Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
«Sogn» har flere betydninger.
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Sogn og Fjordane fylke i landsdelen Vestlandet som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).

Sogn har eit samla areal på 10 675 km² [1] og har 36 644 innbyggjarar (1.10.07) [2]. Landskapet omfattar dei tolv kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal. Sogn er eit av de 15 distrikti som gjerne vert rekna til landsdelen Vestlandet.

Distriktet kring den storslegne Sognefjorden har mange vidkjende reisemål og attraksjonar, inkludert Norsk Bremuseum i Fjærland ved Jostedalsbreen, Flåmsbana og den UNESCO-lista Nærøyfjorden i Aurland; og dessutan stavkyrkjene i Borgund, Undredal og Urnes (UNESCO). Området er òg kjent for fruktdyrking og har fleire gode lakseelvar, på Lærdalsøyri ligg Norsk Villakssenter. Sogn er eit populært reisemål for cruisetrafikk og grensar til Jotunheimen i aust.

«Nyere Dragt fra Indre Sogn i Bergensstift» (1822) (akvarell av Johannes Flintoe)

Folk frå Sogn vert kalla sogningar og snakkar sognemål. Sognebunaden kjem frå området.

Administrative inndelingar

Organisasjonsliv

I Sogn finst det iallfall to kystlag, nemleg Indre Sogn kystlag frå 2003 og Ytre Sogn Kystlag frå 2011. Båe er medlemmar av Forbundet KYSTEN.

Museum

I Lærdal ligg Norsk villakssenter.

Lenkjer

Fotnotar

  1. statkart.no: kommuneareal
  2. ssb.no: befolkningsendringer

Kjelder

Sogn (distrikt)Wikipedia på bokmål og riksmål