Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sjå også artikkelen Skjåk.
Skjåk
0513 Skjak komm.png
Basisdata
Historisk(e) navn Skiaker
Kommunenummer 0513
Fylke Oppland
Kommunesenter Bismo
Areal 2075.53  km²
Areal land 1976.7  km²
Areal vann 98.83  km²
Folketall 2 245 (2015)
Grunnlagt 1866
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Skjåk kommune ligg i Oppland fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom frå 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Skjåk er også eige lensmannsdistrikt. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.

Folketalet i 2012 er 2307. Det har vore ein nokså jamn nedgang frå midten av 1950-åra, da folketalet var på topp med 3038 innbyggjarar (1956).[1]

Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda.


Referansar

  1. Folketalsutvikling 1951-2012 (SSB)