Pitesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne (2008)

Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lules. bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsam. biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk»[1] eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.[2]

Grammatikk

Utdjupande artikkel: Pitesamisk grammatikk

Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).

Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Språkhistorie

Skriftspråk

1738: Pehr Fjellström gjev ut Svebelii Cateches i samisk omsetting

I Silbojokks församling, det eine av dei to kyrkjesokna for arbeidarane i Nasafjälls silververk, vart Pehr Fjellström (16971764) fødd av kyrkoherde Per Noræus Fjellström og Agatha Læstadia. Det var trulig under oppveksten her at Pehr vart kjent med den forma av samisk som han kalla dialectus borealior — svarande til pitesamisk. I 1718 vart han oppnemnt til skulemeister ved Skytteanska skolan, eller «Lappskolan», i Lycksele og i 1739 til kyrkoherde i Lycksele församling i Lycksele lappmark, som tradisjonelt hører til det umesamiske språkområdet, eller Fjellströms dialectus australior. I 1738 fikk han utgjeve boka Olai Swebelii A. Ups. Förklaring öfwer Lutheri Lilla Catechismum, steld genom spörsmåhl och swar : then lappska ungdomen til tienst och befordran i christendomens kunskap i si eiga omsetting til samisk. Knut Bergsland karakteriserer språket i denne boka som nærmare til pitesamisk, medan alle dei seinare bøkene Fjellström skreiv eller omsette er skrivne på normalisert ume-/sørsamisk.

1891: Halász Ignácz på feltarbeid i Saltdalen

Frå 1880-åra til tidlig i 1890-åra reiste den ungarsk-jødiske forskaren Halász Ignácz (el. Ignaz Fischer, 1855–1901) kring i Midt- og Nord-Skandinavia på feltarbeid. I det pitesamiske området gjorde han feltarbeid i Saltdalen i 1891, blant samar som hørte til i Arjeplogs församling av Pite lappmark.[3] Tekstane kom ut i boka Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből, som kom ut i Budapest i 1893. I 1896 følgte han opp arbeidet med ein kortfatta grammatikk og ei ordbok.

I arbeidet til Halász ser vi enkelte morfologiske særtrekk som minner om umesamisk. Dette inkluderer variasjon mellom -v og -b i akkusativ eintal og i 1. person av verb der vår tids pitesamisk og lulesamisk har -v; variasjon mellom -n og - i genitiv eintal der vår tids pite- og lulesamisk har nasalbortfall; og variasjon mellom -sne og -n der vår tids pite- og lulesamisk har -n.

1920-åra: Lagercrantz på feltarbeid i Beiarn

Illustrasjon av ein fonautograf frå 1860-åra frå Cours de physique de l’ecole Polytechnique (1868).

I 1921 skulle den finlandssvenske forskaren Eliel Lagercrantz reise til Arjeplog för å gjera feltarbeid på pitesamisk. Han var på veg opp Saltdalen, men laut snu føre Junkerdalen på grunn av dårlig vêr, så det vart til at han fór uti Beiarn i staden. Der oppheldt han seg frå februar til april, og han intervjua fleire pitesamar med bakgrunn frå Arjeplog der. Arbeidet inkluderte nedskriving av ordforråd, setningar og lengre tekstar; og i tillegg gjorde han instrumentelle registreringar med ein fonautograf. Arbeidet, som vart finansiert av Helsingfors Universitet, Finsk-ugriska sällskapet og Alfred Kordelins kulturfond, resulterte i boka Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog (365 s.; Helsinki 1926); og seinare vart meir av materialet presentert i kapitlet «Gebirgsdialekt in Arjeplog» (ca 7 s.) i Synopsis des Lappischen (Oslo 1941). Eliel Lagercrantz etablerte omgrepet vestsamisk som fellesterm for dei pite- og lulesamiske dialektane.

1943: Israel Ruong leverer doktorgradsavhandling med utgangspunkt i pitesamisk

Somrane 1937, 1938 og 1939 reiste Israel Ruong, som sjølv var pitesame, kring i Arjeplogs församling på feltarbeid. Etter oppfordring frå rettleiaren sin ved Uppsala universitet, prof. Björn Collinder, hadde han eigentlig tenkt å skrive ein pitesamisk grammatikk, men prosjektet viste seg å vera for tidkrevande, så han konsentrerte seg om verbavleiing. I 1943 leverte han doktoravhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen.

2000-åra: Revitalisering og syn på rettskrivinga

Tre personar som arbeider for dokumentasjon og revitalisering av det pitesamiske språket: bloggaren Peter Steggo, ordboksprosjektleiaren Nils-Henrik Bengtsson og heimelspersonen Elsy Rankvist.
Foto: Olve Utne, Bodø 2010

Frå 2000-åra av har det vokse fram eit ønske om å etablere eit skriftspråk for pitesamisk. Det finst fleire syn på kva som er den beste vegen å gå. Innafor det lulesamiske miljøet finst det skepsis mot å etablere eit eige pitesamisk skriftspråk; dei som er skeptiske meiner at pitesamisk er ein underdialekt av lulesamisk og at ei samling om det lulesamiske skriftspråket er nødvendig for å sikre eit større brukarmiljø. Andre att, inkludert bloggaren Peter Steggo, meiner at pitesamisk er distinkt som språk og fortener eit eige skriftspråk, men at dette skriftspråket bør leggast så nærme lulesamisk rettskriving som det er mulig utan å gå på akkord med pitesamisk lydstruktur og formlære. Eit tredje syn finst i gruppa som arbeider med ei pitesamisk ordbok: Dei meiner at skriftspråket bør reflektere pitesamisk uttale i mest mulig presis grad, og de markerer for eksempel den fonetiske vektlegginga av det første elementet i grad-III-konsonantgruppor med dobbeltskriving av første konsonant (kkt, vvl) i mange fall der lulesamisk har dobbeltskriving av andre konsonant (ktt, vll).

2003: Buvdda eller Bådåddjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo för Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Bådåddjo,[4] som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpekte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammelt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvdda, som forøvrig òg betyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[5]

2007: Pitesamisk blogg

Den 16. januar 2007 la Peter Steggo ut de første to bloggpostane på den pitesamiske bloggen sin, Muv árbbe. Fram til november 2008 la han ut alt i alt 22 postar — pitesamiske tekstar med eit utval av ordforklaringar.

Grammatikkarbeidet, ordboksarbeidet og rettskrivinga

Utetter 2000-åra begynte det å skje mykje med pitesamisk språkarbeid. Ein ordbokskomité kom godt i gang med innsamling av ord i Arjeplogsområdet; Joshua Wilbur arbeidde med dokumentasjon av pitesamisk med hjelp av lyd- og videoopptak i samband med doktorgradsavhandlinga si, som munna ut i ei avhandling om pitesamisk grammatikk i 2013; ortografien vart fastsett i samarbeid mellom Joshua Wilbur og ordbokskomitéen; Ann-Charlott Sjaggo gav ut ein kontrastiv pite- og lulesamisk grammatikk i 2015; og ordboka vart utgjeven i 2016. Ortografien er føreslegen som offisiell ortografi for pitesamisk og per sommaren 2017 ventar ein på at han skal bli godkjent i Norge og Sverige. Mange i det pitesamiske miljøet er utolmodige og håpar at ortografien blir offisiell i tide for den annonserte plasseringa av samiskspråklige skilt bl.a. i pitesamisk område.

Fotnotar

  1. Lagercrantz, Eliel: Synopsis des Lappischen (Oslo Etnografiske Museums skrifter 2:4), Oslo 1941.
  2. Per mars 2010 kjenner vi til 25 personar i Sverige som snakkar pitesamisk, og den yngste av dei er i trettiårsalderen. (Munnlig opplysning frå Joshua Wilbur.)
  3. “E szótár első sorban azon szövegekhez való, melyeket 1891-ben a svédországi Pite lappmark arjepluogi egyház kerületéből való lappoktól gyűjtöttem a norvég Saltdalen-ban.” (Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 6, Pite lappmarki szótár és nyelvtan. Rövid karesuandói lapp szójegyzékkel. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1896.[1])
  4. Skrivemåten Bådåddjo varierer elles med Bodåddjo, Bododdjo og Bodöddjo/Bodøddjo i lulesamisk. I tillegg blir namnet ofte feilskreve som Båddådjo i ikkje-samiske samenhengar.
  5. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003

Sjå også

Bibliografi

  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”.][2]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[3]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 6, Pite lappmarki szótár és nyelvtan. Rövid karesuandói lapp szójegyzékkel. Budapest : Magyar Tudományos Akadémia, 1896.[4]
  • Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Helsinki, 1926.[5]
  • Lagercrantz, Eliel: «Gebirgsdialekt in Arjeplog», i Eliel Lagercrantz: Synopsis des Lappischen (Oslo Etnografiske Museums skrifter 2:4), Oslo 1941, s. 311–318.
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [6]
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Trohaug, Kjellrunn Kr.: «Strid om samisk namn på Bodø» i Avisa Nordland, 27.10.2003[7]
  • Wilbur, Joshua Karl: A corpus-based grammar of spoken Pite Saami. Dissertation zur Erlangung des Doktorgrades der Philosophischen Fakultät der Christian-Albrechts-Universität zu Kiel. Kiel, 2013.
  • Wilbur, Joshua (red.): Pitesamisk ordbok : samt stavningsregler. (Samica; 2) Freiburg : Albert-Ludwigs-Universität Freiburg, 2016. ISBN 9783981683516
  • Sjaggo, Ann-Charlotte: Pitesamisk grammatik : en jämförande studie med lulesamiska. (Skriftserie / Senter for samiske studier; 20) Tromsø : Senter for samiske studier, 2015.

Lenkjer