Sola politistasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grannessletta sett mot sør frå Ullandhaug i februar 2011. Politistasjonen låg nokså midt på sletta.

Sola politistasjon blei etablert sommaren 1940 etter oppmoding frå lokale politikarar, mellom anna ordføraren i Sola kommune, slik at dei kunne ha tilsyn med evakuert eigedom i Sola. Ganske snart blei funksjonen utvida til å regulera tilhøva mellom okkupant og okkupert både i Sola og i tilgrensande bygder. Her var det solafolk søkte om løyve om dei skulle dra lenger enn tri mil. Men kanskje viktigast; var nokon misnøgd med okkupantane, kunne dei klaga her. Andre viktige roller som låg på Sola politistasjon, var å fungera som luftvernstasjon og naudhjelpstasjon for dei sivile kring flyplassen. Difor tok politistasjonen også initiativ til å bygga splintsikre rom på dei mest utsette gardane.

Fram til 1. mars 1942 var politifullmektig Sirevåg sjef. Sidan tok politiløytnant Arne Bang Andersen over. Personalet elles var opphavleg fire politikonstablar og ei kontordame, men blei i løpet av 1942 redusert til ein konstabel og ei kontordame attåt sjefen sjølv. Stasjonen disponerte to bilar, men bensinrasjoneringa tvinga konstablane på sykkel når det var praktisk mogeleg. Månadsforbruket av bensin svara til hundre liter!

I løpet av 1942 hadde stasjonen 1140 ekspedisjonar, ei dobling sidan året i førevegen. Av dette var 217 reine brotsverk medan resten anten var forsjåingar eller saker som galdt relasjonane mellom solafolk og dei tyske okkupantane. Ei årsak til auken i arbeidsmengd, var at heile fylket etter kvart kunne rapportera inn tvistar med dei tyske okkupantane til politistasjonen. For 1942 blei konfliktane med tyskarane i fire av fem tilfelle ordna slik måte at klagaren blei tilfreds. I 40 % av tilfella kom tyskarane med full tilståing medan det like ofte blei kompromiss. Aktiviteten til politistasjonen resulterte også i at tyskarane betalte direkte to millionar 2010-kroner i erstatningar til sivile grannar.

Eit døme på koss ei klaga vart handsama, har me frå hausten 1942. Den femte oktober det 1942 fekk sjefen for Sola politistasjon, Arne Bang Andersen, telefon frå kaptein Freisler, sjef for den tyske avdelinga i Tananger. Han ville ha betre kontroll med trafikken over hamna og kravde at alle som skulle ut og inn i hamna måtte varsla om tidpunktet på førehand. Dei som ikkje varsla på førehand, ville tyskarane skyta etter. Tollar Jensen skulle vera kontrollør med Grant Meling som varamann For fiskarane i Tananger var dette ei upraktisk og helsefarleg ordning. Dei kontakta politikammeret og klaga til Arne Bang Andersen. Han tok klaga vidare til den tyske hamnekapteinen i Stavanger. Etter nokre undersøkingar greip han inn og gav kontraordre. Etter det fekk fiskarane og andre trafikkera hamna etter behov.

Eit anna typisk døme, var saka til Berta Sola. I ein tidleg fase av krigen, blei huset til Berta Sola rive og lagra ved Hagakrossen. Tanken var at ho med tid og høve skulle få sett huset opp att. Men så ein dag sommaren 1942 kom det ein brysk tysk soldat og spurte om dei kunne få kjøpa materialane hennar. Berta blei skræmd av dette og trudde ikkje ho kunne nekta tyskarane å forsyna seg. Berta klaga sidan til Ellen Stangeland som i sin klaga lensmann Rasmus Mæhle. Og Mæhle ringde til den 10. august til Sola politistasjon og ba dei sjå nærare på denne saka.

Politistasjonen fylgde opp og sende konstabel Halvorsen til Hagakrossen for å sjekka kva som var i ferd med å skje. Der kom han over ein tysk underoffiser som var i ferd med å måla opp materialar. Konstabelen kravde rekvisisjon for å fjerna materialar. Då tyskaren ikkje kunne visa til noko slikt, la den norske politimannen ned forbod mot å fjerna med materialar. I samtalen fekk han elles vita at det var kaptein Vetter i den tyske ”Bauleitung” som hadde gitt ordre om å ta av lageret. Arne Bang Andersen fylgde sidan saka vidare opp til topps i den tyske byggeleiinga og enda opp hjå ein oberst Schwier. Han kjende ikkje saka, men lova å starta undersøkingar i eigen organisasjon. Neste dag ringde Obergefreiter Rückert og tilsto at dei hadde teke materiala. Men det hadde skjedd heilt friviljug frå Berta si side mot lovnad om ei betaling etter høgste dagspris. Neste steg var å trekkja inn Sola forsyningsnemnd. Der kunne styraren, Torger Sande, opplysa at Berta hadde fått løyve til å setja opp huset sitt att i Høyland. Det kunne difor ikkje koma på tale at den tyske okkupasjonsmakta kunne forsyna seg av materiala. Bang Andersen ringde då tilbake til Rûckert og kravde at den materialen som tyskarane hadde teke på ulovleg vis, straks blei returnert til lagerstaden.

Dette skjedde likevel ikkje. I staden fekk Andersen etter eit par dagar telefon frå den norske arbeidsformannen at materiala var frakta til bedehuset i Randaberg som forskaling til ein brønn der. Konstabel Andersen drog då til Randaberg. Der viste det seg at to norske arbeidarar etter tysk ordre hadde drive og sagd opp materiala. Andersen avhøyrde då arbeidsformannen. Han fortalde at i månadsskiftet juli-august hadde dei fått ordre frå det norske firmaet dei arbeidde for å henta nokre materialar i Hagakrossen. Medan dei heldt på med dette, dukka lensmann Mæhle opp og kravde at dei la materiala tilbake. Dette var privat, norsk eigedom, let han om. Dei gjorde då som lensmannen sa og drog sidan bort. Sidan kom den tyske underoffiseren som leia byggearbeida i Randaberg og kravde at dei skulle henta materiala i Hagakrossen. Dei viste då til forbodet frå lensmannen. Underoffiseren sende i staden to andre norske arbeidarar for å henta materiala.

Etter dette oppsøkte Andersen den tyske underoffiseren og konfronterte han med det han hadde fått vita. Han kravde at tyskaren skulle ta han med dit materiala var. Det viste seg då at det meste var nytta i samband med brakkebygging i Randaberg. Han unnskyldte seg med at han trudde det var tysk eigedom. Enden på det heile var at tyskarane laut frakta tilbake alle materiala som var att. For det dei hadde brukt, blei Berta tilkjent full erstatning.

Illustrerande var også saka Silas Tjora fremja for politistasjonen. Rett vest for husa på garden hans låg ein tysk stilling. Der heldt dei ein stor sjæfer som vakthund. Beistet plaga sauene til Silas i slik grad at han ikkje kunne ha dei ute om nettene. Difor klaga han til Sola politistasjon, og saman med Bang Andersen tok han turen til sjefen for det tyske batteriet. Resultatet var forsikring om at tyskarane for framtida skulle ta betre vare på hunden og halda han borte frå sauene.

Heilt frå starte av krigen irriterte bøndene i Sola seg over fjerning av steingjerde som ikkje bare var hegn, men også ofte markerte grenseliner. Hjå Hans Slethei på Risa bygde tyskarane sommaren 1943 veg. Ikkje bare forsynte dei seg av stein frå steingjerdene til Hans, dei sprengde steinen slik at han flaug ut over markene hans. Då dei også tok nokre store steinheller som låg over brønnen hans, rann det over for Hans. Difor møtte Hans opp på politistasjonen på Grannes og bad om at dei måtte ta affære. Same dag som han fekk klagen, la politikonstabel Peder Halvorsen klaga fram for dei tyske soldatane. Det heile munna ut i at soldatane både slutta å ta stein frå steingjerdet og å driva sprengingar på eigedommen. Hellene blei lagde tilbake over brønnen og dei lova i det heile at dei for ettertida skulle halda seg til eit steinbrot som ikkje var til ulempe for Hans.

Marselius Ølberg hadde også vanskar med tyske grannar. Det var piggtrådsperringane som var problemet. Nå ville Marselius ha løve til å setja eit gjerde langs sperringa for at ikkje buskapen hans skulle koma borti og riva seg opp. Dessutan låg det også ein heil del piggtråd over beitemarka hans. Det var fare for at buskapen skulle riva seg opp i dei og alt dette avskar buskapen frå dette beitet. Marselius tok difor kontakt med Sola politistasjon og 21. mai 1943 heldt han og Arne Bang Andersen synfaring. Dinest oppsøkte Andersen sjefen for den tyske stillinga. Det heile enda med ein avtale som gav Marselius medhald på alle punkt. Tyskarane skulle fjerna piggtrådane frå markene medan Merselius fakk løyve til å setja opp eit gjerde som kunne skjerma mot piggtrådsperringa.

Tyskarane var sjølv interesserte i at jordbruket blei halde i hevd, og hadde eigne jordbruksansvarlege, Landwirtar, på flyplassane som skulle syta for at områda ved og kring stripene blei haldne produktive. Sivert Rugland var bonde på Skadberg og oppdaga fyrst i april 1943 at tyskarane var i ferd med å pløya opp markene hans. Han klaga til Sola politistasjon, og på ny rykka konstabel Peder Halvorsen ut. Nå var det Landwirten for Forus flyplassområde som laut svara for seg. Her dokumenterte han at denne eigedommen ikkje var lovleg konfiskert og at tyskarane såleis ikkje hadde rett til å gjera seg nytte av han. Landwirten lova å undersøka tilhøva nærare og dagen etter blei det slutt med pløyinga.

Okkupasjonsmakta kunne altså institusjonalisera tilhøvet til sivile grannar. At ho slik tok omsyn til norske grannar, kan både henga saman med at det var viktig å ha eit minst mogeleg konfliktfylt forhold til grannane til eit så strategisk viktig anlegg som Sola flyplass og tysk trang til orden og system. Sola politistasjon fungerer no som lensmannskontor underordna Rogaland politidistrikt.

Kjelder og litteratur