Sogndalstrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sogndalstrand mai 2010.
Foto: Jarle Vines

Sogndalstrand er ein tettstad i Sokndal kommune, mellom Rekefjord og Jøssingfjord og like sør for kommunesenteret, Hauge i Dalane. På 1600-talet voks det fram ein strandstad her med næringsverksemd knytta til handel, sjøfart og fiske. I dag framstår Sogndalstrand som ein idyllisk tettstad med verneverdige trehus. Det er ein møteplass for folk i området og eit attraktivt turistmål.

Frå strandstad til ladestad

Strandstaden Sogndalstrand oppstod seinast i løpet av første halvdel av 1600-talet. Dei rike fiskeria i området, særleg på Sira-grunnen, var ei viktig medverkande årsak. Kjøpmenn, skipparar, sjøfolk og ein del handverkarar slo seg ned her. Ifølgje ein kommisjonsrapport frå 1653 blei det importert atskillige varer og kjøpmannsgods til Sogndalstrand og eksportert mellom anna hestar, huder og skinn, smør, talg, laks og annan fisk. Sokna, som har utløp ved Sogndalstrand, var ei svært god lakseelv. Ein tollbetjent skal ha halde til i Sogndalstrand seinast i 1640-åra. Frå 1699 til 1738 høyrde tollstasjonen her til Flekkefjord tolldistrikt, før han på ny kom under Stavanger. Den næraste konkurrenten til Sogndalstrand var Egersund. Begge stadene opplevde ein vekst i skipsfarten utover 1700-talet, særleg frå 1740-åra av. Forutan lokal småskipsfart, satsa reiarane også på varetransport mellom Bergen og Austlandet, delvis til fortrengsel av borgarane i Stavanger. Kring 1750 var 17 skip heimehøyrande i Sogndalstrand. Mellom dei kjøpmennene og skipsreiarane som gjorde det godt, var Bjørn Kjeldsen. Han døydde styrtrik i Sogndalstrand i 1693. Nettoformua i buet utgjorde 4600 riksdalar. Då var ikkje 112 gardar og gardpartar, samt hus og laksefiskeri, medrekna. Ein som markerte seg i første halvdel av 1700-talet var Jan Jacobsen Kielland. Sønene hans, Gabriel Kirsebom Kielland og Jacob Kielland, etablerte seg som kjøpmenn i Stavanger.

Kva status Sogndalstrand eigentleg hadde på 1700-talet, ser ut til å ha vore noko uklart. Var det ein strandstad utan privilegier eller ein ladestad med visse rettar? Amtmann Scheel halla rundt 1790 til den siste oppfatninga. Han viste til at Sogndalstrand var nemnt i tollforordningane av 1683, 1691, 1732, 1762 og 1768. Dette medførte ifølgje amtmannen at dansk korn kunne importerast til Sogndalstrand og at varer til og frå byar i Norge kunne lastast, lossast og fortollast her. Ein kongeleg resolusjon av 18. juli 1798 avklarte spørsmålet. Ved dette høvet fekk både Sogndalstrand og Egersund i praksis status som ladestader. Resolusjonen slo fast at det skulle opprettast et nyt Tolddistrict for Egersund og Soggendahl under Christiansands Stift hvilke Steder er forundt Frihed at losse tilladte fremmede, og udskibe indenlandske Vare, uden at skibene anløbe Stavanger eller gjør Toldklarering Sammesteds, og skal paa hvert af disse to Steder ansættes en Told-Opsyns og en Told-Oppebørsel-Betjent. Med dette hadde Rogaland fått to nye byar i tillegg til Stavanger.

Stor aktivitet på 1800-talet

Ved folketeljinga i 1801 vart det registrert 31 hushald med til saman 106 personar i Sogndalstrand. Blant mennene finn vi yrke som skipsreiar, skippar, styrmann, matros, los, fiskar, snekkar og smed. Dessutan budde det menn med same yrke på fleire av gardane i nærleiken, som nok også i stor grad må reknast med til dette miljøet. Dei to tollbetjentane heldt til på prestegarden Eik.

