Sørsamisk drakttradisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sørsamiske menn i solveggen Vålådalen i Åre i Jämtland en gong føre 1926. Legg merke til dei opne koftene.
Foto: G. Bergstedt

Den sørsamiske drakttradisjonen hører, som sørsamisk kultur generelt, heime frå sørlige deler av Hemnes/Storuman/Lycksele kommunar og sørover. Mot nord grensar den sørsamiske drakttradisjonen mot umesamisk drakttradisjon. Typiske trekk for sørsamisk drakttradisjon inkluderer V-opning i både kvinne- og mannskofter; bringeklede med tinntrådsbroderi; mannskofter med ståande krage og, ofte men ikkje alltid, heil opning framme. Den sørsamiske drakttradisjonen hører, med sine V-opningar og barmklede, med til ein meir generell vestsamisk tradisjon som òg inkluderer umesamisk, pitesamisk og sørlig lulesamisk drakttradisjon.

Draktdeler og namn

To sørsamiske jenter (til venstre), i Telemark i 1880-åra. Evja-Sofie Tomasdotter og Maria Rebecka Tomasdotter kom opprinnelig frå Tärna i Storuman i Sverige.
Foto: M.M. Lohne.

Kofte

Gåptoe eller gapta er det sørsamiske namnet på kofta. I eldre tid vart sommarkofta sauma av avhåra reinskinn, men fram mot nyare tid har slitesterkt ull-vadmål stort sett teke over, og tildels andre, lettare stoff utover 1900-talet. Både kvinnekofta og mannskofta har V-utringing.

Mannskofta har mesta alltid ståande krage og er lårsid — i nyare tid gjerne ned til midten av låret, og i eldre tid ofte ned mot kneet. Mannskofta er oftast blå eller svart, og mange har skikken at yngre folk har lysare fargar og eldre mørkare. Kofta har kontrastfargar nedst på erma og kring halsopninga; og langs splitten heilt ned når kofta er opa. Kontrastfargane er gjerne raudt og grønt, og somme plassar med ei smal stripe gult. Fargane varierer noko etter stad og familie,

Kvinnekofta har V-hals og oftast ikkje krage. Lengda varierer frå noko under kneet til bortimot fotsid. Karakteristisk er dei breie banda med kontrastfarge nedst på kofta. På jentekofter er det oftast éi stripe, gjerne enten raud eller grøn, og kring konfirmasjonsalderen tek jentene i bruk kvinnekofter med 2–3 band.

Bringeklede

Boenge-skuvmie eller boenge-leahta er to sørsamiske hovudnamn på bringekledet (barmkledet). Som i dei andre drakttradisjonane frå umesamisk til sørlig lulesamisk område, blir det bruka to hovudtypar bringeklede: ein variant med halvmåneforma ornamentdel og ein variant med rektangulær ornamentdel. Botnfargen er raud for kvinner og blå eller svart for menn. Bringekleda er dekorert med tinntrådsbroderi.

Bibliografi og kjelder

  • Fossnes, Heidi. «Et glimt inn i sørsamisk draktskikk». Bunad, nr 1, 2017. Side 16-46.
  • Porscho, Susanna Jannok: «Ammarnäs – Tärnaby [–] Vilhelmina – Åsele», «Jämtland», «Härjedalen», «Dalarna[:] Idre», i Samedrakter i Sverige. (Skrifter från Ájtte ; 3) Jokkmokk : Svenskt Fjäll- och Samemuseum, 1999.
  • Wilks, Laila: «Sør-samisk drakt», i Norsk bunadleksikon, b. 3, s. 234–241.

Sjå òg