Skulehus i Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over skulehus i Fyresdal kommune

Skulehus i Fyresdal kommune er ei oversikt over når dei er bygd og kva er det blitt til med dei, - ein generell oversikt. Byrjar i nord i kommunen og ser på skulehusa som bygningar:


I åra frå 1777 til 1869 var skulestaden for det meste Klokkargarden. Likevel vart det enkelte år leigd skulerom annan stad inntil skulehuset på Meinstad vart bygd.

Veum skule og Kilegrend skule har fått større tilbygg som saman med ein del av gamleskulen fungerer som grendehus, den andre delen av roma har ikkje funne sikker ny bruk enno i 2011.

Gimle skule er etter kvart mykje påbygd og er den einaste skulen på barne- og ungdomstrinnet i Fyresdal kommune i 2011. Denne ligg i sentrum av kommunen, like ved Moland kyrkje, Klokkargarden og skulegarden Meinstad.

Fyresdal kommune har halde skulehusa i grendene godt ved like til bruk for grenda slik at dei er vidareførde som grendehus etter at skulen som samlingsstad er nedlagd. Dermed har dei framleis ein sentral plass. Det er likevel ikkje til å kome frå at mykje endrast med tida og etter grundig vurdering vart Veum skule rive i 2011 og Birtedalen skule i 2017.


Utforming av sjølve bygningane

Fyresdal har eit vidt spekter av skulehus:

Ein type der tømmerkassa er dela inn i eit stort rom (skulestove), og eit mindre rom som igjen vart dela i to slik at ein fekk ein gang inne i huset og eit rom for læraren: Her har vi gamle Hegglandsgrend 1863, Kleivgrend 1867, Valebjørg 1867 og gamle Åsland 1863. (I samsvar med typeteikning av Binneballe henta frå Departementets typeteikningar.)

Klokkargarden 1777 har truleg same planløysinga i fyrste, men her er to fulle høgder, og den er og nytta som hovudbygning på gard.

Kyrkjestoga 1861. Der var fire rom: Ei skulestove, eit rom for læraren, eit for presten der han kunne kle seg om etter køyreturen frå prestegarden, og eit der kyrkjelyden kunne ordne seg.

Meinstad 1869 med skulestove og husvære for kyrkjesongar, teikningar frå 1866 mykje i samsvar med Feragen sine? (Der er nye golv i fyrste høgda, elles er skulesalen intakt. Dei andre roma i fyrste er kledd, litt endra. Gangen oppe, dei to soveroma i gavlane, kotta på sidene, alt der ser ut til å vere uendra.) (I samsvar med Feragens illustrasjon 1861 i Den Norske Folkeskole.)

Planskisse Meinstad 1866

Så får vi ein periode der skulestove og bustad for lærar båe får inngang frå eit langsgåande bislag utanpå bygningen: Hauggrend 1900 med skulestove og to rom for lærar og Fardal 1908 med skulestove og 2 rom for lærar. (Ein av Binneballes typeteikningar?)

Så vart gangen trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar: Åsland 1926, Birtedalen 1922, Breivik 1919 med 1 ½ høgd der det ikkje vart innreidd ovanpå, og Hegglandsgrend 1913 likeeins 1 ½ høgd der det etter kvart vart innreidd bustad/sløydsal ovanpå. Veum 1910 med to høgder der det i den eine delen av 2. høgda var husrom for lærar. Gang langs lengda på huset.

Kilegrend 1915, prega av byggeåret, som brann i 1945. To høgder, to salar nede, ikkje innreidd 2.høgd. Dette nye bygget var prega av perioden det vart bygd i, med uvanleg arkitektur for skulehus her i bygda.

Gamle Gimle 1905, stor bygning i 2 høgder, 2 klasserom i kvar høgde med langsgåande gang. I eine enden 2 rom i fyrste høgd med eigen inngang, og lærarbustad i 2. høgd med tilkomst frå felles gang. Hovudinngang på bakre langside. (Den vart nytta av tyskarane under krigen til russiske krigsfangar og ikkje teke i bruk etter krigen då ein var redd smittefaren. Den vart lenge nytta til lager under byggeperiodar ved den nye skulen og vart fyrst rive ca. 1965, og då nytta til hytte.)

Nye Gimle vart bygd i 1947 og nye Kilegrend i 1950.

Kjelder og litteratur

  • Nettstaden Skolehuset
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989, Fyresdal skulestyre 1989.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte, fyrste utgåve 1910, Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania.
  • Mydland, Leidulf: «Skolehusene». Artikkel i Fortidsvern 1/2007.