I første halvdel av 1800-talet opplevde Sogndalstrand ein sterk vekst. Det rike sildefisket skapte stor aktivitet. Eksporten av klippfisk, laks, hummar og makrell tok seg også opp. Både menn og kvinner arbeidde på ishusa med å klargjera fersk laks og makrell. Hollandske brønnbåtar henta levande hummar for transport til mellom anna England og Hamburg. I 1846 vart Sogndalstrand og Rekefjord skilt ut frå Sokndal landsokn som eigen kommune. Bakgrunnen var den sterke veksten i folketal. Sogndalstrand og austlege del av Rekefjord hadde på denne tida om lag 500 innbyggjarar. Her kom eigen skule i 1833, postopneri i 1843, sparebank i 1863 og telegrafstasjon i 1866.

Briggen "Vidar" er truleg det mest kjente seglskipet frå Sogndalstrand. I 1866 tok "Vidar" under kommando av kaptein Alfred Nielsen seg opp St. Lawrence elva og over dei store innsjøane til Chicago. Berre nokre få seglskip hadde greidd denne turen tidlegare. Mottakinga var difor strålande. Kring 1870 fekk Sogndalstrand sitt første dampskip. Det var "D/S Fiskaren" eigd av C. Herlofsen rederi. Skipet blei sett inn i rute mellom Trondheim og Christiania. Kort tid i førevegen hadde barken "Sogndal" forlist utanfor Yarmouth, og dei 14 mennene om bord, som alle var frå Sokndal, omkom. "Fiskaren " forliste også, ved Gamle-Hellesund i 1883, men heile mannskapet vart berga.

Det kom industri til Sogndalstrand på 1800-talet. I 1886 starta A/S Soggendals Spinderi og Væveri. Eit fargeri vart også etablert i tilknytning til verksemda. Spinneriet eksisterte i om lag 60 år, men drifta var sjeldan heilårleg. I 1947 blei den store bygningen riven. Ein liten såpefabrikk var i drift ein periode i 1880-åra.

I 1870-åra hadde Sogndalstrand mellom anna 20 butikkar, 4 bakeri, 2 brennevinshandlarar, 4 skjenkestover, tollstasjon, lensmann, distriktslege og jordmor. Kommunehuset blei reist i 1897.

Nedgang og nye visjonar

I byrjinga av 1860-åra starta gruvedrifta i Sokndal. Rekefjord var i kring ti år malmhavn, men drifta blei nedlagt. Då gruvenæringa kom i gong att i 1919 blei Jøssingfjord utskipshavn. Det at Den sørlandske hovedvei blei lagt nord for Sogndalstrand, bidrog også til at staden kom meir i bakgrunnen. Aktivitetane knytta til fiskeri og skipsfart gjekk tilbake etter 1900. I mellomkrigstida prega fattigdom på mange vis den tidlegare ladestaden. Tilbakegongen kom til uttrykk ved at Sogndalstrand og Rekefjord i 1944 på nytt vart slått saman med Sokndal kommune.

Frå slutten av 1900-talet kom det ein ny giv i Sogndalstrand. Mange hus vart restaurerte og fylte med ny aktivitet. Kulturhotellet, galleri og små butikkar trekkjer turistar til staden, om lag 60 000 i 2007. Her er også eit sjø- og fiskerimuseum som er del av Dalane folkemuseum. Den restaurerte sjøhusrekkja ved utløpet av elva er blitt varemerket for staden. Sogndalstrand har no kring 80 innbyggjarar. Ein del bygningar blir nytta til fritidshus.

Litteratur

  • Barstad, Sven O.: Sokndal-bygden i tekst og billeder. Eget forlag, 1941
  • Brandsberg, Reidar: Sogndal Ladested, Sokndal og Egersund i eldre og nyere tid. Eget forlag, 1988
  • Elgvin, Johannes: En by i kamp. Stavanger bys historie 1536-1814. Stavanger kommune, 1956
  • Grude, Egil Harald: Strandsted og ladested. Egersund fram til 1880. Egersund byhistorie b. 1. Eigersund kommune, 1996