Visste du at alle artikler i denne wikien er under kontinuerlig utvikling?
Er det noe du ønsker å skrive om eller omskrive? Registrer deg som bruker og bli med på laget!
Har du mindre korrigeringer eller supplerende opplysninger? Ta kontakt med oss på Norsk lokalhistorisk institutt!

Skjåk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kommunesenteret Bismo.
Foto: Morten Kielland

Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen vart skild ut frå Lom frå 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkvær (utt. skjåkvér). Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda kommunar. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre. Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda.

Bygdenamnet

Gardane og kyrkja som bygda og kommunen har fått namn etter. Frå venstre, på hitsida av Ottaelva: Uppigard Skjåk (det gamle, freda tunet i treklynga), Nigard Skjåk, Skjåk kyrkje mellom elva og riksveg 15. Nørdre og Søre Prestgarden og Nigard Dagsgard. På andre sida av elva: Reppen og Aurdalen.

Bygda har fått namn etter garden Skjåk, og den opphavlege forma var Skeidåker. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der. Kyrkja er fyrste gong nemnd i 1280.

I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta Skjåk annekssokn strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til Lom til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura.

Resten av nåverande Skjåk (heile solsdia austover frå Aura) sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk var bygd ein gong før 1280.

Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore Nordherad. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i 1752 og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i Skjåk: Grender og krinsinndelingar og Skjåk i historisk-administrative inndelingar.

Geografi

Skridulaupen i Skjåk, 1962 moh, sett frå Grotli. Foto: H.P. Hosar.

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Storelva Otta og sideelvene Framrusta (frå Raudalsvatnet) og Aura (frå Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgaste punktet er den høgaste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.

Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er Vass-Per.


Historisk-administrativ tilknyting

Skjåk har gjennom det meste av den kjende historia vore knytt til dei større reginale administrasjonseiningane Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen. Det gjeld futedøme, sorenskriveri, politidistrikt og prosti. I lenstida låg Gudbrandsdalen under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.

Folketalsutvikling

Folketalsutviklinga i Skjaak.jpg
Tidspunkt og kjelde Folketal
Høgmellomalder maksimum
rett før Svartedauden 1350
(Skjåk bygdebok bd 1)
Min. 120 bruk, 600-700 personar
Lågmål i seinmellomalderen
ca. år 1500
(Skjåk bygdebok bd. 1)
Ca. 50 bruk, 250 personar
1664 (Skjåk bygdebok bd. 2,
på grunnlag av prestens manntal)
700 personar
Folketeljinga 1769 1049
Folketeljinga 1801 1485 (i den trykte statistikken: 1367.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1815 ca. 1450 (i den trykte statistikken: 1337.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1825 1875
Folketeljinga 1835 2137
Folketeljinga 1845 2159
Folketeljinga 1855 2477
Folketeljinga 1865 2691
Folketeljinga 1875 2623
Folketeljinga 1891 2477
Folketeljinga 1900 2318
Folketeljinga 1910 2166
Folketeljinga 1920 2282
Folketeljinga 1930 2444
Folketeljinga 1946 2990
Folketeljinga 1950 3028
Folketeljinga 1960 2868
Folketeljinga 1970 2571
Folketeljinga 1980 2623
SSB 1990 2612
SSB 2000 2386
SSB 2010 2265
SSB 2011 2299
SSB 2012 2307
SSB 2013 2279

F.o.m. 1990: Oppgåver frå Statistisk Sentralbyrå (SSB)[1]

Historie

Forhistorisk tid

Bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene etter istida går ved ca. år 7000 f.Kr. Dei fyrste sikre spor etter menneske der kan knytast til ein jordbrukskultur i bygda ca. 2500 f. Kr. (yngre steinalder). Gardsnamn og gravfunn vitnar om busetnad i store delar av bygda i eldre jernalder, altså i dei næraste århundra rundt år 0. Eit fangstanlegg for elg er datert til 220-570 e.Kr. Ved utgangen av vikingtida ca. år 1000 kan det ha vore om lag. 60 gardar i bygda.

Mellomalderen

I følgje Snorre vart Lom og Skjåk kristna da Heilag-Olav kom i det ærend dit i 1021. Folkeveksten i tidleg mellomalder og høgmellomalderen (fram til 1350) gav grunnlag for to kyrkjesokn i det nåverande Skjåk (Hove og Skjåk), men med felles prest. Det kan ha vore meir enn 120 gardar rett før Svartedauden (1349). Befolkningskrisene i seinmellomalderen gjorde at befolkninga vart meir enn halvert. Dei to kyrkjesokna vart anneks under Lom prestegjeld.

