgare i terrenget, og var truleg frå 1700-talet.

Personar frå Ormberg

Notar

  1. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  2. Jf. Skattematrikkelen 1647 (Jostedal historielag)
  3. Avtaksforretningar i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur