Ryssdal (Vassenden) krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryssdal skule.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Ryssdal (Vassenden) krins i Gloppen kommune vart eigen krins i 1890. Då vart Eide krins delt i to, der Ryssdal og gardane rundt vart ny krins, medan resten av Eide krins gjekk inn i Sandane krins. Samstundes vart det bestemt at skulehuset på Eide skulle flyttast til Ryssdal. I 1893 vart det bestemt at det gamle skulehuset på Eide skule seljast for 400 kr og det skulle setjast opp eit nytt skulehus i Ryssdalen.

Skulehus

Ryssdal skule

  • Byggeår: 1895
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen for Sandane:

Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [1]

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens K. Arnestad 1842 Mardal, Ryssdal (seinast 1865) 1905 Volda lærarskule Tente som lærar i 44 år.
M. A. Kjørvik Mardal, Ryssdal (1906?) (1906?)
Lasse Kristenson Solheim 1879 Mardal, Ryssdal 1905 Volda lærarskule 1901
Magnhild Hole 1886 Ryssdal, Osmundnes 1916 1920 Volda lærarskule 1916 Seinare lærarinne i Osen krins i Gaular.
Anna Rygg (Kleppenes) 1897 Ryssdal, Osmundnes, Sandane 1920 1925 Lærarinne på Sandane frå 1936.
Abraham Magnus Vereide Ryssdal (seinast 1925) (tidl. 1926)
Jon Henden Ryssdal (seinast 1933) (tidl. 1934)
Anna Lote Ommedal Ryssdal (seinast 1935) (tidl. 1936)
Ingeborg Austrheim Ryssdal (seinast 1945) (tidl. 1949)
Else Djuvstein Mardal, Ryssdal (seinast 1936) (tidl. 1937)
Ottar Kårstad Ryssdal (seinast 1938) (tidl. 1939)
Olav Arnestad Ryssdal (seinast 1944) (tidl. 1945)
Ingeborg Austrheim Ryssdal (seinast 1945) (tidl. 1946)
Asbjørn Tonning Mardal, Ryssdal, Sandane 1946 1959 Vart lærar på Sandane skule frå 1959.[2]
Magnhild Gjengedal Ryssdal (seinast 1953)
Magnhild Hole(?) (seinast 1953)

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  2. Mardal, Reidar (1984) Mardal skulekrins 100 år.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebøker for skulestyret i Gloppen kommune
  • Skuleprotokoll for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1928
  • Skuleprotokoll for Osmundnes krins og Ryssdal krins, 1916-1954
  • Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1893-1909
  • Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1947
  • Dagbok for Osmundnes krins og Ryssdal krins, 1916-1954
  • Dagbok for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1875-1892
  • Dagsjournal for Søreide krins og Eide krins, 1863-1874
  • Skuleprotokoll for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1881-1909
  • Skuleprotokoll for Søreide krins og Eide krins, 1863-1880

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.747820° N 6.272248° Ø