Ormbergstølen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ormbergstølen
Kristen Ormbergstøl, Johanna Ormbergstøl, Marta Ormbergstøl, Melchior Ormbergstøl.jpg
Slåttonn på Ormbergstølen i 1920-åra
Alt. namn: Svalem, Stølen
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 187
Bnr: 2
Postnummer: 6871

Ormbergstølen (Luster, gnr. 187/2) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Ormberg.

Ormbergstølen vart rydda som den fyrste husmannsplassen under Ormberg kring 1775 og vart den gongen kalla Svalem. Før det hadde plassen truleg vore støl for brukarane på Ormberg.

Ved ei delingsforretning 25. oktober 1825 vart Ormbergstølen (Stølen) skild ut frå det gamle hovudbruket på Ormberg (bnr. 3).

Den gamle ferdslevegen frå Jostedalen til Luster tok opp frå hovuddalføret ved Ormbergstølen og gjekk over til Vigdalen og så ned Dalsdalen til Luster. Denne vegen var også stølsveg. På nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane heiter det: «Gardsbruka Ormberg og Ormbergstøl hadde vårstøl på Kleivane, det flatlendte området nett ovom gardane, medan dei stølte på Nosi opp frå Vigdal og Breidsete øvst i Vigdalen om somrane. På Breidsete leigde Ormbergstøl stølsplass frå 1905 og Ormberg frå 1929. Begge stølte på Breidsete til 1952.»

To av ordførarane i Jostedalen kring 1900 kom frå dette vesle småbruket, Anders Christenson Ormbergstøl og sonen Kristen Andersson Ormbergstøl.

Jostedal kraftverk, bygt i 1980-åra, ligg på Ormbergstølen.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 61°31′30″ N 7°16′54″ Ø