Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Pitesamiske stadnamn

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Nokre pitesamiske stadnamn kring Saltfjorden/Skjerstadfjorden.

Det finst ikkje noka fast normering av pitesamiske stadnamn enno. På kart frå kartverket har det tidligare vorte bruka hovudsaklig nordsamisk normering, og frå dei siste tiåra på 1900-talet i aukande grad lulesamisk normering. På same kartbladet kan vi ofte finne desse to normeringsmåtane rett attmed kvarandre — på Det store Saltfjellkartet (2008) finn vi for eksempel Vaššavárri (nordsam.) og Vássjatjåhkkå (lules.) side om side. Det pitesamiske namnet som ligg til grunn for det norske tettstadsnamnet Sulitjelma er Sulisjælbmá eller Sulidælbmá. På mange kart er den nordsamiske normeringa Sulečielbma bruka. På andre kart att er den lulesamiske forma som Fauske kommune har valt, Sulisjielmmá, bruka. I dag ligg normeringa av samiske stadnamn i Salten, inkludert det pitesamiske området i Sør-Salten, under Sametinget, som har valt å bruke lulesamisk normering. Trass i at lulesamisk og pitesamisk er nærme i slekt med kvarandre, er det òg vesentlige ulikheiter. Medan lulesamisk i hovudsak behandlar l’m som [ləm], skrive som lmm, har pitesamisk eit mindre utbygd glidevokalsystem og får oftare inn ein dissimilerande plosiv ved nasalforlenging: ləb̥m eller lb̥m, gjerne skrive som lbm. I vokalsystemet har pitesamisk hyppig ua/ og æ i ordformer med sterkt stadium der lulesamisk har oa og ie, og i tillegg mykje bruk av å der lulesamisk har oa.

Liste

Pitesamisk namn Norsk namn Kategori Kommune
Buvda Bodø by Bodø kommune
Silldevárre Sildfjellet fjell Bodø kommune
Dælmma Tverråfjellet fjell Beiarn kommune
Riebevágge Tollådalen dal Beiarn kommune
Tjårro Ryggen ås Beiarn kommune
Váhtjamtjåhkkå Simletinden fjell Beiarn kommune
Váhtjamjåkjiehkke Simlebreen isbre Beiarn kommune
Vuomavárre Skogfjellet fjell Beiarn kommune
Dahtar - - Saltdal kommune
Dahtartjåhkkå Toppfjellet fjell Saltdal kommune
Dahtarvágge - dal Saltdal kommune
Dibunjåhkå Dypenåga elv Saltdal kommune
Dibuntjahtsa - - Saltdal kommune
Dibuntjåhkkå - fjell Saltdal kommune
Dibunvágge Dypendalen dal Saltdal kommune
Fiellájåhkå - bekk Saltdal kommune
Gávaktjåhkkå - fjell Saltdal kommune
Gietsemasvárre Storfjellet fjell Saltdal kommune
Lińńgágurra - - Saltdal kommune
Lińńgáguovddel - - Saltdal kommune
Lińńgágurájávrásj - - Saltdal kommune
Luonosvágge Lønsdalen dal Saltdal kommune
Luonosjåhkå Lønselva elv Saltdal kommune
Nuorttasávllo Nordre Saulo fjell Saltdal kommune
Sávllo Solvågfjellet fjell Saltdal kommune
Sávlojávrre Solvågvatnet vatn Saltdal kommune
Strájdasbáhkko - li Saltdal kommune
Strájdasgielas - - Saltdal kommune
Strájdasjavrre - vatn Saltdal kommune
Strájdasjåhkå Straitasbekken bekk Saltdal kommune
Alep Visskisjávrre Vestre Viskisvatnet vatn Saltdal kommune
Lulep Visskisjávrre Austre Viskisvatnet vatn Saltdal kommune
Vadnjaltjåhkkå Rundhaugen fjell Saltdal kommune
Vanásgájsse Båtfjellet fjell Saltdal kommune
Visskisnjunnje Viskisnasen fjell Saltdal kommune
Visskistjåhkkå - fjell Saltdal kommune
Visskistjårrå Viskisfjellet fjell Saltdal kommune
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy