Raudeberg skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Raudeberg skule 2016
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Raudeberg skule er ein barneskule i Raudeberg krins i Kinn kommune.

Skulehuset

Det første skulehuset i Raudeberg stod på Røysa. I 1925 vart det bygd eit nytt skulehus lenger sør i Raudeberg. I 1959 fekk skulehuset eit nybygg ved sidan av det gamle. Nybygget fekk ein sidefløy i 1995, og i 2002 vart det gamle bygget frå 1925 rive. På same staden vart det bygd eit nytt bygg med mellom anna gymsal i 2003.

Skuleveg

I Vågsøy Historielag si Årbok 2016 er det ein artikkel om den gamle skulen på Røysa. Det er Ragnhild Løtveit som i 1975 har skrive ned sine minne om skuletida. Ho tok til på skulen på Røysa i 1923, og skriv mellom anna: "Skulen tok til kl. 9. Millom kl. 12 og 13 hadde vi ein time fri for å springe heim og ete middag. Det var ikkje alltid så greit for ein 7-åring å ta denne turen frå Røysa og sør i Vikja i vind og regn, stakkars den mora som ikkje hadde maten på bordet når borni kom springande." " Ein gong sto det to sinte kyr nesten nord ved skulehuset. Då måtte ei anna gjente og eg ta ein lang omveg heilt ned i fjæra for å komme fram."

Anna bruksområde

Bygga frå 1959, 1995 og 2003 vert framleis nytta som skulehus for Raudeberg skule.

Kjelder og litteratur

  • Ingrid Maurstad. "Skulen for Raudeberg og Halsøyr" i Skulen i Vågsøy i 100 år. Vågsøy Lærarlag: 1966.
  • Vågsøy Historielag Årbok 2016, side 105:"Den gamle skulen på Røysa" av Ragnhild Løtveit.
  • Raudeberg skule, skulehistorie.

Koordinater: 61.985750° N 5.134338° Ø