Otto Tøgerson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Otto Tøgerson Snøtun (Talle) (fødd kring 1731 i Jostedalen, død 27. april 1805 i Luster) var frå Snøtun i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han vart 4. september 1758 tilsett som lensmann i Jostedalen etter faren Tøger Ottoson Snøtun.

Otto Snøtun fekk 28. oktober 1758 skøyte på Snøtun hjå far sin, som året før hadde vorte den fyrste sjølveigaren på Snøtun etter å ha kjøpt garden av Gerhard Munthe. Men broren Jens Munthe tok attende garden på odel 27. mars 1760 og gav Otto Snøtun bygselsbrev som leiglending på Snøtun 25. oktober 1762.

I 1768 flytte så Otto til Lavoll i Luster, og han gjekk då av som lensmann og vart etterfølgd av bror sin Lars Tøgerson Snøtun. Otto gifte seg 27. juni 1768 med Kristina Thomasdotter frå Dalsøyri. Etter at far hennar 27. juli 1776 vart eigar av garden Talla i Luster etter eit makeskifte, flytte Otto og Kristina hit. Den 14. april 1779 fekk så Otto skøyte på garden frå svigerfaren. Men ekteparet vart skilt i 1794, og garden vart då delt i to like store bruk mellom dei. Dei var barnlause.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 139.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 851. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Tøger Ottoson Snøtun 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars Tøgerson Snøtun