Skaun kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skaun
1657 Skaun komm.png
Basisdata
Kommunenummer 5029
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Børsa
Areal 224.21  km²
Areal land 213.31  km²
Areal vann 10.9  km²
Folketall 8 441 (2023)
Grunnlagt 1890
Målform nøytral
Nettside Nettside
Skaun kyrkje på Venn.
Foto: Erlend Estenstad

Skaun er ein kommune i Trøndelag fylke. Han vart utskild frå Børsa kommune i 1890, og hadde først namnet Børseskognen kommune. Kommunen grensar mot kommunane Orkland i vest og Melhus i sør og aust. I nord har Skaun felles grense med Trondheim kommune i Gaulosen, ei sidearm av Trondheimsfjorden der elva Gaula har utløpet sitt. Skaun kommune fekk nye grenser i 1965 da dei tidlegare kommunane Børsa, Buvik og Skaun vart slått saman. Dei største tettstadene i kommunen er Buvika, administrasjonssenteret Børsa, Venn, Viggja og Eggkleiva.

Næringsliv

Mange av innbyggjarane i Skaun pendlar til arbeidsplassar i nabokommunane, med unntak av dei som arbeider innan landbruket og offentleg sektor. Den største bedrifta er mølna i Buvika (Norgesmøllene). Sjølv om kommunen har ca 6 000 innbyggjarar, finst det stort sett berre daglegvarebutikkar og eit par blomsterforretningar der. Dette kan komma av stor handelslekkasje til nabokommunane. På grunn av dei mange pendlarane blir Skaun ofte omtala som ein bukommune eller sovekommune, men kommunen arbeider aktivt for å trekkje til seg meir næringsliv. Den 30. juni 2005 opna nye E39 gjennom kommunen. Det er knytt stor spenning til ringverknadene av den nye vegen. E39 vart som ein av dei første vegane i Noreg bygd gjennom eit OPS-prosjekt (offentleg/privat samarbeid).

Skolar

Kommunen har fem barneskolar. Jåren/Råbygda skule er den einaste heile skolen i Trøndelag med nynorsk som opplæringsmål (elles finst det enkeltklassar på andre skolar). Ungdomsskoletrinna er samla på Skaun ungdomsskole i Børsa. I Børsa ligg òg Fredly folkehøgskole. Det finst ikkje vidaregåande skole i kommunen; dei fleste går på skolar i nabokommunane, særleg i Orkdal, Meldal og Melhus, men òg på skolar i Trondheim.

Kultur

Skaun er kjent for eit rikt kulturliv. Dei frivillige organisasjonane står sterkt; her finst det for eksempel idrettslag, 4H, fritidsklubbar, kor og korps. Revymiljøet er òg godt i Skaun. Den kommunale kulturskolen har tilbod innanfor drama, dans og bildekunst, samt vokal- og instrumentopplæring.

Kulturlivet kan også spela på dei historiske røtene til kommunen, som går heilt tilbake til vikingtida. På Naustan i Børsa står fire bautasteinar som etter folketrua vart bruka som båtfeste av Einar Tambarskjelve. Desse steinane er motiv for kommunevåpenet. Einar Tambarskjelve eigde òg høvdingesetet Husaby ved Venn. Det er strid mellom Skaun og Melhus om Tambarskjelve budde der eller på Gimse i Melhus.

Det som er sikkert er i alle fall at nobelprisvinnaren i litteratur Sigrid Undset budde på ein gard ved Husaby mens ho skreiv delar av trilogien om Kristin Lavransdatter. I bøkene hennar er det også på Erlend Nikolaussønns Husaby at Kristin Lavransdatter ender opp som husfrue. Kvart år den andre helga i august er det eit stemne om «Kristin på Husaby» i Skaun.

Skaun kyrkje på Venn er ei steinkyrkje frå mellomalderen (kring 1180), og forbi ho går pilgrimsleia vidare mot Nidarosdomen.

Natur

Kommunen har store friluftsområde som passar godt både for ski og fiske. Det finst 46 fiskevatn, hovudsakleg med aure og røyr. Laks kan fiskast i Børselva og Vigda. Dei mest kjente badeplassane er Grønlandsskjæret og Tråsåvika camping (begge mellom Viggja og Thamshavn), Grønnesset ved Ånøya (også tilrettelagt for funksjonshemma) og Laugasand på Eggkleiva.

Kommuneblomsteren til Skaun er rogn, som òg er omtala i Skaunasongen, skriven av Bjarne Slapgard og Lars Minsaas.

Kjente personar frå Skaun

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skaun» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.