Sønstigardvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sønstigardvegen med garden Åsheim.
Foto: Roy Olsen (2017).

Sønstigardvegen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune går vestover frå Seljordvegen ved Lovald i Øvre Bø. Vegen deler seg i ei sørgåande grein som går til garden Åsheim og ei vestgåande til dei to gardane Grave søndre, «Østigard» og Sønstigard Grave.

Frå enden av vegen, ved Åsheim, fortsett Sandstulvegen, som er ein skogsveg, fram til Sandstul.

Vegen har namn etter Sønstigard Grave (Grave søndre) og blei namnsett i 1997.

I 1996 blei vegen namnsett Gravevegen, men året etter endra ein det til Sønstigardvegen. Namnet Gravevegen blei så brukt på ein veg litt lenger vest som hadde fått namnet Gautilvegen. Ein meinte det var meir korrekt å kalle denne Gravevegen fordi Grave-området er her.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.41177° N 8.91655° Ø