Soland Jonsen Østgaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Faksimile frå Michael Østgaards minneskrift over faren Soland Jonsen. 1827.
Soland Jonsen Østgaard (fødd i Os i Østerdalen 8. februar 1748, død same stad 11. juli 1826) var gardbrukar og handverkar på Nirstu Østgarden i Dalsbygda i Os. Han var far til Michael Østgaard og farfar til Nikolai Ramm Østgaard. Soland Jonsen var etter si tid og sin stand ein opplyst mann. Sonen Michael omtalar faren nettopp som ein opplyst bonde. Han hadde stor leselyst, og åtte sjølv «adskillige gode Bøger, især af Holberg».

Skrivemåten av namnet til Soland Jonsen følgjer her Michael Østgaard i den handskrivne Min Faders Minde frå 1827. I Bygdeboka for Os er skrivemåten lagt nærare det ein kan rekne med var den lokal uttalen i samtida, i moderne rettskriving: Solan Jonssen Østgarden, i daglegtale Solan Nirsen (dativ av bruksnamnet Nirstu.)

Innhold

Familien og garden

Nirstu Østgarden 31. mai 1907, bryllaupsdagen til Ole Andreas og Oline Østgaard. Ole Andreas (1880-1964) var tippoldebarn av Soland Jonsen.

Soland Jonsen overtok garden Nirstu Østgarden (gnr. 133.1) etter foreldra Jon Solanssen (ca. 1717-1784) og Ingrid Olsdotter frå Øvre Østu (ca. 1719-1794). Soland dreiv garden frå 1780 til 1814, da han overlet den til eldste sonen Jon (1773-1850).

Soland Jonsen gifta seg i 1770 med Marit Persdotter Trøa (Trøen) (1751-1838). Dei fekk 14 born saman. Ni av dei er omtala i bygdeboka. På folketeljingstidspunktet 1801 bur framleis seks av borna heime. Dei var i alderen 11 til 28 år. Dei to eldste, Jon (28) og Per (21) er oppførde med eigne yrke som høvesvis snikkar og skreddar. Hushaldet omfatta dessutan to mannlege og to kvinnelege tenestefolk. Storleiken på hushaldet med så vidt mange vaksne arbeidsføre folk, tyder på at Nirstu Østgarden var eit etter måten stort gardsbruk i fjellbygda.[1]

Handverkaren

Gardbrukar Soland Jonsen har i folketeljinga 1801 tilleggsyrket snikkar. Han var særleg kjend som rokkemakar, og rokkane hans vart selde langt ut av bygda. Elles var han både stolmakar, målar og smed og jamvel klokkemakar. Han hadde openbert eit mekanisk talent, og laga i ungdomen mellom anna eit stoveur som gjekk enno i hans alders år. Han laga dessutan fleire solskiver (solur) «efter Mathematikus Fæhters Anviisning i et Skrift».[2]

Hyllingsdikt til Karl Johan

I 1818 overvar Soland Jonsen Karl Johans kroningsreise, da følgjet gjorde ein stans på Os skysstasjon. Soland Jonsen framførde da to sjølvlaga hyllingsdikt, eitt for kongen og eitt for kronprinsen (den seinare kong Oscar 1). Soland vart beden om å levere avskrift av dikta på Røros medan kongefølgjet enno var der. For umaken fekk Soland pengar, ein kroningsmedalje og kongeleg løfte om ein årleg pensjon på 10 spesidalar.

I Den norske Rigstidende vart Soland Jonsens framføring omtala som eit døme på at «en Fjeldbonde havde viist sig som Improvisator». Da sonen i Min Faders Minde kom inn på dette, kunne han røpe at faren nok ikkje hadde improvisert, men hadde tenkt ut versa i hovudet under ein fisketur til Setersjøen.

I sonens attgjeving lyder kongediktet slik:

TIL KONGEN
Velkommen vær du Store Nordens Herre
Vi har Dig kjær, thi glade Haab vi nære,
Vort Fremtids Vel vi klart imøde seer
Reis lykkelig og modtag Norges Krone
Og sæt Dig saa paa Skandinavisk Throne
Til Nordmands Held.
Urokkelig som Norges Fjeld og Tinde
Hver Nordmands Troskab er og var fra Arilds Minde.
Og bliver ved saaalænge Verden staaer.
Ja, Kongen tro det vil vi alle være.
Vi veed at Omhu Han for sine Nordmænd bære.
Dig Konge Held.
TIL KRONPRINDSEN
Vi heller ei Dig, Kronprinds vil forglemme.
Men samtligen det Ønske høit istemme,
Du leve maa i mange Snese Aar.
Træd engang lykkelig paa Fædres Throne.
Og bær en dobbelt Arv, en dobbelt Krone,
Med sølvgraae Haar.

Michael Østgaard føyer denne kommentaren til si attgjeving av versa: «Som Product af en Bonde er den ikke at forkaste. At han siger du til sin Konge behøver ingen Undskyldning. Det røber ærlig Normands Troskyldighed.»

Kjelder og litteratur

  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os. Bygda og folket. Bind I. Os kommune 1999.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.
  • Østgaard, Michael: Et kort Omrids af Michael Østgaards Liv af ham selv, 1845. Utrykt manuskript, her er i avskrift ved Erling Ramm Østgaard, Drammen, september 1952.
  • Østgaard, Michael: Min Faders Minde. Trondhjem, 7de Febr. 1827. Utrykt manuskript, her i avskrift ved Einar Østgaard ca. 2002.
  • Østgaard, Ragnhild: Utrykte slektstavler 1941.

Referansar

  1. Solan Jonsen i folketeljinga 1801 for Tolga prestegjeld frå Digitalarkivet.
  2. Min Faders Minde
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy