Primkleiv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Primkleiv, gnr. 86 bnr. 5 er ein plass ved Skarsvegen, som går mellom Svartdal og Åmotsdal i Seljord kommune. Primkleiv høyrde frå gamalt til Nord-Bøle. Ved avkjøyringa til Primkleiv frå Skarsvegen er det ein stor stein som kallas Skjenkarsteinen. Den er flat og fin på toppen og var ein naturleg rasteplass for vegfarande der det og var tilgang til kaldt og reint kildevatn.

Seljordssoga fortel at plassen blei rydda på slutten av 1700-talet. På denne tida budde Kittil Bjørenson (1781- ) gift med Ingebor Tallevdtr. Bitustaul der (1758-1837). Dei hadde tre søner som, i fylgje ei gamal regle, må ha vore gode handverkarar –

«Talleiv treskjar
Pål skreddar
Og Kjetil Bjøllesmed».

Primkleiv ligg ved Kvassfjell. Den kjente stortjuven og skoggangsmannen Tor Murukleiv skal ha holdt til i Skarsnuten og i Kvassfjell der det skal vere ei hole under ein stor heller. Det seiast at han skal ha gøymd ein sylvskatt der. Murukleiven var meir enn tjuv og fredlaus, han var og spelemann og visediktar.

Det har budd folk på Primkleiv fram til ca.1930. Ingebjørg Knutsdtr. Sundbø/Heistad med tre born var dei siste som budde fast der.

Litteratur

Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn»
Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
  • Aakre, Harald: Skarsvegen. Svartdal, 1991.

Eksterne lenker