Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Pite lappmark

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje.
Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området.

Innhold

Historie

Først på 1600-talet omfatta Pite Lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid.

Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark.[1]

I 1601 fanst i følgje manntalet 32 skattebetalarar i Arvidsjaursbyn, 40 i Semisjaur, 66 i Laisbyn og 35 i Luokta.[2]

Anders Bures kart over Nordkalotten frå 1611, som truleg er basert på opplysningar frå dei første åra av 1600-talet, finn vi att Arnijerfell (Arvidsjaur) ved Byskeälven, Lochtari og Semisjerfi ved Skellefteälven og Laisbij ved Vendeles T[resk] (Storvindeln) i Vindelälven. Byane er viste med teltsymbol som truleg viser vinterbuplassane til byane.[3]

Det finst opplysningar om at det vart halde samemarknader Lillpite by først på 1600-talet. Truleg fór birkarlar òg opp til dei samiske vinterbuplassane for å handle.[4]

I 1606 vart Laisbyn overført til Ume lappmark. Under Nasafjellsepoken vart så delar av den gamle Laisbyn overført til Pite lappmark att, men etter at gruva vart øydelagt i 1659 fekk Pite lappmark si definitive grense mot sør.

I løpet av 1600-talet kom tre nye samebyar til i Pite lappmark: Arjeplog, Norrvästerbyn og Södervästerbyn. Samtlege braut ut or den gamle Semisjaursbyn; Södervästerbyn kanskje òg delvis or Luokta. Den nye Arjeplogsbyn bestod av skogssamar medan Norrvästerbyn og Södervästerbyn bestod av fjellsamar.[5]

Etablering av kyrkjestader

Når Karl IX 1606 anla dei fire første kyrkjestadene i lappmarkene fekk samebyane i Pite lappmark ein felles kyrkjestad i Arvidsjaur. Der fanst det allereie eit kapell på den tida, men vi veit ikkje mykje om dette kapellet. Samtidig vart Laisbyn overført til Ume lappmark for å auke grunnlaget for kyrkjestaden i Lycksele. [6]

Den nye kyrkjestaden i Arvidsjaur vart òg den einaste tillatne marknadsplassen og dermed sentralstad i Pite lappmark. Men allereie i 1640 vart det oppretta enda tre forsamlingar i Pite lappmark: Arjeplog, Silbojokk og Nasafjäll. Denne endringa bygde på og var heilt avhengig av Nasa silvergruva. Til Arjeplog vart no Lais- og Granbyn (dei nordlegare delane av den gamle Laisbyn) overført frå Lycksele lappmark, så vel som Tuorponbyn frå Lule lappmark. Til Silbojokks kyrka vart smeltehyttefolket og Semisjaurs lappby overført, og til Nasafjälls kyrka vart bruks- og gruvefolket og ein del fjellsamar overførte. Arvidsjaur og Luokta samebyar fekk halde på Arvidsjaur som kyrkjestaden sin.

Den nye forsamlingsinndelinga fall saman etter at Nasa silvergruva vart øydelagt i 1659. Kyrkjestadene som greidde seg vidare var Arjeplog og Arvidsjaur. Samane i Lais- og Granbyn kravde, og fekk innvilga, å få ha Lycksele som sin kyrkjestad att. Likeleis vart Tuorpon lagt til Lule lappmark att.[7], [8]

Kolonisering

Pite lappmark var den lappmarka som vart sist kolonisert. Den første nybygginga var truleg Kasker i Arjeplog, som vart grunnlagt av ein same under dei første åra av 1700-talet. På resten av første halvdelen av 1700-talet vart berre to nybyggingsområde etablerte i området, begge innaføre Arjeplogs sokn og grunnlagt av samar. Den første nybygginga i Arvidsjaur var Glommersträsk og Pjesker, som vart grunnlagte av inflytta svenskar i 1750-åra. Først i 1760-åra sette koloniseringa fart for ålvor i Pite lappmark. Den første nybygginga i Malå viste seg i 1769.

Seinare var det òg mykje vanlegare at samar grunnla nybygginga i Arjeplog än i Arvidsjaur, medan svenskar var meir aktive i Arvidsjaur. Mange av nybyggjarane i Arvidsjaur kom frå Skellefteå sokn, medan berre eit fåtal kom frå Piteå.[9], [10]

Kjelder

  1. Holmbäck, Åke: Om lappskattelandsinstitutet och dess historiska utveckling, 1922, sid. 8. 
  2. Hoppe, Gunnar: Vägarna inom Norrbottens län, 1945, Geographica, skrifter från Upsala universitets geografiska institution, nr 16, sid. 53. 
  3. Mal:Webbref
  4. Hoppe, Gunnar: Vägarna inom Norrbottens län, 1945, Geographica, skrifter från Upsala universitets geografiska institution, nr 16, sid. 60. 
  5. Holmbäck, Åke: Om lappskattelandsinstitutet och dess historiska utveckling, 1922, sid. 19. 
  6. Thordsson Hjort, Daniel: Handlingar rörande Skandinaviens historia XXXIX, [1606] 1858 "Daniel Thordsson Hjorts berättelse; dat. Hornötorp den 28 April 1606",, sid. 189-207. 
  7. Bromé, Janrik: Nasafjäll: ett norrländskt silververks historia, 1923. 
  8. Källskrifter rörande kyrka och skola i den svenska lappmarken under 1600-talet, samlade och utgivna av Erik Nordberg, 1973, Kungl. Skytteanska Samfundets handlingar No 11. 
  9. Bylund, Erik: Koloniseringen av Pite lappmark t.o.m. år 1867, Uppsala 1956, Geographica: skrifter från Uppsala universitets geografiska institution nr 30. 
  10. Marklund, Bertil: Skogssamiska studier: möten i kultur och näringar 1650–1800, Umeå 1999, Kulturens frontlinjer, 16. 

Vidare lesing

  • Andersson, Nils Johan (1821-1880); Anteckningar under en resa i Umeå, Piteå och Luleå lappmarker, sommaren 1845, Lund, 1846, LIBRIS-id 2491694
  • Bergman, E.W; Anteckningar om Lappmarken, särskildt med hänseende till kristendomens införande därstädes, Stockholm, 1891, LIBRIS-id 2292711
  • Björnström, Fredrik Johan (1833-1889); Grunddragen af Piteå lappmarks växtfysiognomi, Uppsala, 1856, LIBRIS-id 2025893
  • Bylund, Erik (1922-); Koloniseringen av Pite lappmark t.o.m. år 1867, Uppsala, 1956, serie Geographica nr 30, LIBRIS-id 8076251
  • Högberg, J.P.; Första bebyggandet af Arvidsjaurs socken i Pite lappmark, Stockholm, Sällskapet för nyttiga kunskapers spridande, 1873, LIBRIS-id 2317066
  • Kolmodin, Torsten; Folktro, seder och sägner från Pite lappmark, Stockholm, 1914, serie Lapparne och deras land-3, LIBRIS-id 886795
  • Korpijaakko-Labba, Kaisa; Om samernas rättsliga ställning i Sverige-Finland - en rättshistorisk utredning av markanvändningsförhållanden och -rättigheter i Västerbottens lappmark före mitten av 1700-talet, Juristförbundets förlag, Helsinki, 1994, ISBN 951-640-728-5, LIBRIS-id 8225010
  • Lundmark, Lennart (1942-); Uppbörd, utarmning, utveckling - det samiska fångstsamhällets övergång till rennomadism i Lule lappmark, Arkiv för studier i arbetarrörelsens historia, Lund, 1982, ISBN 91-85118-68-0, LIBRIS-id 7745670
  • Marklund, Bertil, (1948-), Skogssamiska studier, Umeå 1999, ISBN 91-88466-21-3
  • Pirak, Anta; En nomad och hans liv - upptecknat och översatt från lapskan av Harald Grundström med förord av Karl Bernhard Wiklund, Uppsala, 1933, serie Skrifter utgivna av Kungl. Humanistiska vetenskapssamfundet i Uppsala nr 28:3 (Pirak är en samisk representant för den lulesamiska gruppen samer)
  • Ruong, Israel (1903-1986); Studier i lapsk kultur i Pite lappmark och angränsande områden, Stockholm, 1945, LIBRIS-id 1708418

Creative Commons License
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy