Peder Andersson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Andersson Snøtun (fødd kring 1766, død 2. desember 1830) var gardbrukar Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Peder Snøtun var ein av dei tretten underskrivarane på adressa i samband med valet av utsendingar til Riksforsamlinga i 1814.[1]

Han var òg av dei fyrste som fekk røysterett i Jostedalen. Han svor eid til grunnlova på tinget 7. juni 1815.[2]

Foreldra hans var Anders Pederson Snøtun (ca 1731-1816) frå Nedre Fåberg og Kari Olsdotter (ca 1725-1762), dotter av klokkar Ole Knutson Grov og Martha Olsdotter. Foreldra flytte til Snøtun då Peder var 2 år, så han voks opp der. Faren var fyrste sjølveigaren på Snøtun.

Peder gifte seg med Martha Ottesdotter (1772-1795) frå Alsmo i Luster kring 1791. Han fekk skøyte på Snøtun hjå far sin 7. januar 1792, men dei busette seg visstnok i Bakkane. Martha døydde i 1795, og Peder bortfeste Bakkane som husmannsplass og vart sjølv gardbrukar på Myklemyr.

Han gifte seg opp att 13. juni 1796 med Johanna Larsdotter (ca 1766-1841) frå Bakken. Dei var ei tid gardbrukarar både på Alsmo og Bruheim før dei i 1813 flytte til Bakkane. I 1800 vart Snøtun delt i to, og Peder skøytte halve garden til broren Ole Andersson Snøtun medan han sjølv heldt på Bakkane. Dette skjedde truleg etter ei usemje mellom brørne, for delinga kom i stand etter eit forlik i forlikskommisjonen.[3]

I 1825 delte Peder så Bakkane i to, og frå 1827 var han og Johanna kårfolk hjå sonen Lars på det utskilde bruket Reina.

Peder og Martha fekk to born:

  • Anders Pederson (1792-1871), gardbrukar på Alsmo i Luster
  • Otto Pederson (1794-1855), husmann i Leirdalen i Luster

Peder og Johanna fekk seks born, og fem av dei voks opp:

  • Lars Pederson (1797-1861), som tok over ReinaSnøtun
  • Halvor Pederson (1799-1852), gardbrukar på Røneid i Luster
  • Martha Pedersdotter (1801-1853), husmannskone i Leitehaugen under Grov
  • Peder Pederson (1806-1875), paktar i Kreken
  • Kari Pedersdotter (1806-1873), husmannskone på Røneid

Notar

  1. Val til Riksforsamlinga i Jostedalen (Jostedal historielag)
  2. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  3. Laberg 1944, s. 61

Litteratur

  • Peder Andersen i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 845. (Digital utgåve, NBdigital).

Eksterne lenkjer