Reksta krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversynsbilete over Ytre Reksta
Foto: Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Reksta krins var ein skulekrins i gamle Kinn kommune.

I 1788 var krinsen ein del av Det søndre skulehaldardistrikt i Kinn sokn. I byrjinga låg heile øya Reksta under Reksta krins, men ettersom befolkninga auka vart det trangt i det gamle skulehuset på Ytre Reksta. Etter første verdenskrig vart krinsen delt i to krinsar. Reksta krins der ungane frå Ytre og Indre Reksta gjekk og Rognaldsvåg krins der ungane i Rognaldsvågen gjekk. I 1920 fekk Reksta krins nytt skulehus i Indre Reksta. Det gamle skulehuset som stod i Ytre Reksta vart sidan flytta til Rognaldsvåg, der det framleis står i dag.

I åra 1891-1895 var Kinn krins lagd under Rekstad.

Skulen var som oftast todelt, av og til tredelt, men midt på 60-talet kom elevtalet under 13 og skulen vart udelt fram til 1972.

I 1972 vart heile øya på ny samla til ein krins. Då vart Reksta krins lagt ned og ungane sendt til den nye skulen i Rognaldsvåg.

Skuleveg

  • Skulevegen frå Ytre Reksta til Rekstakjellaren gjekk på ein sti langs med fjæra. Dei brukte ikkje båt.

Skulehus

Gamleskulen på Ytre Reksta

I Femårsmeldingar for folkeskulen i Kinn (1891-1895) oppgis byggeår for skulen som 1863. Skulehuset hadde et klasserom med plass til 30 elevar.

Reksta skule

Lærarar

Lærarane på Reksta var også klokkarar i Kinnakyrkja. Klokkargarden låg i Indre Reksta og var etter tilhøva ein stor gard som gav god inntekt. Inntekta frå klokkargarden var større enn lærarlønna så denne lærarposten hadde mange søkjarar.

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Andersen Hans Edvard Reksta 1905 1922 Flytta til Krokane og bygde ny helseheim der
Eide M. Reksta
Skjolden M. Reksta
Gunntveit T. Reksta
Eide Reksten Astrid Reksta Var ikkje klokkar, men dreiv klokkargarden

Foto

Kjelder

Munnlege kjelder

  • Samtale med Lars Erik Reksten


Koordinater: 61.562765° N 4.836730° Ø