Reinost

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lulesamisk skáhppo (reinostform av tre) utstilt i Salten museum i Bodø.
Foto: Olve Utne.
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel.

Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre (lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga. I samisk folkemedisin har reinost tradisjonelt vorte bruka til å behandle frostskadar — ein metode som passar godt med moderne medisinsk kunnskap som tilseier at frostskadar helst skal behandlast med feite, oppmjukande salver og forsiktig oppvarming.[1] I tradisjonell samisk religion var reinost eitt av dei matslaga som kunne pakkast inn i bark og hengast opp i tre kring gåhten som offer til sjukdoms- og dødsdemonen Rota for å verne kvinnfolka.

Reinost i stadnamn

Namdalen

Reinostberget er eit lite berg på ein holme i Dåtnejaevrie (Tunnvatnet) i Røyrvik kommune.

Salten

Reinosthellaren ligg oppi lia knapt ein kilometer vestom Tverråvatnet vestom Røkland i Saltdal kommune. I Beiarn kommune ligg Reinostbakken kring 70–100 moh. i lia mellom Nordlandsvika og Nordlandsknubben.

Fotnotar

Lenkjer

Digitalt museum