Snøtun (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøtun
Snøtun-oversyn.JPG
Snøtun med Reina (Røysi) til venstre og nye Krundalen skule i høgre kant, sett frå stølsvegen opp mot Røykjadalen i sør
Alt. namn: Snetun, Biørnnetun (1600)
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 209

Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.

På Snøtun låg Krundalen skule, som alle heimane under Snøtun sokna til fram til nedlegginga i 1963. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.

Nyryddinga

Snøtun er ikkje nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, presteskattelista frå 1596.[1] Her er det derimot nemnt to bruk på Kronen (Kruna) og fire i Kronnedal, og det er rimeleg å tru at Snøtun har vore eitt av dei fire. Det kan tyde på at gardsnamnet Snøtun ikkje hadde fest seg i vanleg bruk på den tida, og at namnet kanskje ikkje er eit mellomaldernamn i Jostedalen.

I jordeboka for leidangsskatten 1600 er fleire av Krundals-gardane namngjevne, og her støyter me på Christopher Biørnnetun.[2] Frå 1611 og utover nemner skattelistene garden Snøtten eller Snøttem,[3] men desse åra støyter me òg på namneforma Snethun, som etter kvart vert den vanlege.

I futrekneskapen for 1597 er elles Christopher nemnd i båe sakene der jostedøler betalte bøter (sakefall), i båe som den fornærma.[4] I den eine saka fekk Paul Fåberg bot for å ha beligget Anne, Christoffers Quinde j Cronnedall. I den andre saka fekk Einner j Justedallen bot for hand slogs Christoffer j Krondall at blodit gick wd aff hans hoffuidt. Christopher er ikkje nemnd etter 1600. Lars Øyane meiner han kan ha vore frå Nordfjord og ein av pionérane i Jostedalen.

Overgang til sjølveige

Tunet i Snøtun med hovudbruket til høgre og Reina (Røysi) til venstre.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Gerhard Munthe (1726–1785) som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta. Det hadde truleg samanheng med at Snøtun sidan 1730-åra (og fram til 1790-åra) var lensmannsgard, og at brukarane i denne perioden såleis måtte reknast til eit elitesjikt i bygda.

Snøtun vart ikkje verande i lokalt eige så lenge. Den 26. oktober 1758 fekk sonen til Tøger, lensmann Otto Tøgerson Snøtun, skøyte på garden, men Jens Munthe tok garden på odel (27. mars 1760). Det vart såleis den neste leiglendingen, Anders Pederson Snøtun, som vart sjølveigar for godt då Jens Munthe selde unna ei rekkje jostedalsgardar 28. juli 1778 (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Bruksdeling

Frå 1792 til 1795 budde eigaren av Snøtun, Peder Andersson Snøtun, på husmannsplassen Bakkane slik at Bakkane då ei tid var hovudbruket på garden. Eigaren Peder delte Snøtun i to jamstore bruk, Snøtun og Bakkane i 1800, som kvar fekk 1 pund og 12 merker smør og 1/2 bukkeskinn i skyld. Delinga skjedde ved at den nemnde eigaren Peder heldt på Bakkane medan broren Ole Andersson Snøtun overtok det opphavlege bruket på Snøtun (skøyte 7. oktober 1800). Dette skjedde truleg etter ei usemje mellom brørne, for delinga kom i stand etter eit forlik i forlikskommisjonen.[5] I 1825 vart så Bakkane delt att.

Bruksdelinga vert dermed slik:

  • Bnr. 1 Reina (Røysi) - skilt ut ved delinga av Bnr. 2 Bakkane i 1825
  • Bnr. 2 Bakkane - tidlegare husmannsplass - skilt frå bnr. 3 Snøtun i 1800
  • Bnr. 3 Snøtun - det gamle hovudbruket

I tillegg er det utskilt nokre parsellar, mellom anna til skulehuset.

Husmannsplassar

Det har berre vore ein husmannsplass under Snøtun, Bakkane som vart rydda kring 1774. Eigaren av Snøtun budde i Bakkane 1792-95, men elles var det husmannsplass til utskiljinga som eige bruk i 1800. Eigaren sjølv busette seg ikkje på bruket før i 1813, så fram til då har bruket vore utleigd.

Elleve av tretten gardshus i Bakkane vart teke av eit stort snøskred 26. januar 1849.[6] Ingen menneske kom til skade, men krøtter og avling gjekk tapt, og garden skal ha vore fråflytt nokre år. Tunet vart i 1870-åra flytt frå ca 150 meter ovanfor fylkesvegen til dagens plassering like ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen.

Personar frå Snøtun

Notar

  1. Presteskatten 1596 (Jostedal historielag)
  2. Jordeboka 1600 (Jostedal historielag)
  3. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  4. Sakefallspengar 1597 (Jostedal historielag)
  5. Laberg 1944, s. 61
  6. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°38′9″ N 7°13′2″ Ø