Tidleg nytid 1500-1800

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1500-1800

I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Om lag 60% av gardane var sjølvått jord. Det meste av leiglendingsgodset var ått av krona og kyrkja. I løpet av nokre tiår etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og snart var mest alle gardbrukarar i Skjåk sjølveigarar. Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen kommersielt. Kongen selde ålmenninga i 1726, og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk, det meste av tida store kjøpmenn i Kristiania. Husmannsvesenet utvikla seg frå da av. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn på Lesja, i Folldalen, på Røros og andre stader.

Tida 1800-1940

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1800-1940

I 1798 gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av Bernt Anker. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk.

Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk haugiansk vekkjingsrørsle. Pietismen fekk sterk motbør i Venstre- og norskdomsrørsla mot slutten av århundret.

Skjåk vart vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866, same datoen som Skjåk altså vart eiga kommune.

Jernbane gjennom Østerdalen og Gudbrandsdalen, omfattande emigrasjon og andre faktorar tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880.

Politisk vart det danna Venstre og Høgre frå 1880-åra. Arbeidarpartiet og Bondepartiet vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/Senterpartiet skifta på å vere det leiande partiet i bygda. Venstre («småbrukarpartiet» Arbeiderdemokratane/Radikale Folkeparti) svann inn, da veljarane gjekk til anten Arbeidarpartiet eller Bondepartiet (gardbrukarane).

Tida frå ca. 1914 var prega av mekanisering, motorisering og elektrifisering, og næringslivet vart meir differensiert. I 1930 tok Skjåk Almenning i bruk eit nytt og moderne sagbruk og eit høvleri i Bismo. Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i bondelag og småbrukarlag.

Okkupasjonsåra 1940-1945

I april 1940 vart bruene i Skjåk forsøkt bomba av tyskarane, utan at det lykkast. Elles vart bygda lite råka av krigshandlingar. Skjåk var blant dei bygdene som hadde relativt stor oppslutning om NS under okkupasjonen. Motstandsrørsla vart etter kvart organisert både sivilt og militært, det siste med ei milorgavdeling basert i Nordberg. Den mest dramatiske krigshendinga i Skjåk var ein Gestapo-aksjon i samband med jakta på ein milorgmann i Bråtå i mars 1945.

Historia etter 1945

Utdjupande artikkel: Skjåks historie etter 1945

Folketalet i Skjåk kulminerte i 1950-åra med noko over 3000 innbyggjarar. Sidan har folkesetnaden vorte redusert til ca. 2300 (i 2009).

Frå om lag 1970 har Bismo vorte utvikla som kommunesenter, mellom anna med nytt kommunehus frå 1968 og ny ungdomsskule frå 1975. Enda ei tid seinare kom det idrettshall (1979), svømmehall (1981) og kjøpesenter. Det er utbygd mange bustadfelt, og det har vorte etablert fleire bedrifter, mellom anna innan mekanisk industri der.

Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen vart opna (2006 og 2009). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.

Kultur, kunst og handverk

Utdjupande artikkel: Kultur, kunst og handverk i Skjåk

Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader (flamskvev), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som Skjåk-Ola (Ola Rasmussen Skjåk eller Teigroen 1744-1803) og Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er Fel-Jakup eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast Torkjell Auale (1863-1940), Kristen Vang (1902-1979) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976). Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, Tore Ørjasæter (1889-1968) og Jan-Magnus Bruheim (1914-1988)

Ordførarar

Utdjupande artikkel: Ordførarar i Skjåk kommune

Medan Skjåk var ein del av Lom kommune frå 1838 til 1865, var ingen av ordførarane frå Skjåk. Derimot var skjåkverane Ola Persen Ånstad (haugianaren "Ånstad-Sygn") og Ole Sivertsen Hyrve varaordførarar. I det fyrste tiåret som sjølvstendig kommune vart soknepresten Otto Ottesen vald til ordførar. Etter hans tid har det vore ein overveldande dominans av gardbrukarar i rekkja, knytta til Venstre og Bondepartiet/Senterpartiet. Den einaste arbeidaren blant ordførarane har vore Ole O. Langleite, og han er også den eine av berre to sosialistiske ordførarar i ei bygd der Arbeidarpartiet og Bondepartiet/Senterpartiet har vore nokså jamvektige alt frå 1930-åra av. Den fyrste og hittil einaste kvinneleg ordføraren er Margit Grimstad Lien (1988-1995).

Kjende personar frå Skjåk

Sjå òg

Referansar

  1. Statistisk sentralbyrå: Befolkningsstatistikk. Befolkningsendringer i kommunene.

Kjelder og litteratur