Rommani

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige.

Innhold

Ordtilfang

Norsk Romani Opphavsspråk
ein jikk ek (hindi)
to dy do (hindi)
tre trin tīn (hindi)
fire sjtar cār (hindi)
fem parnsj pāṃc (hindi)
seks sinkus  ?
sju efta häft (farsi) el.
epta (gresk)
åtte okta okhto (gresk)
ni enja ennea (gresk)
ti desch,
dyparnsj
das (hindi)
do (hindi)+ pāṃc (hindi)
stor baro baṛā (hindi)
hest kuro ghoṛā (hindi)
vatn pani pāṇī (hindi)
mykje butt bahut (hindi)
Gud Devel dev (hindi)
Gud Adonai Adonáj (hebraisk)
flott, stolt buno buono (italiensk)
bok libri libre (fransk)
kvit blank blanc (fransk)
åleine alonom alone (engelsk)
gata stråtan straat (nederlandsk)
vegg vanta Wand (tysk)
elv flussa Fluß (tysk)
vente bidra bide (skandinavisk)

Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i rommani.

Mange ord som er innlånte frå skandinavisk er omforma med suffiks som -(d)ra, -us, -is og liknande.

Grammatikk

Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type.

Morfologi

Substantiv

Ubunde
eintal
Bunde
eintal
Ubunde
fleirtal
Bunde
fleirtal
divus (dag) divusen divusar divusane
bakro (sau, vêr) bakroen bakroar bakroane

Substantiva i romani tek vanlegvis -(a/e)r i ubunde fleirtal, og dei har etterhengd bunden artikkel som i dei fleste nordiske språka og målføra. Endingsvokalen i ubunden form blir halden i bøygde former. Typiske endingsvokalar er hankjønnsendinga -o og hokjønnsendinga -i.

Avleiingsendingar inkluderer -ipa (rakra = ‘tala’, rakripa = ‘språk’, ‘tale’; nak = nase, nakkipa = ‘snus’) og -ar (tradra = ‘reise’, tradrar = ‘bil’).

Verb

Inf. Pres. Pret. Perf.
dikka (sjå) dikkar dikka kammar dikka
jia (syngje) jiar jia kammar jia
ja (gå) jar jadde kammar jadd

Verba har oftast a-infinitiv på romani. Dei fleste verba blir bøygde som nynorsk kasta. Einstavingsverb blir oftast bøygde omlag som nynorsk ha. Perfektum blir oftast danna med hjelpeverbet kamma (ha). Mange verb, inkludert ord frå germanske språk, har suffikset -(d)ra: bidra (vent), bodra (bu), dindra (tena), dragra (draga, reise).

Syntaks

Den grunnleggjande setningsbygnaden i romani er stort sett av SVO-type (Subjekt-Verb-Objekt): Vorsnus rakrar romani (SVO) svarar ordrett til «Vi talar romani». Ved tilføying av adverb først i setninga får vi, som i all skandinavisk, reverseringa SV > VS: Ninna rakrar vorsnus romani (AVSO) «No talar vi romani.»

Påverknad på skandinavisk

  • beckna v (svensk) ‘selja’ < rommani bekna (‘selja’)
  • haja v (svensk) ‘begripe’, ‘innsjå’ < rommani heia (‘forstå’, ‘høre’, ‘vita’)
  • hispa f (svensk) ‘hus’; ‘(mental-)institusjon’ < rommani hisp (‘hus’)
  • jack m (svensk) ‘auge’ < rommani jakk ‘auge’
  • jycke m (svensk) ‘hund’; ‘kar’, ‘fyr’ < rommani juklo (‘hund’)
  • pava f (svensk) ‘flaske’ < rommani pave (‘flaske’)
  • pröjsa v (svensk) ‘betala’, jfr. rommani preisipa (‘betaling’)
  • tjej f (svensk) ‘jente’ < rommani tjei (jente’)
  • tji adv. (svensk) ‘ikkje noko, ingen ting’ < rommani tji (‘ikkje, nei’)
  • tok m (svensk) ‘narr’, ‘tulling’; ‘tull’ < rommani tok ‘tulling’
  • vischan f (svensk) ‘landsbygda’ < rommani virsjan, versjan (‘skogen’)

Litteratur

  • Hancock, Ian: «The Social and Linguistic Development of Scandoromani», i Language Contact: Theoretical and Empirical Studies. Berlin: Mouton de Gruyter, 1992.
  • Hyltenstam, Kenneth (red.): Sveriges sju inhemska språk : ett minoritetsspråksperspektiv. Lund (Studentlitteratur), ca 1999. (366 s. : ill.) ISBN 91-44-00777-9 (hf.) [1]
  • Iversen, Ragnvald: The Romany language in Norway. (Skrifter / utgitt av det Norske videnskapsakademi i Oslo. II. Historisk-filosofisk klasse ; 1944:3 1) 1944. (275 s.)
  • Karlsen, Hermann: Romani-norsk ordbok. Fredrikstad (Stiftelsen Roma), 2000. (90 s.; ill.) [2]
  • Karlsen, Hermann: Vandriar : et enkelt innføringskurs i romani : ved undervisning, skriftlig og på CD. Fredriksstad (Stiftelsen Roma), 2001. Hefte (28 s.) + CD. [3]
  • Karlsen, Ludvig [...] et.al.: Romani-folkets ordbok : Tavringens rakripa = de reisendes språk. 1993. ISBN 82-992363-1-2. [4]
  • Mac Mathúna, Séamus & Ó Corráin, Ailbhe (red.): Minority languages in Scandinavia, Britain and Ireland. (Studia Celtica Upsaliensia ; 3) Uppsala (University of Uppsala); Stockholm (Almqvist & Wiksell International), 1998. (220 s. : ill.) ISBN 91-554-4111-4 (hf.) [5]
  • Sveriges officiella minoritetsspråk : finska, meänkieli, samiska, romani, jiddisch och teckenspråk : en kort presentation. (Skrifter utgivna av Svenska språknämnden ; 86) Stockholm (Norstedt), 2003. (76 s. : ill.) ISBN 91-7297-611-x (hf.) [6]

Sjå òg

Lenkjer

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy