Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (pitesamisk Salto, lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing.

Oversyn

Kommunane som blir rekna inn i regionen ligg kring fjordsystemet Saltfjorden, Saltstraumen, Svefjorden, Skjerstadfjorden og Saltdalsfjorden. Kommunane her er Hamarøy, Steigen, Sørfold og Fauske i nord og Saltdal, Beiarn, Gildeskål og, i våre dagar, Meløy i sør; og i midten ligg Bodø, som òg omfattar den tidligare Skjerstad kommune sør for Skjerstadfjorden. Administrativt og kommunikasjonsmessig sett er RødøyHelgeland og Værøy og Røst i Lofoten tett knytte til Salten; frå 2001 har desse tre kommunane og Meløy blitt lagt inn under Salten tingrett i Hålogaland lagdømme.) 1.10.2007 var folketalet i dei ni eigentlige Salten-kommunane, inkludert Hamarøy og Meløy, 76 329 innbyggjarar.[1]

Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.

Landskapstypane i Salten varierer sterkt, frå fiskeværa og kystbygdene i Steigen til innlandsbygdene i Saltdal og Beiarn. Her finst det område som har hatt tradisjonell reindriftSaltfjellet, i Beiarn og Gildeskål; og her finst nesten urørt natur i Rago nasjonalpark. Rago er ei naturlig fortsetting av nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfalletsvensk side av riksgrensa. Junkerdal nasjonalpark ligg innanfor Saltdal og Fauske, medan berre deler av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark høyrer til Salten.

Administrative inndelingar

Sjå òg

Fotnoter

Kjelder